mandag 23. august 2010

Tre bøker, ein kort presentasjon..!

Hav av tid er skrive av Merete Morken Andersen i 2002. I denne romanen tek ho opp kjærleik på eit heilt nytt vis, og gjev oss innblikk i korleis ein må gå vidare etter ei forferdelig tragedie. Boka handlar om korleis Johan og Judith må gå vidare i livet sitt etter at den 16 år gamle jenta deira Ebba tok livet sitt. Alle som var glad i Ebba prøver å forstå kvifor ho valde å døy, samstundes som dei prøver å leve vidare. Foreldra hennar er skilde, og faren har byrja eit nytt liv med Minna, men han har ein slags skyldfølelse ovanfor Judtih. Minna og Johan har ei tre og eit halvt år gammal dotter som Ebba var veldig glad i. Boka fortell frå alle sine vinklar kva dei føler når Ebba er død, og kva dei aktar å gjere vidare i livet. Judith og Johan har jo ikkje snakka på vel så lenge, og dei har mykje å snakke om når dei må møtast for å bestemme kvar dei skal sitte i begravelsen.

Natt til fjerde november er skrive av Karin Fossum og vart gitt ut i 2003. I denne romanen får ein innblikk i kor einsamt kvar enkelt menneske er i ein familierelasjon er. Ein får sjå korleis eit problem kan skape avstand mellom to som ein gong var gift, og korleis eit forhold til andre forandrar seg når tida går framover utan svar. Karin Fossum er mest kjent for sine kriminalromaner , men ho har fått Tarjej Vesaas’ debutpris for diktsamlinga Kanskje i morgen. I 1992 kom den fyrste novellesamlinga hennar ut, og ho er fortsatt ein aktuell forfattar i dag.

Mirjam Kristensen er forfattar i boka Dagene er gjennomsiktige. Dette er hennar fyrste bok og den vart utgitt i 2000. Boka gir seg ut på ein stor tragedie for ein liten familie, og om det å miste ein familiemedlem. Spesielt vert me leia av Sofie sine tankar gjennom heile historia. Boka er delt i to delar, fyrste med Sofie som barn, og andre del om Sofie som vaksen. Boka handlar om korleis familien må leve med ei tung bør, og om vesle Sofie som er berre eit barn sjølv, og ikkje har noko formeining om så djup sorg. Ein følger tankane til Sofie og får eit innblikk i korleis dei andre familiemedlemmane reagerer.

Desse bøkene skreiv eg særemne om på vgs. Eg arbeidde ut frå tittelen Kunsten å takle sorg. Den gongen synes eg dette var kjempe interessant. Det eg vil fram til i dette innlegget er at de bør ta ein kik på desse bøkene. Dei gav noko til meg, kanskje gjev dei noko til deg.

Dagens visdom:

Det er ikke hvordan man har det

men hvordan man tar det

Ingen kommentarer: