søndag 25. mai 2014

Kurs i spesialsøk modul 1..

Bilete av Hege Lystad
Denne helga har eg vore på kurs med Stig Meier Berg. Dette var eit kurs i noko som dei kallar spesialsøk. Som Stig skrive på si heimeside: "Spesialsøk er en betegnelse på ulike aktiviteter knyttet til bruk av hundens unike nese" (spesialsok.no). Dette var altså eit kurs som handla om nasa til hunden. Dermed opna moglegheitene seg for eit kurs som kunne vere perfekt for Anja. Som regel er det Junah eg kursar, men denne gongen var det liksom bestemt at Anja var den mest aktuelle.

Fredag hadde me ei lita teoriøkt ved sidan av pissoara på det som ein gong var Grepa i Ørsta. Her snakka Stig ein del om spesialsøk og kva dører det kan opne. Det fins jo uendelig mange lukter du kan lære ein hund å leite etter. Alle har vel haurt om likhundar, narkotikahunder og slikt? Spesialsøk handlar om å trene opp nettopp slike hundar. For som dei fleste veit er hundenasa eksapsjonell. 

Laurdag byrja me med praktiske økter. Lukta me skulle fokusere på var Yellow Label te. For å trene på denne lukta brukte me ei "plattform" som Stig har utvikla. Veldig praktisk og effektiv læringsplatform. Allereie etter fyrste økt kunne ein sjå at alle hundane fatta interesse med nasa.

På søndag, etter at hundane hadde fått tenke seg om etter ei natt, såg ein stor endring på atferden dei viste. Så på slutten av kurset kunne Anja og mange av dei andre hundane, skilje ut Yellow label frå andre tesortar, og kaffi mellom anna lukt. Eit inspirerande og artig kurs som gav mykje glede både for hunden og meg. Neste helg vert det modul 2. Så får me sjå om me kan ta det enda lenger. Eg gled meg! 

Dagens visdom:
Dogs can smell the truth..

torsdag 22. mai 2014

You're never fully dressed without a smile..

Nokre dagar tek pessimisten over den indre diskusjonen og mørklegg tankane. Me har nok alle ein gong i livet møtt pessimisten i oss. Han er agressiv, sint, frustrert og ikkje minst ondskapsfull. Han veit akkurat kvar det sårar mest, og han legg ikkje skjul på det. Han leverar ord i reine fossefall og bryr seg lite om kvar fossefallet fell, og kor langt ned du fell med det. Han er fri som vinden, og har få fiendar.

Pessimisten tek snarvegar og kjem ofte fyrst fram. Erkefienden hans kjem ofte mykje forseinka, om han i det heile dukkar opp. Pessimisten fortel deg kor lite du er verdt, kor dum du ser ut, kor verdilaust livet ditt er, kor meiningslaust kvar ei handling du gjer er, kor lite alle bryr seg om deg, kor lite meining alt du gjer og vil har. Han fortel deg at draumar er til for å knusast, at du ikkje har lov å vere lukkeleg, og at du berre må finne deg i å vere eit ulykkeleg individ som ingen bryr seg med.

Der er få fiendar, men fiendane er sterke når dei fyrt kjem fram. I utgongspunktet held ofte barndommen pessimismen borte. Eit bekymringslaust liv, der ein tenkjer at alt går. At ein kan flyge, at ein kan snakke med dyr, at ein kan bli millionær å kjøpe alt ein ynskjer når ein veks opp. Alt er mogleg. Barndommen er fin slik. Den fortel deg og prøver lære deg at du er sjefen, du bestemmer, du kan bli akkurat den og kva du vil. Frykt ikkje, smil og ver lukkeleg. Barndommen taper diverre ofte kampen mot pessimismen med åra. Heldigvis fins der nok ein fiende.

Optimismen. Ei smilande sjel. Ein varme, eit lys i tunnellen. Håp når alt håp er ute, løysinga på det umoglege. Framtid, positive tankar, glede, lykke. Saman med oss kjemper optimismen heile tida for å kome gjennom. For å gje livet ditt ei meining, for å sjå verda klar til å oppleve, verte utfordra, vinne. For å leve. 

Dei stridast om kvarandre. Prøver å rope høgast. Hovudet spinn rundt i trange sirklar. Eit virrvarr av tankar, blanda mellom liv og død, jord og skyer. Til slutt må ein berre ta eit val; kven skal få vinne? Kven sin synsvinkel treng eg i dag?
   
Bilete lånt frå wallpoper.com


Min kjære data er tilbake!

Etter to månedar utan data er eg endelig tilbake på ein brukbar bærbar. Ein trur kanskje ein greier seg med ein smarttelefon, eller nettbrett, men når det kjem til stykket er dei ikkje bra nok. Eg håpar alle hadde ein flott 17. mai. Det er trossalt den einaste "big happening" som har vore på desse to månedane. I alle fall i mine auge. Ja, og så har eg sjølvsagt hatt gebursdag. Eg håpar å få til ein meir aktiv blogg igjen no. Så får me sjå om det held seg oppe.

Planane framover består for det meste i hund, hund og hund. Eg trenar for tida til stemne i rallylydigheit som skal vere på Lom i midten av juni. Det er liksom treningsmålet vårt no til dags. I tillegg har Junah vore på Lillehammar på friarferd. Meir om dette kjem når det har gått ei fire veke og eg veit om det vert noko av. 

I tillegg er det siste innspurt i skuleåret. Mykje som skal gå i hop før sommarferien tek laust. Spesielt dette med å kome gjennom pensum. Det er faktisk eit kapittel for seg sjølv. Kanskje, viss eg gidd, kjem det bilete av leiligheita mi også. Er ikkje godt å seie kva eg finn på no som eg har fått data igjen.
Her er eit bilete frå min 17. mai. Eg var i Oslo. Der var kaos. Gardeleiren var derimot kos. Trur eg tek bygdefeiring neste år!
 
Dagens visdom:
It's time to begin..