torsdag 28. juli 2011

Kveldstid..

 Tøffingen på akvariet..
 Tøff med stiil..
 Sløkna for dagen..
 Legg merke til munnen. Ho ligg og irriterar seg over fluger..
 So va han også sløkna..
 Midna er på jaktmarkene..
 Måkje kødde med denne jenta.. 

Dagens visdom:
Days go by
and you are still by my side

onsdag 27. juli 2011

Junah 11 månader!

 Sjølv om månadane går, er der fortsatt ein kvalp inne i Junah. 
Er så herlig å sjå at ikkje alle kvalpefaktene er borte. Ho er ei fante.
 Blomsterpiken..
 Vart utruleg merkeleg lys på dette bilete, men var mest berre for å ha eit ståbilete å samanlikne med alle dei andre ståbileta eg har tatt kvar månad. Kjekt å sjå kor ho veks.
 Endelig fekk eg eit portrettbilete eg er fornøgd med. 
Ho har endeleg tålmod å vere i ro.
 Ei lita godjente!
Junah elskar vatn. Her prøver ho å fiske opp eit blad på botnen av bassenget, medan ho bles bobler. Mest sannsynleg for å sleppe å få vatn i nasa. Eg synes ho er søt når ho boblar på den måten.

Dagens visdom:
It's the little things in life..

tirsdag 26. juli 2011

mandag 25. juli 2011

Tre bileter..

 Junah presanterar til deg; Dalsfjorden! Dette bilete er teke frå Galten. Det er ein stein som står ut frå fjellet, som ein klippe. Der ifrå ser du godt inn gjennom Dalsfjorden. Den ligg ikkje spesielt høgt oppe, så det er ein veldig fin, familie og turistvennleg tur. Virkelig anbefalt ein gong du har litt tid til overs!
 Alle har nok fått meg seg fredagen si hending i Oslo og på Utøya. Det går nok inn på oss alle det som skjedde, og me sørjer nok alle litt inn i oss. Eg har sjølvsagt tent lys for ofra fleire kveldar. Ikkje berre for dei som er døde, men også for dei som er direkte berørt av det ein kan kalle ei tragedie, eller eit grusomt terrorangrep. Tankar går til dei pårørande!
Dette bilete lasta eg mest opp for å få det på nett, for å få vurdering av det medan eg ventar på at dyrlegen skal verte tilgjengeleg. Om du skulle sjå med ein gong kva sjukdom denne stakkars kanina har, må du gjerne ta kontakt.

Dagens visdom:
We walk a long road to Eden..

onsdag 20. juli 2011

Ferietid..

 Her prøvar Anja ut den nye skinn sjeselongen som hundane har fått!
 Junah legg seg på ryddelasset. Så lenge ho får ligge i fred ho..
 Her er eit bilete frå Blåhamrevatnet..
Her er ei eng eg ser føre meg slik dei evige jaktmarker ser ut..
Anja nyter fjellutsikt!

Dagens visdom:
To do what you wanna do
means lots of fun..!

søndag 17. juli 2011

Fossastøylen ein tur..

 I dag var det Fossastøylen Rett Opp. Folk susa altså opp gjennom Lyngnesvegen for å få best mulig tid. Den beste tida vart 22 minutt og 3 sekund. Imponerande! Der va nærmare 70 folk som deltok i trimklasse utan tid også. Kjekt å sjå så mykje folk til fjells. Det heile var eit minneløp for Arne Hasund, ein lokal eldsjel!
 Eg og Ole Andreas gjekk opp i går. Nydeleg ver når me kom opp. Kjekt å sjå at torvtaket tek form, men måtte springe inn etterpå grunna knott.
Eg og jentene var på Løviktuva i dag tidleg, 
medan me venta på at Ole Andreas skulle stå opp.

Dagens visdom:
Hu hei kor er det vel fint og lett
opp på fjellet!

fredag 15. juli 2011

Endeleg litt sjøbading!

 Torsdag hadde eg endeleg ein liten fridag. Heldigvis for meg var det også fint ver. Fyrste delen av dagen brukte eg i Volda/Ørsta. Der var eg og Junah ute blant folket med ei lita oppfrisking både på miljø og sosialtrening. Ho er så flink vesle jenta mi no. Ikkje redd noko som helst (bortsett frå trapper!!!). No har eg også endeleg fått attende Store Sirius. I tillegg har eg kjøpt meg ny mobil. Verda er no ein god stad å leve. Iallfall i morga etter klokka tre.
 Men lat meg kome til poenget. Eg og Christina drog på oss våtdrakter å gjekk inn på Fleda. Der kom me oss gradvis ut i vatnet (dvs, Anja sprang rett ut i), for å til slutt legge av. Ein ting som forundra meg, var Junah. Eg ropte på ho, meda eg stod eit stykke ute i vatnet, og jammen det sprang ho til ho måtte legge over i svømming. Ho kom heilt ut til meg, og stussa ikkje eit sekund. Snakk om å trasse eld og vatn for å komme til meg. Verste var at ho ikkje stussa på å gjere det fleire gangar. Trur nok ho likar litt å svømme. Det gjer Anja også. Dei elskar eigentleg begge vatn.
Det var herlig å endeleg prøve ut sjøen, sjølv om det var lit juks med våtdrakt. Eg lovar at neste gong vert det utan. Var berre så lite fristande å hoppe i utan noko den dagen. Var nemlig ikkje meir enn skarve 14 grader i skuggen. Ventar til sommartemperaturen kjem att. Kan ikkje verte sjuk no når eg straks går ut i ferie. Bade i sjøen er likevel absolutt anbefalt. Mykje varmare enn eg hadde trudd!!

Dagens visdom:
Swim like Flipper,
and you'll get fishy!

tirsdag 12. juli 2011

I kveld slutter eventyret for mange..

Men ikkje for meg, det er i morga kveld. Det er sjølvsagt Harry Potter det er snakk. "It all ends" som dei seier. Lat oss heller gå litt tilbake, og sjå på den lange reisa Harry Potter har hatt.
I 1997 vart den fyrste boka gitt ut; De vises sten / The Philosopher's Stone. Etter det J.K. Rowling sjølv har fortalt vart denne skrive på ein serviett på ei togreise. Harry Potter vart fort ein suksess. I 1999 vart boka oversatt til norsk, og HP inntok Noreg med storm. Før den tid hadde Rowling allereie gitt ut andre boka; Mysteriekammeret/Chamber of Secrets i Storbritannia. Den kom nemlig i 1998, og 2000 i Noreg.

Deretter kom Fangen av Azkaban / Prisoner of Azkaban 1999 i Storbritannia, og hausten 2000 her. Det skal også nemnast at eg enda ikkje har vist mi interesse for dette fenomenet, dog læraren vår las fyrste boka i klasserommet. Sommaren 2000 lanserar Rowling den fjerde boka; Ildbegeret / Goblet of Fire. Den kjem til Noreg i 2001. No er Harry Potter så populært at det er mykje snakk om det i verda. Prestar rasar for bodskapen, og vesle meg vert påvirka til å leige fjerde boka på bokbåten. Eg les fjerde boka, og vert heilt frelst. Så les eg 1-3., og les 4. ennå ein gong. Byrjar også no å kike rundt på nettet å følge med den komande lanseringa av femte boka og får oppleve filmatisering av fyrste filmen. Den skuffar så absolutt ikkje. Den andre filmen vert også lansert innan neste bok. Den er også bra i forhold til boka.
I 2003 vert femte boka lansert i heile verda; Føniksorderen / Order of Phoenix. Dette er ei av mine favorittar, mykje fordi Sirius er ein karakter eg såg på som viktig, og nær. Femte boka er også med på overgangen frå den barnslige Harry, til den meir ungdommelige og menneskelege Harry. I 2004 kjem tredje filmen. Den er berre ein stor skuffelse i mine auge. Spesielt er utbyttinga av skodespelar til Dumbledore avgjerande for meg. Det er ikkje mykje å gjere med at Richard Harris døde, men den nye fyren synes eg ikkje noko om. Richard Harris traff akkurat slik eg hadde forestillt meg Dumbledore. Den nye synes eg er for brautete. Tredje boka har eg sett på som ei veldig koselig bok. Filmen øydelegger heile inntrykket.
 Så vert den sjette boka lansert i 2005; Halvblodsprinsen / The Half-Blood Prince. Eg var kjempe spent på denne. Alt var så spennande, og var byrje å hope seg opp. Denne boka avanserar Potter serien fleire hakk. Ting vert meir kompliserte, og ein forstår meir og meir korleis denne historia må ta seg ut. Mange spørsmål fell på plass, og mange nye spørsmål dukkar opp. Me lærer ein del om forskjellige karakterar, og forstår at alle detaljane i frå fyrste bok har spelt ei stor rolle i den store heilheita. Hadde ein tenkt som Rowling kunne ein forstått kva som kom allereie etter fjerde bok. Fjerde filmen kjem også dette året, og er heldigvis betre enn den tredje.
Spenninga rundt den sjuande boka er ganske intens i mitt liv. Eg les opp igjen alle bøkene fleire gongar medan eg ventar. Endelig kom den i 2007; Dødstalismanene / The Deathly Hallows. Denne boka er INTENS. Det er einaste ordet eg har for den. Detaljane som kjem i bok en er borte, og vert sett om til handling. Det er som om du har gått seks år på skule, og endelig får drage det ut i praksis. Er vel noko sånt Harry hadde tenkt oss tenkjer eg. Ei verdig avslutning på serien, men det var forferdelig trist å lese siste sida i boka. Det føltes som ei epoke i livet mitt var over. Heldigvis hadde me ennå filmane å vente spente på, og samme år kom Føniksordenen. Den filmen var heilt grei i mine auge. Ingenting kunne matche bøkene.
I 2009 kom Halvblodsprinsen. Ei grei filmatisering dette også. Til alles overraskelse vart også den siste boka delt i to filmar. Dette er forståeleg då det er mykje viktig handling som skal inn. Fyrste delen kom i fjor haust. Den vil eg påstå var ein av dei betre filmane. I morga kveld sluttar eventyret for meg. Då skal eg sjå siste delen på kino i Volda. Då er virkelig Harry Potter epoka over. Eg vil nok ha blanda følelsar når eg forlet kinosalen vil eg tru. Håper berre dei gjer ei verdig avslutning, slik boka gjor!
Dagens visdom:
Expelliarmus...

lørdag 9. juli 2011

Kort oppdatering!

No kan ALLE som vil kommentere innlegga mine, om du har konto, er anonym, så vidt har internett, eller noko i den dur. JIPPI! ^^

LAUGdag..

I dag har hundane fått seg eit godt laug. Dono var sjølvsagt til stades,
men var mest oppteken av sitt eige spegelbilete.
Det er ikkje mykje hund igjen når Junah vert våt.
Ho såg mest ut som ei mynde.
Eller piggsvin om du vil..
Ikkje synes ho det var spesielt kult å verte vaska heller.
Anja synes det var heilt greitt, for ho synes det er kjekt å verte tørka etterpå. Då er det nemlig verdt det har ho funne ut. Junah synes også det var kjekt med tørking. Ho vert vel van med badinga. No luktar begge nydelig hundeshampo og er klar for ein roleg laurdagskveld!

Dagens visdom:
Når steinen dett frå egga
Då dett han jammen ned..

onsdag 6. juli 2011

Katteliv!


Dono på jakt..
Fortsatt futt i gamlemor!
Fortsatt vakker..
Utfordrar skjønnheita..
Ein Dono pose..
Med raua til!
Tøffingen..
Eldst og yngst..

Dagens visdom:
Rivers run silent down..