fredag 17. oktober 2014

Haust og slikt..

No er det lenge sidan eg har skrive her. Det har ikkje akkurat vore så mykje tid til blogg og slikt. Ny jobb, ny pendleveg, mykje å vere med på. Ja, og så ein kvalp. Det krev sitt gjennom veka. Mykje tid går generelt til hund, og slik er det. Hund er og vert ein livsstil.
Dei fire vekene som har gått har det vore haustferie. I ferien var me "lovd" fineveir, men det vart ikkje heilt slik. Likevel avslutta me ferien til fjells over nokre dagar. Ein av dagane var me tenkt oss på Skålatårnet i Loen. Me gjekk opp i gjennom. Fin haust. På rundt 1000 moh møtte me sludd. Dette gjekk over i snø, og vind. På 1600 moh var det så sterk vind og snø at me ikkje lenger såg kvar me skulle gå. Sidan ingen i følget før hadde gått valde me då å snu. Anja satt veldig pris på dette då ho fraus heftig i snøstormen.
Seinare i veka fekk me mykje betre veir på ein fin tur til Molladalen. Molladalen er forøvrig slåande vakker. Sola var litt til og frå, men me slapp i alle fall snø og heftig vind. Vidare hadde me ein fin kveldstur søndagen før me avslutta med god biffmiddag.
Vidare veks Meera og trivst. Ho har vorte mykje meir utadvendt mot folk, og har byrja verte ganske så oppegåande på trening. Ho viser gode former for utstilling, og er fortsatt flink på laust. Håper dette varer. I dag er ho heile 3 månadar. 
Dagens visdom:
Vakre fargar, men mørke netter
Mørkt og trist til skodda letter
Sol gjev håp ei korte stund
Månen held motet etter i grunn