fredag 27. august 2010

Nok eit farvel, Bonnie..

Bonnie vart omplassert til oss frå familien Wangen våren 2005. Ho var fødd 15. mai 2003 og var ein reinrasa dvergwedder, frå same oppdrettar som vår BitteLita er ifrå. Bonnie budde fyrst saman med den andre kanina Sølvi. Dette fungerte kjempefint, heilt til Sølvi døde året etter på. Deretter kjøpte me inn ei kanin som me kalla Miini. Ho vart tatt av katten få dagar etter ho kom hit, og måtte bøte med livet i ein alt for tidleg alder. Dermed vart Bonnie aleine igjen. Då kom BitteLita inn i bilete, saman med ei kanin til som også vart kalla Miini. Bonnie har me andre ord vert gjennom forskjellige sambuarar og enda sine dagar saman med BitteLita og Miini ved si side.

Bonnie var ein typisk dvergweddar med mykje gi. Ho var ein av dei tammaste kaninene me har hatt her. Ho kom so snart du gjekk forbi gjerdet, og ho elska kvar ein løvetann du gav. I dag sovna ho inn etter ei kort periode med sjukdom. Bonnie er allereie eit stort sakn.

Kvil i fred, Bonnie!

Ingen kommentarer: