torsdag 29. juli 2010

Fridag og finever! :D

I dag kaure ej, Anja, Sunny og Mamma, Linda til Hovden flyplass. Ho reiste nemleg heim i dag for ho skulle på VIF vs FCB og danse til Madcon sin Glow. Sånn e d berre med den saken. Serkje ut som d går so bra med VIF i skrivande øyeblikk. Dei ligg under med eit mål. Ikkje gadd Tv2 å vise dansen heller, noko dei hadde frykteleg god tid til eigentleg.Ellers he det vore eit nydeleg ver i dag. Ej kunne ikkje ha vore heldigare med fridagen min. Var for det meste berre ute i sola og slappa av fyrste delen av dagen, men so sendte Stine melding, og då var det gjort. Me tok på oss badeklede, drog med eldstehunden her i hus, og "nabohunden" Ronja og drog inn på Fleda. Der var to småkarar frå før og briefa, og etterkvart kom ej og Stine oss også ut i. Berre for å bevise kor tøffe me er, så må eg nemne at me symde faktisk eit godt stykke utover i sjøen, ut til ei blåse. Det var type litt skummelt når sjøen berre vart svartare og svartare, men jammen var det godt å kome tilbake til land då!
Sjøen var uvanleg varm i dag, og håper den held seg slik resten av sommaren, for det er kjempe kjekt å bade. Etterkvart dukka også to småtause opp som også skulle bade. Dei aktiviserte hundane litt, og det passa fint. Etterkvart kom også ei familie til staden, og det var rundt dette at eg og Stine følte oss nedkjølte nok til å gå heim. Så skal eg ta og fortelle dykk ein annan gong, om alt tull eg og Stine har gjort i livet vårt!

Jammen det fekk ikkje Barcelona nok eit mål. Det ser dårleg ut for VIF's venner..

Dagens visdom:
Vatnet er djupast der det er mørkt tenk..

Ingen kommentarer: