torsdag 31. juli 2014

Kvalpane 2 veker!

 I dag er kvalpane 2 veker. Tida har gått utruleg fort. Dei siste dagane har augene byrja opne seg på både fyrste og andre tispa. Den tredje ser ut til at det kjem i løpet av neste døgnet. Alle har byrja å sette føta under seg og kavar seg til mor når ho kjem med mjelkemaskina. Dei har også byrja å vise litt forskjellar og er litt meir enn berre ein sovande, søt ball.
 Dette er tispe nr 1. Ho har kallenamnet "Arya" i kullet. Ho er minste jenta, men har akkurat passert 400g. Dermed har me oppnådd målet om å doble fødselsvekta!
 Her har me tispe nr 2. Ho har fått kallenavnet "Meera". Ho er dovendyret i kullet. Ho søv relativt godt når ho fyrst bryr seg. Ho ligg midt mellom begge når det gjeld vekt.
Til slutt har vi bolla pinnsvin. Tispe nr 3. Ho er veldig glad i mat. Har passert 600g og vert kalla "Sansa". Ho er matvraket i kullet.

Dagens visdom:
There's no such thing as a bad idea. 
Just poorly executed ones.  
- Damon Salvatore

onsdag 30. juli 2014

Gruppebileta frå fotografen!

 Eg var jo som eg fortalde for fleire månadar sidan til fotografen Eide. No når eg likevel satt å styrte med bileta tenkte eg det kunne høve seg å dele gruppebileta. Enjoy!
 


torsdag 24. juli 2014

Kvalpane 1 veke!

 I dag fyller jentene si fyrste veke. Dette må sjølvsagt feirast med nokre bilete. Fyrste veka har vore travel, men lærerik. Junah har vore mykje plaga med varmen, og temperaturen på kvalperommet såg ut til å vere umogleg å få ned i leiligheita. Mandag flytta me kvalpekassa på stova. Der er temperaturen mykje betre. Etter det har mor og barn hatt det hivens. Junah har vore meir saman med kvalpane, og stressar mykje mindre med å gå til og frå på grunn av varme. Heldigvis er her ikkje andre hunda i hus for tida, og me er berre to vaksne som bur her. Dermed får dei det like fredelig og roleg her inne!
 
 Tispe 1 (337g) har slite litt med å få i seg nok mjelk denne veka. Etter ein liten studie av forholda i kvalpekassa fann eg fort ut at dei to andre gribbane skubbar ho vekk når mjelka kjem. Dermed brukar ho veldig mykje tid og energi på å leite etter ny patte. Med litt hjelp nokre dagar er ho no på eit mykje betre spor.
Tispe 3 (452g) veks frå dei andre og trillar snart rundt seg sjølv. Ho er litt av ein hylar når ho ikkje får det som ho vil, så dette kan nok verte ei artige taus. Grådige også.
Medan tispe 2 (393g)  ligg midt på treet i vekt, og er eigentleg det eg anser som heilt "normal" foreløpig. Ho er smart, finn alltid ein pupp for seg sjølv. Gidd ikkje krige for slikt.

Dagens visdom:
Dei som trivst dei veks..

onsdag 23. juli 2014

Ei epoke er over..

Miini vart fødd på Ørje 23. juni 2006. Ho vart bringa med fly saman med Linda opp hit til meg. Ho vart straks satt saman med BitteLita, og desse to fungerte godt saman. Miini var ei bestemt dame som var krysning mellom dvergwedder og løvehode. Ho var litt sjefete i "luftgården", men likevel herska der stort sett ro. Siste åra har Miini levd aleine i kaningjerde. No er kaningården tom. 

Kvil i fred vesle venn!

Kaninhistoria mi starta for veldig mange år sidan. Me fekk oss ei svart dvergwedder som me kalla Minni. Ho fekk me med bur og heile pakka. Ikkje mange år seinare kom Florry Mariekjeks saman med henne. Desse to var egentlig heilt like i mine auger. Då Minni og Florry døde måtte me nesten ha oss nye kaniner. Då reiste me å henta to "like" kaninungar. Ein til meg, og ein til søstra mi; Propella og Minni (2). Desse to var nokre artige damer.
Ikkje mange åra seinare overtok me ein ny dvergwedder, Sølvi. Det tok mange timar å få Sølvi til å gå saman med desse to bestemte damene, men det gjekk. Etter mykje tid saman på plenen vart dei venner. Minni og Propella døde ganske så nøyaktig med eit års mellomrom. Sølvi døde nokre månadar seinare enn siste. Då hadde me overtatt nok ei omplasseringskanin; Bonnie (dvergwedder).

Brått satt me igjen med ei kanin. Då var det på tide å fornye. Eg kjøpte inn ein nydelig kaninunge (wedder) som skulle bu saman med Bonnie. Denne kalla eg Miini. Ho var så skjønn og søt. Diverre greidde katten å drepe henne. Me var tilbake til start.
Medan desse to skulle verte vennar hadde me anskaffa oss Moony (wedder). "Ho" gjekk ikkje saman med Sølvi i det heile. Det var forøvrig derfor Miini kom i hus. Då måtte me sjølvsagt få ein partner til Moony. Dette vart Mulan (hermelin). Moony viste seg å vere ein hann, og me hadde brått mange kaniner.

Me hadde igjen ein del av ungane. Helene, Trampe, Sjakk og Silke. Resten solgte me. Etter at Miini døde trengte Bonnie fortsatt ein venn. Dermed kjøpte me BitteLita. Ei kjekke dvergwedderdame frå Volda.
Etterkvart dukka det opp litt andre tilfeller; ein "hare" gis bort gav meg overbevising om å køyre heilt til Kyrkjsæterøra. Ein Belgisk Hare med navnet Sissi. Etterkvart kom også siste tilskuddet, som enda epoka i dag; Miini frå Ørje..

Det har vore ei fryd å kjenne alle desse individa. Me har gjort så masse kjekt, opplevd mykje og virkelig fått sjå korleis kaniner skal vere. Det er i alle fall sikkert at kanin vert i min hage når eg flyttar i hus igjen. Herlige dyr med mykje personligheit. 

Takk for alt små venna!


 

fredag 18. juli 2014

Mørke sider ved oppdrett..

I dag fekk eg oppleve den triste og grusomme delen av å vere "oppdrettar". Det heile starta i går kveld når eg skulle vege kvalpane for å sjå kor dei låg an fyrste dagen. Alle hadde framgong bortsett frå ei, ho hadde gått ned 15g. Eg fann fram til ho i kvalpekassa for å sjå korleis ho greip an mjelka.

Ho leita og leita, men fekk liksom ikkje tak. Eg meinar bestemt eg hadde sett ho suge rett etter fødsel, men no i ettertid er eg ikkje sikker lenger.

Eg prøvde iherdig å hjelpe ho i gong. Pressa ut litt mjelk å fekk munnen over. Kanskje fekk ho nokre dråpar, kanskje ikkje. Eg prøvde også med litt druesukkerblanding då ho no tydelig ikkje var som dei andre.

Fleire gongar gjennom natta prøvde eg, og snakka med andre med erfaring. Fleire tips vart prøvde, men ingen fungerte så godt.

I dag tidleg vart eg og dyrlegen einige om å prøve erstatning. Ho saug delvis sjølv, men var ikkje kjempe engasjert. 4 ml fekk ho, og vekta gjekk litt opp.

2 timar seinare var eg tilbake i kvalpekassa. Då ligg ho berre der, gispar etter luft. Me reiste direkte til dyrlege. Ho sjekka etter væske i lunger, gav sukker, middel for hjarte, middel for pusting, masering, varme. Ho prøvde alt. Ei lita stund såg det bra ut, men så ville ikkje hjarte meir...

Vesle jenta vart berre litt over ein dag gammal. Navnet ho skulle få var Talisa.
Kvil i fred lille venn!

torsdag 17. juli 2014

Kvalpane er fødde!

I dag tidleg kom der kvalpar. Det heile byrja rett før halv åtte. Då kravla Junah opp i senga mi. Eg kunne kjenne pressveene og forstod at eg berre måtte vakne med ein gong å prøve og overtale Junah til å halde seg i kvalpekassa. Etter litt ueinigheit vart me einige om at det kunne vere greit det.
07.52 kom fyrste kvalpen. Eg hadde på førehand ringt jormora mi (Hildegunn), men ho rakk ikkje fyrste. Dermed måtte eg berre stole på at Junah i det minste visste kva ho styrte med. Det gjekk så bra. Ei sobel tispe på 181g såg dagens lys. 
08.39 var nummer to ute. Endelig kom fargen eg likar best, nemleg tricolor. Dette var også ei tispe. Ho vog 196g. No var også Hildegunn komt, så assistansen var større og me fekk kokt ihop denne vindunderenergidrikken eg stod å kokkelerte på førre dag. Junah slurpa i seg i stort behov for meir energi. Ein kunne allereie no sjå at ho var sleten.
Den neste kvalpen tok tid. Me forstod etterkvart kvifor. Denne kvalpen kom baklengs utan pose. Etter litt drahjelp frå jordmora var ho ute 10.04. Nok ei tispe, denne var sobel og 225g. No byrja me å kjenne på magen til Junah for å sjå om der var fleire igjen. Hildegunn kunne finne ei, men me kunne ikkje sjå vekk ifrå at der kanskje var ein nr 5 sidan ultralyden viste det. 
 
Hildegunn, som hadde gjetta så bastant på at nr 3 skulle vere hannhund, prøvde å gjette seg på siste også. 10.52 kom der ut ei sobel tispe. Ho vog 230g og vart den største i kullet. Alle jentene med forskjellige teikningar og personlegheiter. Tispe nr 4 var rett nok einaste som kunne skryte på seg ein krage.
 Etter dette fall det til ro i kvalpekassa. Junah vaskar ennå i skrivande stund på dei. Kan ikkje vere skitne må forstå. Det vert ei spennande tid framover no!

Dagens visdom:
From the day we arrive on this planet,
and blinking, step into the sun..

søndag 13. juli 2014

Sumar i Noreg!

 Dei siste vekene (les heile året i år) har det vore strålande veir. Dette byr på mange aktivitetsmoglegheiter. Bading, padling, turar. Det er no ein må nytte det. Kven treng Syden denne sommaren?
 Kajakken har fått litt tid å støve nede på. Derfor tørka me av den og stroppa den fast på taket på bilen. Så kaure me oss bort til Hovdevatnet. Deilig å kunne padle i ferskvatn.
 Anja, styrmannen, nyter som vanleg slike idear. Å sitte å speide på ein kajakk fungerar veldig godt for henne. Det fungerte også godt for den høgdrektige Junah.
Etter litt padling tok me oss ein liten tur opp i sida mot Helgahornet. Junah har litt begrensa med energi og styrke, derfor tok me det slåande med ro. Stoppe, nyte, ta inn. På turen møtte me tre digre padde. Fyrste gong eg har sett padde. Fasinerande greier. Det syns forøvrig Anja også som hoppa etter.

Dagens visdom:
I've got sunshine..

lørdag 12. juli 2014

Liadalsnipa..

Torsdag satte eg og søskenbarnet mitt, Karin, vegen mot Liadal. Der hadde eg sett meg ut at me skulle kome oss opp på det fjellet som alle ser og køyrer forbi, nemleg Liadalsnipa. Me hadde på førehand lest oss litt opp om kva me gav oss ut på, og visste mellom anna at me skulle ta av mot Halse og køyre opp til ein gard. Ved den garden parkerte me å starta ferda på ein traktorveg.

Etterkvart gjekk det over til skikkelig sti. Skodda låg godt rundt fjella denne dagen, men der var heldigvis tidlege teikn på at me skulle over. Allereie då me kom opp av skogen såg me utover det endelause skoddelåket som låg ut mot havet. Me fekk også kjenne at varmen skulle kome sigande i dag. 
Anja var sjølvsagt med, og heldigvis for ho kom Nakkevatnet på vegen oppover. Eit friskt og lokkande vatn som du ser heile klatreturen oppover. Tenkte mange gangar på kor herlig det hadde vore å berre stupe ned att i det friske og kalde vatnet. Me nøya oss med å plaske litt med henda, medan Anja tok symjinga på alvor.

Etter Nakkevatnet byrja det å verte noko brattare. Då me kom opp på fyrste kanten fekk me nok ein gong nyte ei slåande utsikt, men enda med skodda som landskap. Vidare møtte me fyrste klatreetappe. Overraskande nok var der mykje "handtak" i steinane. Dermed gjekk det overraskande bra. Anja tok i som ei fjellgeit oppover, men eg er glad ho er så "liten" og lett som ho er. Hadde ikkje turt å ha ansvaret for noko større hund opp i dette terrenget.
Det var nemlig luftig rundt oss. Eine sida var det ned mot Ørstafjorden, andre sida var det rett ned i Nakkevatnet. Ein kan jo vere heldig å lande i vatn, eller? Der var nokre få gonga eg rakk å tenke; "Dett eg no, då er det over!". Heldigvis var der ikkje for mange slike tankar på vegen opp.

Heile vegen oppover var det tydelig rås. Det var aldri tvil om kva veg me skulle. Nokre parti krevde litt meir tenking og logistikk enn andre. Der var spesielt to parti der eg måtte hjelpe den firbeinte litt. Då var det godt me var to så den eine kunne klatre føre og ta i mot hunden. Kanskje litt feil å kalle hunden firbeint, for me gjekk nok like mykje firbeint me som ho.

Så var me plutselig på toppen. For ei utsikt, så god plass, så deilig, og for ein meistringsfølelse!
 Brått medan me var på toppen å tok bilete frå aust til vest, då letta skodda.
 Me tok oss også ut på enden mot Ørsta. Nokså luftig der også, men det vert på ein måte berre ein vane til slutt. Sjølv om Liadalsnipa kanskje ikkje er det høgste fjellet i nærområdet har det i alle fall utsikt som om det var det. Me kunne sjå langt alle vegar. Eit sentralt punkt som må opplevast!
Turen ned att gjekk overraskande bra. Det var godt å kome ned att til Nakkevatnet å få skylle seg litt. Eg var også positivt overraska over Anja. Kor fint å ho klarte å tilpasse seg klatringa både opp og ned. Eg anbefalar alle å ta turen hit, men ikkje dersom det er vått!
Dagens visdom:
Luft bere deg ikkje, så ber deg sjølv..

søndag 6. juli 2014

Tur til London..

Mandag reiste eg og Ole Andreas ein tur til London. Me reiste med Norwegian frå Vigra. Veldig sytalaust å ta direktefly der ifrå. Slepp all reisinga i tillegg til flyging. Me landa ganske seint på Gatwick, så var så vidt me rakk siste toget som gjekk dit me skulle. Me budde på Novotel London Brentford. Dermed måtte me ta toget til Clapham Junction og skifte til eit tog som gjekk ut til Brentford. Der ifrå tok me taxi for å endeleg kome fram til hotellet.
 Novotel London Brentford er eit heilt nytt hotell som opna i juni. Veldig moderne og flott hotell til ein rimelig pris. Den rimelige prisen skuldast nok at den ligg litt utanfor sentrum. For å kome inn til Picadilly Circus måtte me gå 10 min til næraste undergrunn (South Ealing stasjon). For så å ta Picadilly line inn til sentrum. Dette tok omlag 30 min. Det fine med å ta undergrunnen er at du vert godt kjent i London medan du reiser rundt. Me kjøpte oss dagskort for å kunne tube oss rundt til alle attraksjonar.

Dag 1

Tysdag gjekk me inn for å verte litt kjent i området. Dermed tok me tuba inn til Picadilly Circus og vandra oss opp og ned Oxford Street. Då fekk me dekt alle våre handlebehov, i alle fall nesten. På Conventry Street fann me ein T.G.I. Fridays. Der passa det eigentleg utmerket å ete middag. I tillegg var eg så heldig å finne ein Tokyo Toys butikk rett over gata. Dermed fekk eg kjøpt meg pocky og kule t-skjorter.
Dagen var ennå ikkje over då me satte oss ned ved statua på Picadilly Circus. Me bestemte oss derfor å ta tuba til Westminster for å sjå Big Ben på kvelden. Veldig flott med all belysning og slikt å sjå den på kveldstid. Me kunne likevel ikkje drøye det for lenge. Tubene stenger tidleg i London. Siste går rundt midnatt. Så etter å ha vandra oss bort mot London Eye bestemte me oss for å gå til næraste stasjon (Waterloo) å reise heim.

Dag 2

 Onsdagen bestemte me oss for å finne ein Hollisterbutikk. Den me hadde sett oss ut var på eit kjøpesenter som heitte Westfield. Me fann ut at me måtte ta tuba til Sheperd's Bush. Der ifrå var det 5 min å gå. Kjøpesenteret var meir som ein enorm by av butikkar og restaurantar. Me fann heldigvis fort Hollister, og gjennom nokre fancy cyberkart som ein kunne trykke på fann me også andre butikka av interesse. Fann mellom anna ein dyrebutikk (Purple Bone). Men prisar og ikkje minst størrelsen på butikken var skuffande. Ein så dyrekjær nasjon som England skulle ein tru hadde litt meir spennande ting, til kanskje ein rimelig pris.

Sånn prismessig var London ikkje noko spesielt billig. Same prisar som Noreg, om ikkje nokre ting var dyrare også. Utvalet er derimot mykje betre. På Westfield fann eg meg ein Puma butikk. Herlig å finne så mykje gode kle på ein stad. Puma ftw.

For å bruke opp tid før kvelden reiste me ut til Tower Hill. Der fekk me sjå på Tower of London. Einaste grunnen til at eg hadde interesse for det var sjølvsagt at eg diggar serien "Tudors" som handlar nettopp om den tida då "the Tower" var mykje brukt. Me fekk også sjå Tower Bridge, den mest imponerande brua i London dersom du spør meg. Tuba var overfyllt på vegen attende (rush mellom 12-17 ish), derfor gjekk me langs elva retning Waterloo berre for å "kjøle" oss ned.
Onsdags kveld var det store høgdepunktet. Me tok tuba ut til South Kensington. Derifrå var det fine subway'a å vandre i til Royal Albert Hall. Her skulle me nemlig få oppleve ein fantastisk konsert med Coldplay. Stemninga var på topp, hallen var flott. Trur faktisk dette må vere ei av dei største opplevingane eg har fått vore med på, i alle fall i konsertsamanheng. Etter konserten gjekk me saman med ein stor fanskare ned att til tuba. Det var vindunderlig stemning. Alle song på Coldplay låtar så undergrunnen rista.

Dag 3

Torsdags morgon reiste me ut til Baker Street via undergrunnen. Der ligg Madam Tussauds. Me hadde bestillt biletta på førehand og skulle vere der mellom 1030-11. Veit ikkje kva hensikt dette hadde, men me stod ikkje så lenge i kø før me kom inn. Inne var det veldig mykje folk, eigentleg alt for mykje folk. Dersom ein ville ta bilete saman med nokon måtte ein stå i kø. Dette er vel noko ein må rekne med i høgsesongen. Fasinerande var det i alle fall. Mykje bra, og nokre få dårlige.
Etter Madam Tussauds måtte med ned til neste hovudattraksjon; London Eye. Då bar det ned att til Westminster. Her var ei forrykandes utsikt og deilig air condition. Etter dette var det neste viktige attraksjon, Hard Rock Cafe. Då bar det oppover til Green Park. Der åt me ein nydelig lunsj før me vandra litt rundt å såg på minnestatuene rundt om. 
Til kvelden vandra me litt rundt på Picadilly Circus. Brått rundt eit hjørne fann me ein M&Ms butikk. Dette var meget fasinerande. Etter litt m&ms var det på tide å kome seg inn på ein kino. Trass at premiera ikkje var før 4. juli fekk me likevel sjå "How to train your dragon 2" på VUE Leicester square. Veldig søt film.

Dag 4 - Final day

 Fredagen pakka me saman på hotellet og sjekka ut. Dermed dragsa me med oss kofferta og styr på tuba og inn til Picadilly. Der tok me oss ein tur på Burger King og satt oss ned langs fontena på Leicester Square. Me hadde oss også ei siste runde rundt for å kike etter nokre siste gode kjøp. Ikkje så alt for mange tima seinare måtte me ned til undergrunnen igjen. Der tok me tube til Victoriastasjonen. Frå der kunne me ta direktetog ut til Gatwick igjen. Eit lite storbyeventyr var dermed over. Då me landa i Noreg byrja regnet. 

Dagens visdom:
Live, Love, Dream ..