søndag 21. september 2014

Den nye familiemedlemmen..

 Dagane og ikkje minst vekene, flyg avgarde. Torsdag som var, vart denne herlegheita 9 veker.. Det vil seie det no er ei veke sidan søskena drog. Dette taklar ho eigentleg veldig godt, men Junah vart dermed plaga dobbelt så mykje. For tida går kvalpen berre under "Duracell". Ho er spinnvill og er sjeldan roleg. Mora var strake motsetninga då ho var lita.

Det er litt annleis å behalde kvalp frå eige kull, enn å få den i huset sitt ved 8 veke. Me slepp den "bli-kjent" fasa, og kan gå rett over på trening i form av sosialisering, miljøtrening og kvardagslydigheit. Dermed har ho opplevd mykje allereie. Ho har derimot ikkje fått eit endeleg namn. På stamtavla heiter ho "Awesome Meera", så Meera er sjølvsagt eit alternativ, men eg vert ikkje einige med meg sjølv.
Her er ei lita, artig  samanlikning mellom mor og datter. Øverst har me "Meera" 8 veker, nedst har me Junah 8 veker. Dei er jo ganske like eigentleg. Vert spennande dette!

Dagens visdom:
Run, run, run, run, run.. the end.

torsdag 11. september 2014

Kvalpane 8 veker - Eit eventyr tek slutt..

Åtte veker er gått sidan desse tre små kom til verda. Åtte veker har gått fort, men du kva me har opplevd på denne tida. Dei to fyrste vekene var det ikkje mykje liv i kassa. Då var det hovudsakleg å passe på at alle fekk i seg mat, og virka friske. Mot veke 3 starta det å kravle, mot veke 4 kom beina under, i veke 5 sprang det, og veke 6 tok det av. Utviklinga gjekk fort. I veke 7 sprang de fortare, var raskare, var meir nysgjerrige. Og no står me her, på det magiske talet 8. Snart skal de forlate dykkar kjente omgjevnadar å finne "roa" i ein ny heim.

Den siste veka har de fått vore på ekskursjon til Oslo. Jammen var det spennande å få springe tulling i Stryn, på Otta, på Lillehammer og til slutt i hagen i Asker. Så fekk de vere med i konfirmasjon. Der ville jo alle sjå dykk, og dokke herja rundt dei. De fekk treffe ein hund, og de fekk oppleve ei fotballbane. Opplevingane var mange. På vegen heim fekk de herje på Valdresflya. Det var stor stas. De var flinke å sove i bilen, så de hadde alt for mykje energi, også når me kom heim. 

I veka har me prøvd å oppleve mest mogleg. Vore med på kvalpekurs, tysdagstrening. Onsdag fekk de oppleve dykkar fyrste visitt til dyrlegen. Der fekk de helsesjekk, vart augelyst og chippa. No er de rett og slett registrerte. Eg trur nok det var litt ekkelt hjå dyrlegen, men ingen skade skjedde, så alt i alt vart det nok ei positiv oppleving!

I dag har gjengen sprunge på agilitybana i Ørsta. Der møtte me også Thareq. Det var ein modig gjeng som prøvde seg både på stigen og møna. Eg sprang berre rundt å prøvde å fange galne kvalpar i lufta så dei ikkje skulle slå seg. Dette var nok siste ekskursjonen me fekk saman alle 3. I morga reiser Arya, søndag reiser Sansa. Det vert bra tomt i heimen etter kvart.
 Arya. Tøffingen med mjuke sider. Hard utanpå, men mjuk inni. Pågangsmot og vilje, og utruleg rampete. Den fyrste som reiser. Heldigvis er ho van med bil, sidan ho skal heilt til Bergen. Der får ho det nok veldig fint!
 
 Meera. Lisjejenta mi. Ho reiser ingen stad med det fyrste. God som gull, lukkeleg og glad. Oppsøker og finner ut. Utbrytarkonge og rampunge. Håper eg skal få gje deg ein real heim.
 Sansa. Kosejenta med stort hjarte. Loyal og god. Sansa flytter til ny heim i Ulsteinvik på søndag. Der vonar eg at ho får alt ho treng og får det godt.

Dagens visdom:
May the force be with you..

onsdag 10. september 2014

Å eg minnast..

Tenk at det er heile fire år sidan du tok ditt siste pust her hjå meg. Tida renn fort. Her sit eg, med galne kvalpar som herjar vilt i stova, og ei fire år gammal tispe som vart erstatninga di. Eg klagar ikkje, på ingen måte. Eg har ei stor gåve hjå meg, her og no. Likevel er ingen av dei deg.
Gleda du gav, ditt nydelige lynne, måten du tok imot folk med logrande hale, eller logrande kropp. For du viste det så godt med heile deg. Glede og leik var stikkorda for deg. Du kom liksom ikkje lengre enn det. Alt var så perfekt, så bra, den sumaren i 2010. Den beste sumaren nokon gong.

Tenk at eg og du skulle få vere saman. Det skulle vore meir tid, så mykje meir tid. Vekene gjekk, du byrja vekse. Ingenting å klage på, berre glede. Du kyssa meg godt på kinne den dagen eg reiste heimafrå. Du visste jo ikkje at det var siste gang, det visste ikkje eg heller. Likevel logra du, og herja rundt deg. Så lukkeleg, så uskuldeg.
Saknet var stort på ferie utan deg. Telefonen gjekk varm heim om korleis du hadde det. Folket brydde ikkje eg meg om. Dagane gjekk, og alt såg ut til å fungere bra, både i utlandet, og der heime hjå deg. Så kom draumen.

Du døydde i draumen min. Eg var lamma av sorg. Eg gret og gret i draumen, eg var utrøysteleg. At du skulle forlate meg var heilt utenkjeleg. Det fyrste eg gjor når eg vakna var å ringe heim. Høyre om kvar du var. Den enkle følelsen. Du hadde det bra fekk eg beskjed om, og det hadde du nok også akkurat då. Dagen gjekk og den ekle følelsen forsvann.
Til ettermiddagen var me byrja planlegge heimreisa, då telefonen ringte. Den ekle følelsen kom attende. Eg ville ikkje ta han, men eg måtte. Sorga frå draumen, den grusomme følelsen og håpet om at det berre var eit mareritt slo meg ned.

På vegen heim ordla eg meg skriftleg på den einaste måten eg kunne.
Eg skreiv orda for deg, og stadfesta at du var vekk:

En logrende hale har sluttet å slå
silkmyke poter har sluttet å gå
den glede du gav meg har nå blitt til savn
til den gang vi møtes igjen i min favn

Så tomt det var i stova når eg kom heim. Så stille, så alt for stille. Ingen pota som dansa over golvet, ingen glede, ingen leik. Du var borte frå meg.
Eg tenkjer ofte tilbake og lurer på korleis det hadde vore om du var her ennå. 
Mi Sunny, du er så sårt sakna ennå. 

torsdag 4. september 2014

Kvalpane 7 veke!

 I dag fyller kvalpane heile 7 veke. Tida går så alt for fort, og om ei veke skal dei ut i den store verda å finne sine nye liv, aleine. I veka som har gått har sosialisering og miljøtrening vore prioritet. I helga hadde me besøk av ein mops. Denne syns alle saman var veldig rar, og mopsen såg helst den kunne få reise heim snarast råd. Etter besøket reiste eg og kvalpane bort til Amfi i Ørsta. Der slo me oss ned med kvalpegrind og leiker berre for å sjå på livet og venne oss til miljøet rundt oss. Det passerte masse ungar, vaksne, hundar og ikkje minst syklar. Nokre var så heldige dei fekk stoppe å halde dei søte små.

Energinivået har vore på topp heile veka. Mandag var dei med på kvalpekurs. Her fekk dei trene litt på å gå i band, og sjå litt på når andre trente hundane sine. Tysdag var det ny Tussatrening der alle måtte ta på og kike på gjengen. Der fekk dei også treffe mange rare hunda. Byrja å verte ok å vere der no. I går var me å sprang tulling på ei diger mark. I tillegg fekk kvalpane oppleve våte potar i elva. Sansa fekk eit ufrivillig bad også. Ho sprang rett og slett litt for fort ned ei skråning.

I dag har kvalpane vore med meg på arbeid. Dei har då fått helse på 56 sjetteklassingar . Dette var litt skummelt, men vart etterkvart spennande. Nokre elevar fekk til og med eit lite slikk i fjeset. Etter skulebesøket fekk dei vere med i hagen til Mari i Ørsta, og i hagen til naboen for fotografering. Kvalpane har dermed møtt alt mogleg av folk og hundar denne veka, og dei styrar fortsatt på med eit enormt energinivå. Akkurat no i skrivande stund herjar dei vilt rundt seg i kvalpekassa.
 Arya er no tøffingen i kullet. Er ganske trygg på leik, sjølv på frammande stadar. Det vert nok utmerka å bruke leik som belønning på denne jenta. Ho tek lett nye utfordringar, og brukar kort tid på å venne seg til nye folk. Ho er nysgjerrig og "på" heile døgnet. Elskar å springe rundt å yppe.
 Meera er utbrytarkongen. Ho har hjulpe søstrene sine over dei mest utrulege hindringar. Kan mellom anna nemne at eg kom heim til 3 lause kvalpar i huset ein dag. Kan tru gangen var full i tiss og rot. Meera er veldig trygg og sosial. Ho likar også ein god leik, men er litt meir tilbakeholden på det enn Arya. 
Sansa er eigentleg ei real kosejente. Ho likar merksemda og nærleiken. Det er ikkje så viktig at alt er så hipt og aktivt for henne, så lenge nokon gjev ho ein deilig massasje. Ho er litt var på det nye, men smeltar etter kvart. Ho er veldig nysgjerrig på nye hundar, men tørr ikkje alltid å gå like nær. 

 
Dagens visdom:
Dance, laugh, love..