tirsdag 10. august 2010

Me tenkjer for mykje..

Ein ting som eg har tenkt på i det siste, mellom dei tusen andre tankane som foregår opp i der, er at eg tenkjer for mykje. Hjerna mi må nok vere heilt utslitt av alt mogleg frå bekymringar, til planlegging, frå glede til sorg, frå alternativ til alternativ. Eg som er ein iherdig Harry Potter lesar hengde meg opp i tanken bak å tømme hjerna for tankar kvar kveld, ja, nettopp slik Harry måtte gjere for at Voldemort ikkje skulle få gå inn i tankane hans. Har du nokon gong prøvd å tøme hjerna å tenke på ingenting? Eg får det ikkje til. Næraste eg kjem er å tenke svart, altså på fargen. Då kan eg ha igjen augene og med full konsentrasjon berre sjå svart, som er på ein måte mitt svar på ingenting.

Om det er noko vits å tømme tankane om kvelden veit ikkje eg, for sekundet eg sluttar konsentrere meg er eg tilbake på alle tankar. Ein tenker kva ein skal i morga, kva tid ein skal opp, kva ein skal gjere på til kvelden, spørsmål som ligg i hjerna og gnura, og for hypokondera som meg, om hjerte slår slik det skal. Eg vil tåre å påstå at sentrum for tankegangen foregår sekundet ein legg seg i senga i eit mørkt og stille rom. Ein kan jo trossalt høyre sine eigne tankar der, rett før ein sovna. Eg er sikker på at dei fleste mysterium er løyst medan nokon var på veg inn i søvnen.

Av og til kan tankar drive ein til vanvidd. Eg kan til dømes ikkje sjå skrekkfilmar på grunn av min forskrudde tankegang. Ser eg ein skummel film, til dømes Fritt Vilt. Då greier eg ikkje unngå å tenke på han skumle mannen som drep folk. Tenk om eg møter han ute, på fjellet, under senga. Kvar logikken i slik tankegang er kan eg ikkje svare på, men den kan vere veldig plagsom. Heldigvis går slike traumar over etter ei tid, men somme ting sitt for livet.

Det er ein grunn til at folk er mørkeredde på livstid. Kva er dei redde for? Verda er den same lys eller mørk. Det er tanken som skremmer oss, tanken om kva som kan skje med oss, kven me kan møte, gjerne også redde for å døy. Menneske er ofte redd. Ein av dei tinga mange av oss fryktar mest er smerte, både fysisk og psykisk. Me er redde for at nokon skal torturere oss, kvifor? Fordi me får det låkt, og me kan døy.

Tankane vandrar ofte mykje lenger enn me vil. Ofte kan ein liten sak verte til store verdsproblem opp i den vesle knollen. Dette er den mest irriterande delen av hjernefunksjonen. Ta ein gitt situasjon der du er ute å joggar ein mørk haustkveld. Så høyrer du rasling i buskene. Då byrjar du å resymere over alle ting du assosierar med ei rasling ein mørk kveld. Kanskje såg du ein film der eit udyr hoppa ut av buskane og tok ein, ja, til dømes ein joggar? Kom ikkje å fortell meg at du ikkje hadde jogga litt fortare etter den raslinga. Raslinga var mest sannsynleg kanskje berre eit vindkast, eller ein fugl som letta.

Då alt dette er sagt skal me vere glade me har hovudet i behold. Det er den viktigaste delen av kommunikasjon med kvarandre, og det er den som knirkar for å skrive dei orda eg gjer no. Me må ta vare på tankane, men kanskje prøve å ikkje gjere dei so sinnsjukt overdrivne som det mine ofte brukar å verte. Det er ofte dine tankar som gjer deg til den du er. Hadde likevel vore fint med ein AV knapp av og til.

Dagens visdom:
Din tanke er fri,
hvem tror du den finner?

Ingen kommentarer: