mandag 18. januar 2010

Har nokon sett Iris?


Iris e sårt sakna frå heimen sin.. Skulle du ha sett ne etter fredag ettemiddag?
Kanskje ha informasjon om kar ho kan vere?
Ta kontakt!

torsdag 7. januar 2010

¡uʍop-ǝpısdn

˙˙ıǝʌ lıǝɟ ʇǝp ɹǝs np ɯo ǝɹǝlʞuǝ ʇǝʌıl ɹǝ ɹǝƃuɐƃ uǝou
:ɯopsıʌ suǝƃɐp

¡˙˙˙pǝuddo uǝɐʇɐp nus :ǝ ǝɥ ɾǝ ǝsdıʇ ǝʇsɐuıǝ ˙ɹǝɥ ǝʇʇıp ǝsǝl å ǝppıƃ ɯos uɐɯɐs ǝllɐ ʌso 'ƃɐp ƃo 'plǝʌʞ uıɟ uıǝ ɐɥ ¡ʇǝuǝɯouǝɟ ǝpuɐɹǝuısɐɟ ƃılǝʞʞıʞs ǝʇʇıp ʇn ǝʇsǝʇ ǝɹɹǝq ǝllıʌ

onsdag 6. januar 2010

I natt eg drøymde..

Det va en gong ei verd longt long vekk, i eit framandt land. Der låg det ein stor skog, og ei flat slette med mykje frodig gras. I eine enden av desse budde kentaurane. Dei var ikkje som dei kentaurane ein kjenner frå eventyra, men kentaurar med vengar slik som pegasus. Dette var ein ganske so fiendtleg art, og dei ville helst ikkje ha noko med andre enn seg sjølv å gjere. Eit unntak med dette var Yuki. Han var også litt annleis enn dei andre. Då han vart fødd synes flokken at han var ein skam for dei alle. Han hadde nemleg vorte kvit, i staden for standard brun eller svart. Klansjefen Kairo vedtok likevel at han skulle få leve, sidan han var ein av dei heldige med vengar. Dei trenge sårt desse krigarane. Nokon var nemleg fødde med vengar, andre ikkje. Kvifor, var det ingen som forstod.

I den andre delen av skogen låg ein liten landsby. Her budde Keicha klanen. Ei indianar stamme som var så gamal som trea i skogen. Ledaren for denne stamma var Itta, ein sterk og respektert høvding. Yamero, sonen til Itta, var også ein slik svekling, akkurat slik Yuki. Han var fødd som ein veldig liten gut, og ville verte ein dårleg krigar.

Denne Keicha stamma fungerte ikkje så veldig godt saman med kentaurane. I dei eldre dagar brukte dei ofte å sloss, for dei støtte kvarandre støtt og stadig, men slik det var no hadde Kairo og Itta inngått ei fredsavtale der Keicha klanen fekk jakte i skogen, og kentaurane fekk bruke sletta. Dette hadde opp til denne forferdelege dag, fungert veldig fint.

Det var denne dagen som skulle forandre all fred i dette landet, og skape ein krig alle seint ville gløyme. Kairo var nettopp gått bort i ei forferdeleg ulykke, og ingen hadde fått tildelt ledarsadelen. Kage, ein svart kentaur i sin seine ungdom, insisterte på at han skulle ta plassen, då han var den mest respekterte krigaren i heile flokken. Alle dei andre var usikre. Ein ting var iallfall sikkert, Yuki kunne ikkje representere dei, då ville dei framstå som svake.

Yuki hadde nemleg ikkje vakse opp til noko liknande ein krigar ein gong. Han var meir interessert i å utforske. Det var nemleg det han var ute å gjor akkurat i denne tid og. Faren hans var gått bort, men sidan dei ikkje hadde hatt noko til forhold, og Yuki ikkje hadde nokon intensjonar om å ta hans plass, brydde han seg ikkje med det resten av flokken diskuterte. Yuki hadde desverre aldri fylt med i verken reglar eller restriksjonar om noko som helst. Derfor var det at han no var midt inne i skogen og undra seg over soppane som var så rart forma.

Brått haurde han ein lyd framføre seg, og før han hadde tenkt seg om stod ein liten gut framføre han, med eit grønt rør i munnen, klar til å skyte han, om han skulle gjere bevegelse. Gutane stod lenge å berre stira, so braut Yuki stillheita ved å snakke om kor rare han synes soppane var. Keicha guten byrja å le, og introduserte seg som Yamero. Gutane hadde det artig saman, heilt til månen kyssa sola godnatt. Dei lovde begge å møtast igjen.

Når Yuki kom heim var heile leiren i oppstyr. Dei var i full gang å gjere seg klare for krig. No skulle den Keicha stamma rett og slett utryddast. Det hadde Kage, den nye ledaren bestemt. Yuki breidde vingane sine, og flaug så fort han kunne ut att i skogen, i håp om å nå attende Yamero. Heldigvis nådde han han rett før han forlot skuggane frå skogen. Yuki fortalde om planen, og ba Yamero gjere stamma si klar for kamp. Yamero advarte Yuki om at dei grøne røra spytta giftpile som ville drepe ein kvar som vart truffen, og at han måtte passe seg. Før gutane var ferdige å prate haure dei hundrevis av hovar galloppere over sletta.

Yuki ba Yamero hoppe på ryggen hans, og dei flaug saman inn til høvdinghytta. Desverre nådde dei ikkje før kentaurane, og krigen var allereie i gang. Yamero forsvant i mengda og Yuki stod aleine igjen, alt han kunne gjere var å barrikadere seg inn i ei av hyttene som stod nærast.

Inn i hytta var der varmt og godt. Det virka som dei hadde fyrt i ovnen, og gjort seg klare for kveldshistoria for barna. Det lukta til og med mat frå det Yuki anntok måtte vere kjøkkenet. Han tok forsiktige steg innover i den mørke hytta. Brått haure han ei jamrande stemme. Det måtte vere barnegråt. Yuki gjekk mot lyden. Der låg eit barn, heilt hjelpeslaust saman med vedaovnen. Foreldra må ha vorte angrepne og trudd barnet var trygt her.

Yuki hadde aldri sett eit slikt barn før, men han forstod godt kva det var, og kvifor det gret. Yuki gjorde grimasar til barnet. Barnet vart veldig forskrekka, men Yuki gjentok dette. Då sette barnet i å le. Det synes det var morosamt kvar gong grimasjen kom, og byrja til slutt å drage Yuki etter i hår og øyre. Yuki var tålmodig, og la seg ned saman med det vesle barnet, slik at det ikkje lenger trong vere redd. Til slutt sovna dei begge der saman.

Kampen herja utanfor hytta. Det såg ut at Keicha stamma hadde overtake med sine giftpiler, og der var snart ikkje mange kentaurane igjen. Kage var no i full kamp med Itta. Men Itta heldt hovudet kaldt, og fekk spytta ei pil på Kage. No flykta alle kentaurane. Den nye ledaren var fallen, dei hadde ingen grunn å kjempe for. Dei flykta til alle sine kantar, og ingen kentaur stamme vart nokon gong sett igjen.

Keicha stamma var no i full gang med å lege sine skadde, då Yamero fant vegen til far sin. Brått kom Itta på barnet som han hadde forlatt utan beskyttelse inne i hytta, og han sprang så fort han kunne mot hytta. Yamero sprang etter. Då Itta kom inn døra fekk han sjå noko han aldri ville gløyme. Der låg ein kvit kentaur med vengar, med barnet hans i hendene og sov. Ein skulle tru at no var alt over, men slik vart det då ikkje. Itta var rasande, han trakk fram det grøne røret sitt og skaut mot Yuki. Alt skjedde veldig fort. Yuki vakna, Yamero sprang inn og falt på golvet, ungen skreik.

Itta forstod kva som hadde skjedd, og sprang ned mot den mislukka sonen sin. Yamero var allereie borte. Itta gret den dagen. Den fyrste gongen i heile sitt liv. Yuki, som var mildt sagt forvirra, forstod etterkvar at Yamero var borte, og såg det tryggast å flykte landsbyen før han sjølv vart drept. Yuki flaug og flaug. Mot dei evige fjella, i håp om å finne ein stad der fred fantes. Om Yuki nokon gong fann lukka veit ingen, men det vart seinare år sett ein liten gut sitte på ein flygande kentaur over skogane ved sidan av Keicha stamma. Snipp snapp snute, so var drøymen ute..

fredag 1. januar 2010

2010!


Eg vil ynskje alle eit Godt nyttår og takk for det gamle! :D