søndag 1. august 2010

Uzumaki Naruto

He ej nokon gong fortalt dej kor herlig Naruto animeserien e?

Naruto e ein liten blond gut utan foreldre som gjer ugang i ninjabyen Konoha. Han er ein elendig ninja, men er heilt overbevist om at han ein gong skal verte Hokage, noko som kan kallast omlag det same som ein statsminister, eller president om du vil. Det er uansett den sterkaste ninjaen i byen. Naruto er ikkje som alle andre born, han har eit monster forsegla inn i seg. Den frykta ni hala reven som for lenge sida øydela heile byen.

I serien følger me Naruto og dei vennane han etterkvart skaffar seg, gjennom forskjellige oppdrag og eventyr. Me følger veksten og all lærdommen Naruto tek til seg, og ikkje minst utviklinga. Det handlar også mykje om folka rundt Naruto, og ikkje minst forholdet mellom Naruto og Sasuke (som er "erkerivalen" til Naruto, samstundes som ein veldig god venn).

Sjølve Naruto serien er på 220 episoder. Dette handlar om Naruto som 13 åring. Etter episode 220 har me eit tidshopp der Naruto trenar med Jiraya, og byrjar dermed "tre år seinare" i serien Naruto Shippuuden. Den har per i dag gitt ut 171 episode, men der kjem stortsett nye episoder kvar torsdag.

Naruto stammar frå mangaen (japansk teikneserieblad) med same namn. Animeen (japansk teiknefilm) har dermed fylt ut litt tid for å ikkje nå igjen mangaen med noko me kallar fillers. Dette er episoder med handling som ikkje foregjekk i mangaen (som en kan kalle den "originale" Naruto historia). Viss en v unngå dei verste filler arcene (kapittel, eller so kalla delar som omhandlar eit visst tema) så kan ein sjå følgande episoder i Naruto serien: 1-100, 107-135 og 220. Eg vil også anbefale å sjå episode 101 berre fordi den er morosam.

I shippuuden har eg ikkje satt meg opp ei slik oversikt, men der er nokon episoder som ein trygt kan hoppe over der også, men som likevel kan vere litt interessante å få med seg. Eg håpar du har fått eit inntryk av Naruto. Mest sannsynleg synes du sikkert det høyres kjempe teit ut!

Så koffor likar eg Naruto?
Det er til tider kjempe morosamt (sant nok med en tragisk humor, men den passar meg ypperleg), det er spennande, episk og "magisk". Eg har også danna meg ei forhold til karakterane og synes det er spennande og sjå korleis dei utviklar slossteknikkar, korleis dei utviklar seg i forhold til andre, og kven dei sloss mot, og om dei oppnår dei måla dei satt som yngre.Kvifor er Gaara min favoritt?
Sinnsjukt ondskapsfull, enormt einsam, forlatt.. Alt forandra til det betre via Naruto. Ej veit ikkje koffor ej lika Gaara so godt, men han vekke minne for mej, og ej gjenkjenne mykje av smertene hass, d e vel d en kan kalle å "føle med han". Kanskje han til og med gjenspegla dela av mej. Hekje analysert han so mykje, men han e min favoritt person i serien, trass i at han nesten aldri e med i episodene lenger. D e alltid ein bonus når Gaara dukka opp. Han er rett nok ein hardbakka EMO, men kven bryr seg om slikt? Han har ei herleg personlegheit gjennom animeen.

Dagens visdom:
Dattebayo!

Ingen kommentarer: