torsdag 19. august 2010

Eit siste farvel, Mulan..

Mulan vart kjøpt inn som vennine til Moony (som me trudde var ei hoe) og var ei reinrasa hermelin. Ein kald vintersdag i februar 2004 viste det seg at Moony var ein hann, og Mulan vart mor til fire. Ho vart også mor til fleire i ettertid, før me fekk kastrert Moony. Mulan var fødd 1. juni 2003 på ein dyrebutikk på Moa. Gjennom åra sine har Mulan budd trufast ved Moony si side og dei har vore som eit ektepar. Dei har også budd saman med nokon av ungane sine. Mulan har dei seinare åra vore plaga med luftveisinfeksjonar. Noko ho har vore behandla for. Det siste halvåret har ho vore sjuk, og i går kveld rann det over for henne med sjukdom. Flugelarvar angreip magen og områda rundt kjønnsorgana. Eit forferdeleg syn, og ei stor smerte for ho. I dag sovna ho inn i ventetida for dyrlegen, 7 år gammal. Ho vert eit stort sakn i flokken, og mest av alt vil Moony verte veldig einsam.

Kvil i fred, Mulan!

Ingen kommentarer: