mandag 23. august 2010

Då eg klipte meg sjølv..

Grunnen til innlegg boom i kveld er at eg sitt å ser litt rundt på hardisken min. Der er jo litt ta kvart. Mellom anna fann eg bilete av då eg klipte håret mitt sjølv, på den følgande revolusjonerande måten illustrert i paint med forklaring under:Dette betyr at ein samlar alt håret i ein stram hestehale framme på panna der ein har skillet sitt. Det vil seie om du har sideskill vert det på sida der dette skillet byrjar, og på midten om midtskill og så vidare. Deretter bestemmer du deg for kor lang sjølve luggen skal vere. Dette er lengda frå panna og ut til der du klipper. Så klipper du rett av håret ditt. Deretter fiksar du på litt ujamne tuppar med saksa før du løyser opp hestehalen, og voila:
Eg advarer berre i grunn om at viss du har tjukt hår kan det verte vanskelig å få dette beint, men med litt etterpuss går det lekkert. Eit oppklipt hår er resultatet.

Ingen kommentarer: