mandag 16. august 2010

Pariserhola og Regines Bok..

På søndag va ej, Linda, Sunny og Anja på titurmålturen til Pariserhola. Soga fortel om at det var ein hund som gjekk i hola og dukka opp att i Paris. Det var ein fin tur, bortsett frå at det ikkje fans noko rås, og var berre reint terreng. I våtaste laget for mine Nike Shox, om eg skal få uttale meg. Der var ei strålande utsikt på toppen, og det var verdt den varme turen. For veret var nemleg med strålande sol, og berre fryd og gammen. Hundane synes også det var kjekt, dog Anja var passe sleten av å drage Linda heile vegen opp.
I dag har veret vore heilt strålande. Ein kunne ikkje bedt om ein betre slutt på sommarferien. Medan eg har slappa av ute i sola har eg også tatt føre meg Regines bok. For dei som ikkje veit kva det er, så kan eg fortelje at det er ei bok som omhandlar det Regine Stokke skreiv i bloggen sin etter ho fekk diagnosen akutt leukemi. Eg vart skikkeleg dårleg inn i meg av den boka. All den smerta, all den usikkerheita og elenda ho gjekk gjennom var berre heilt forferdeleg. At ei jente på 17-18 år kunne stå på gjennom denne sjukdommen, og i tillegg legge ut om den til verda vart berre overveldande.Eg er byrja å tenke litt meir over mitt eige liv etter å ha lest om slutten av hennar. Eg føler meg sinnsjukt utakknemleg ovanfor livet mitt, og eg skjems over at eg kan klage på små bagatellar, når det er den store heilheita som teller. Eg håpar at denne boka kan sitte i meg ei god stund, og hjelpe meg til å prise kvar einaste dag, og vere meir takknemleg. Regine døde berre 18 år gammal, men utretta store ting dei siste åra. Ho delte ei historie som vil sette spor i mange hjerter, og eg er lei meg for at eg ikkje følgte bloggen hennar når ho ennå var i livet.

Dagens visdom,
tatt frå Regines blogg
(http://sinober.blogg.no/):

Face your fear.
Accept your war.
It is what it is.


Ingen kommentarer: