tirsdag 31. juli 2012

Nok ein liten ferietur..

 I helga var eg, saman med Ole Andreas og Sindre, til Lillehammer på Vag-treff. Der var mykje lekre bilar å sjå på, men veret var meget feil. Me vandra rundt med paraply og kika på dei forskjellige bilane. I tilegg var det på mark, så skoa var heller ikkje så tørre. Likevel var det ein viss sjarm over det heile. Hadde desverre ikkje med kamera på treffet, så de får heller nyte vakre duebileter av meg. Det er Osloduer, berre så det ikkje vert eit problem. Forøvrig er det fyrste gong eg har besøkt Lillehammer sentrum. Trudde det var mindre, men var skuffa over at det ikkje var større. MEN dei hadde kino, og me fekk sett oss gjennom Spider-man. Var ikkje so verst den, så takk for kinobiletten Sindre!
Sjølv om biltreff var hovudårsaka til turen fekk me oppleve ein del andre ting. Me fekk til dømes tatt oss ein tur til Sverige på søndagen. I tilegg har me ete mykje god mat på mellom anna Big Horn, Egon og Peppes. Er ikkje tull når ein er på tur, så takk for maten Ole Andreas! Var faktisk litt fasinerande å vere i Lillehammer under OL opninga. Der var så mykje OL rundt oss frå før, liksom.
 Mandagen vandra me rundt på Karl Johann for å ta eit siste innkjøp før heimturen. Her ser du det glade reisefylgje. Dei veit det ikkje sjølv, men det var morosamt å reise saman med dei. Syns iallflal eg. Kanskje eg var det sorte får?
Nemnte eg det at me budde på Plaza? Det skal liksom vere eit slikt svært og super bra hotell. Ja, dei hadde isbit maskin, ja, dei hadde basseng, men det svarte liksom ikkje heilt til forventinga likevel. Noko var feil. Bassenge var for lite og frukostbufeen var skuffande. Dei hadde nå ikkje bacon. Krise sa gutane, eg var heller her; dei hadde ikkje pannekaker. Det er mykje ein forventar når ein betalar so pass for ei natt inkludert frukost.

Dagens visdom:
Dei var alle samde om at det var ein gild tur!

torsdag 26. juli 2012

Sumarstemning..

Det fins ikkje noko slikt her, men dette bilete gjev smaken av det iallfall..

Dagens visdom:
Du skal ikkje tru det vert sommar..

onsdag 25. juli 2012

Ein solskinnsdag..

 Endeleg kom fineveret til Sunnmøre. Då var det på tide å gå ein liten tur på støylen. Sjølvsagt litt arbeid på butikken fyrst, men greit når det er snakk om få timar. Her er forresten den nye velkomstkomiteen.
 I denne varmen krev hundane eit bad. Her utforskar Junah botnen.
 Anja er som vanleg i treningsmodus!
 Men bade og kjøle seg må ein gjere..
 Seier meg svært nøgd med dette badebildet. Har også byrja utforske HDR bileter i dag, døme på dette skal de få sjå etterkvart. Har til dømes tatt nokre for desse gutane i dag.
Me grilla, sikkert for fyrste gong i år. Kjekkast av alt var at gutane rydda opp! :-)

Dagens visdom:
Ikkje undervurder solstrålen i livet ditt..

mandag 23. juli 2012

Kvalpefakter..

Det er vel lov å vere litt kvalpesjuk av og til?
 
Dagens visdom:
De døde lider ikke.. 

søndag 22. juli 2012

Kalle kanin..


Kalle
Kalle vart fødd i Selje mars 2005 sånn ca. og var ein reinrasa dvergwedder. Han flytta hit til oss fyrst i desember 2010. Han budde fyrst aleine i buret til Sissi, men vart etterkvart kastrert, og flytta til nytt bur ettersom andre kanine måtte takke for seg. Han vart aldri på ein måte heilt frisk, trass i at han gjekk på ein kraftig vitaminkur. Han har vore plaga med mykje sidan han kom hit, men verst har det vore frå jul av. I dag sovna han stille inn.

No fekk han endeleg fred og kvile, etter mykje plager.

Kvil i fred, Kalle!

onsdag 18. juli 2012

Preikestolen..

 Er nokre meter ned ja..
 Familien Gamlebuda..
 Mykje folk ja!
 Ekte kjærleik..
 Reisefølge..
 Wow, sjekk folka!
Ren og pen..

Dagens visdom:
Vegen til fjellet kan vere lang, 
men det er folka som gjer det slik..

søndag 15. juli 2012

Hakallegarden og Sandviksanden..

 Fyrste som slo meg når me kom fram, var at denne Hakallegarden var eit mykje større konsept enn eg hadde trudd. Der aula av folk (og dyr for den del). Det som var mest fasinerande var kor alle dyra hadde tilpassa seg folkemengda. Det spelte liksom ikkje noke rolle for dei at der aula av unga og foreldre. Alpakka er forresten ein fasinerande dyr.
 På garden var der en stor fjøs. Oppe var det kafe, under var der nokre få dyr. Der låg mellom anna ei lita grisepurke med tre unga. Så var der nokre fuglar, og ei korg til alle kattungane. Kattungane florerte overalt i henda på håpfulle ungar. Dei andre dyra var ute i forskjellige innhengingar. Der var mellom anna kaniner, høner, påfugl, kalkun, andre type fuglar, høgfjellsfe, geiter, sauer, hundar, karttar osv. Der for også nokre esel lause og trakka, og så var der sjølvsagt riding for ungane. Det såg ut til å vere meget populært.
 Der var to hundar på tunet, ein stor berner sennen, og noko som likna på ein diger vannhund eller noko sånt. To hannhundar som var meget interessert i alle hundane som tok turen. Really syns han her bamsen var litt for impåsleten. Really syns også hønene var litt skumle.
 Medan ungane og dei tilhøyrande aldri vart leide av å kike nede på garden, gjekk eg ein tur med mine to troll. Me fann ein nydeleg traktorsti som gjekk oppgjennom fjellet der. Me fann oss ei elv å bade i, og traff på esela, som brått var komne lenger opp i markane.
 Rett ned om besøksgarden ligg Sandvikssanden. Det var rett nok ikkje badetemperatur for folk, men der var to hundar som tykte det var akkurat perfekt til å rote i sand og bade i bølger.
 Dette bilete viser sekundet før ei bølge bløyter både hunderomper og meg. Syns eg kunne høyre bror min i det fjerne "pass deg", men pytt pytt. Kva gjer ein ikkje for å fange eit augneblink?
Gruppebilete.. Treng eg seie meir?

Dagens visdom:
Kva var vel livet utan dyr..?

søndag 8. juli 2012

Vår fyrste utstilling..

 Det var ein småkald og regnvåt dag på Vestnes. Ovanfor ser du bilete av Unghund Tispe klassa. Me var i alt fire i denne klassa. Junah einaste tric, men det spelar jo inga rolle! :)
 Her får dommar Helge Lie fyrsteinntrykket på Junah. Ho var heilt eksemplarisk og stilte seg fint når ho skulle, og sprang når ho skulle. Kan ikkje klage noko på hennar oppførsel i dag.
 Her spring me av garde, for fyrste gong i livet vårt. Ei spennande oppleving, og me kan no krysse av hundeutstilling på "things-to-do" lista.
 "Snart 2 år, tricolor. God type, kunne vært en anelse mindre. Bra mørke øyne. Ganske bra ører, ørestilling. Korrekte tenner, bitt. Bra uttrykk, kjønnspreg. Bra front, bra kroppsproporsjon. Velvinklet bakbein. Meget bra pels. Godt temperament. Beveger seg og viser seg bra."
Resultatet var "Very Good", og 4. plass.
Junah er jo verdas beste hund uansett sjølvsagt, men størrelsen trekk ho ned i det offentlege. Likevel skal ein ikkje sjå vekk frå at me prøvar oss igjen ein gong. Kanskje ikkje for ein sheltie spesialdommar, men for ein litt meir generell ein. Det var alt i alt ein god opplevelse, og me takkar og prisar oss for dei som har hjulpe oss på vegen dit. Takka vere dei vart dette ein trygg og ei god oppleving både uttafor og i ringen.

Dagens visdom:
Skjønnhet kommer innenfra..

Siste innspurt før utstilling!

Laurdagen brukte eg på å trene til utstilling. Eg satt meg til rette på parkeringsplassen til lokalbutikken, og stoppa alle mannfolk. Desse fekk eg til å ta på Junah på det supre campingbordet mitt. Mellom kundane snikra eg ihop mitt oppfinnsomme hopphinder til trening av klasse 1. Alt ein treng er ein halvpalle!:-) No går turen til Vestnes. Wish me luck!




tirsdag 3. juli 2012

Å vere til..

 To be, or not to be, that is the question:
Whether 'tis nobler in the mind to suffer
The slings and arrows of outrageous fortune,
Or to take arms against a sea of troubles
And by opposing end them. To die—to sleep,
No more; and by a sleep to say we end
The heart-ache and the thousand natural shocks
That flesh is heir to: 'tis a consummation
Devoutly to be wish'd. To die, to sleep

søndag 1. juli 2012

Den kjipe delen av sumaren..

 Denne veka, og to veker til skal eg arbeide seks dagar i veka. Derfor vert det ikkje så mykje anna spennande å snakke om. Likevel har eg opplevd andre ting, det har jo alltid med prioritering og gjere. Ovanfor kan du sjå bilete av favorittisen min akkurat no. Den fann eg i Tyrkia, og no finn eg den på Løvikbuda!! :D
 Torsdag kveld var eg i Ørsta i Hamneparken og haure på Hellbillies. Det var ein fin konsert, men dei er byrja verte litt gamle. Litt som Eagles kan en vel seie. Men synge og spele kan dei nå iallfall.
 Veret har vore fint denne veka. Stein Jarle kom til og med og henta meg med båt frå arbeid i går kveld. Kjekt var det, så slapp eg å vente på halv ti ferja. Eg håpar at det vert finever når eg går ut i ferie også.
Mellom arbeidsøktene arbeidar eg med å få denne kjella klar for neste helg. Då skal me på vår fyrste utstilling, på Vestnes. Her er bilete av ho frå i dag då ho var nybada. I tillegg har Stein Jarle og Jørund vore so kjekke dei har stillt til teneste og hjulpe å trene på å bli berørt. 

Dagens visdom:
Gå å legg dej før d verte for seint..