Om meg

Eg heiter Anita Løvik og bur på Lid/Berkneset i Volda kommune. Mi store interesse er hund og friluftsliv. Eg er utdanna adjunkt innan faga kroppsøving og musikk. I tilegg har eg nyleg tatt eksamen som trinn 1 instruktør for NKK.

Eg jobbar for tida som lærar på barneskule. I tillegg til denne jobben er eg også innom som instruktør for kvalpekurs (ØVHK), instruktør for dametrim eller andre ting eg tykkjer er interessant.

Innanfor hund trenar eg aktivt i hundesportane rallylydigheit og lydigheit. Eg driv også med spor og agility som hobby og sleng meg gjerne med på nye og spennande hundesportar. I tillegg hadde eg i 2014 mitt fyrste kull som oppdrettar av shetland sheepdog. Eg har ikkje registrert noko kennelnavn ennå, men det vil kome. Eg har kullplanar for 2018. Sjå eiga side for dette.

Mykje av tida mi går til å gå fjellturar, trene hund, eller vere saman med familia mi. Difor kan det til tider vere lite oppdateringar på denne heimesida. Dersom du vil følge oss aktivt kan det løne seg følge @ittadakimasu på instagram. Der er eg veldig aktiv.


For kontakt, send epost:
anita_lovik@hotmail.com