fredag 27. april 2012

Anja 4 år!

 I dag fyller Anja 4 år. Tida rasar avgarde, og eg føler ho nettopp var den vesle kvalpen som eg henta på Leikong på jonsokafta. No er ho ei stor deigete jente, som elskar å bruke stor plass i sofaen.
 Ho er sjølvsagt meir enn det også. Det var tidleg at draumen om å verte Lassie kom opp. Desverre var ikkje ho rasetypisk for Collie, og vart nekta rolla. Likevel tek ho rolla på alvor i kvardagen.
 Ein kan seie mykje om Anja sine forhold til forskjellige hundar rundt om, men at ho og Junah har veldig god kjemi kan ein ikkje sjå vekk ifrå. Eg er glad dei fungerar så godt saman som dei gjer. Det var ei tid då eg og Anja var aleine, men me syns ikkje Junah er så verst heller.
 Sjølv om ho er byrja å kome opp i åra, er ho absolutt like nyskjerrig som før. Det er godt at ho er vaken og opplagt. Eg føler tida går så alt for fort. Me satsar sjølvsagt på at Anja skal leve i mange mange år til.
Kva er ein gebursdag utan godis? Griseøyra har ho sjølvsagt fått, i tillegg fekk ho godis i gåve med Really. Det fall veldig i smak. Ho takkar ikkje nei til mat denne kjella nei.

Gratulere så mykje med dagen din Anja! 


mandag 23. april 2012

Helgekurs i Agility!

 Heile helga har me dreve på på grusbana i Ørsta. Der har me vore gjennom alle hindra, og hatt det mykje artig. Eg har eit utval bilete av Junah, då eg ikkje likar å legge ut bilete av andre sine hundar utan løyve. Dette fyrste bilete er Junah på veg over stigen. Eg ser som vanleg svært normal ut.
 Junah var stort sett flink på hindra, men der var to stykk som var veldig skumle. Den fyrste var vippa. Tenk at den bevega seg. Det var forferdeleg skummelt. Eg trur nesten me må kjøpe oss ei eiga vippe, slik at me kan øve det inn heime.
 Den andre tingen som var skummel, var pølsa. Det var skummelt å måtte skubbe opp sjølv. Derfor treng ho ein god del øving der. Litt tøffare so har ho det!
 Bevis må ein ha veit du!
 Her er me i full aksjon på fleire hinder på rad. Junah syns det var veldig kjekt, og gjorde alt for ein liten pølsebit.
 Slalom tek tid å lære, men me er på veg!
 Dekket var null stress...
Alt i alt var det ei strålande helg, med godt ver, og godt humør. Mange kjekke folk og hundar. Forskjellige personlegheiter, og forskjellige meiningar. Likevel fungerte det kjempe fint. Me har fått ei grundig innføring i kva agility er for noko, og smakt mykje på korleis det skal vere. Junah tok mykje kjempe fint, og eg har ein del å emne på. Det kan verte kjekt å trene vidare å sjå kvar me endar. Kanskje ein vakker dag tørr me oss på ein offentleg konkurranse! :-)

Dagens visdom:
It's the jump that lifts you from the ground..

lørdag 21. april 2012

Good Old Times..

 Sidan eg treng minnekortet til Ole Andreas i morga, måtte eg tøme kamera hans for bilete. Det resulterte i nokre gamle slagarar så eg gjerne vil dele. Dette fyrste bilete er frå ei gebursdagsfeiring for Sandra. Der hadde me det hivens, og tok ei runde POI mellom anna. Og så såg me den filmen om han guten som var homofil. Muligens Mannen som elsket Yngve? Uansett, ein fin happening.
Her er eit anna gamalt bilete frå den tida det var berre eg og Anja. Det var ei tid det også. I morga skal eg oppdatere dykk om agilitykurset, samt legge ut nokre bilete. Eg berre seier det; Agility er KJEMPE kjekt. Anbefalt for alle. Meir info om det i morgon!

Dagens visdom:
Steady, steady...... GO!

onsdag 18. april 2012

Eidskyrkja og pusane!

 I går var heile klassa mi på topptur. Me kaure inn i Austefjorden og tok sikte for fjellet dei kallar Eidskyrkja. Det er høgste fjellet i Volda kommune. Du ser ikkje toppen på dette bilete, men dette var altså der me starta.
 Det var strålande ver. Klar, blå himmel med ei sol som ruva over himmelen. Det var litt kjølig i lufta, men eigentleg var det heilt perfekt. Dei fleste gjekk på ski oppover, medan eg vandra på truger. Dette bilete er frå det læraren kalla Appelsinhauen, men ei i klassa meiner namnet er feil.
 Alt var så nydeleg rundt oss. 
Eg måtte heile tida stoppe opp og beundre naturen.
 Her har me endeleg vasa oss opp på skaret etter ein litt brattare bakke.
 Her står me ved toppen, og ser voldsfjorden. 
Såg til og med heim til Dalsfjorden. 
Ei finare utsikt skal du leite lenge etter altså!
 Ei lukkeleg Anita på toppen. Det var verdt all innsats!
 Eg berre seier det, har du anledning bør du ta turen. 
Ein nydeleg tur å gå!
 Så kan me snakke litt om fosterpusane. No vert dei lagt ut av Dyrebeskyttelsen og er klar for nye heimar. Dei er omlag 4 mnd gamle. Dette er Yuki og Atlas. To bestevennar, og gode brødre. Eg håpar eg finn ein trygg heim til dei, desse trur eg gjerne kunne likt å bu ilag også.
Så har me Rebus. Er litt usikker på kjønn ennå, for han/ho er ikkje så trygg på folk som dei andre to karane. Derfor heng han litt igjen. Lurer på å vente litt med Rebus, slik at det vert eit betre utgangspunkt. 

Dagens visdom:
Life goes on;
Praise the day!

fredag 13. april 2012

Friday..

 I dag har det sludda heile dagen. Likevel fekk me ein nydeleg kveld. Det har klarna heilt, og akkurat i skrivande stund gjekk det ned til minus. Eg trur det vert ein fin dag i morga, om ikkje er det iallfall lov å håpe! Dette bilete av hundane var tatt i dag. Du kan til og med skimte sola i fjella.
Her ser ein litt meir av verforholda. Nysnø i fjellet, men klarninga på god veg. Eg har ikkje lyst på meir snø eigentleg, men så lenge det er stabilt er det egentlig samma kva som ligg på bakken. Så lenge det ikkje er stabilt regn. Men nok om veret. Huset er vaska, det er varmt i stova; God Helg!

Dagens visdom:
Be a fool if the fool is right..

torsdag 12. april 2012

Ei ekstra friveke..

Nussi/Kattemora er no kastrert og klar for ny heim. Ho er omlag 7 år gammal, og likar godt å vere saman med folk. Ho er muligens ikkje så sosial med andre kattar, men dette er eigentleg ikkje testa. Ho fungerar IKKJE med hundar. Har hatt kattungar, og bar preg av dette, men har komt seg mykje no. Kanskje er der noken der ute som vil gje ho ein varig og god pensjonstilværelse?

Ellers so er den ekstra friveka mi snart over. Eg har eigentleg ikkje gjort noko produktiv, anna enn å skrive 900 ord til eit prosjektarbeid som skal avsluttast i morga. Kjenner eg gjerne kunne hatt noko skikkelig ferie, men det kjem vel etterkvart. Eg skal iallfall nyte siste helga.

Dagens visdom:
Berre kjærleiken vert betre når den vert brukt..

mandag 9. april 2012

Nokre kloke ord..

Before you go down 
and let the feeling of loneliness dark your mind,
Close your eyes and think of summer,
believe in a future,
believe that everything happens for a reason.
Believe in change,
and happy endings..


torsdag 5. april 2012

Skjærtorsdag..

 Sjekk den tunga..
 Flying carpet..
 To forventningsfulle..
 Som også er gode venar..
 Anjastyle..
Gjengen samlast for gruppefoto..

Dagens visdom:
No matter ho deep,
you'll know you'll reach the bottom..

onsdag 4. april 2012

Påsketid..

 Kva er betre enn ein SNØTRAKTOR??
Kan eg ver so snill få tygge på lestane??
 
 Kanskje det ikkje hadde vore så dumt med lestane likevel..?
 I arkivet fann eg eit fint bilete av desse to kjekke! :-)
Så slenger eg med eit stemningsbilete som illustrerar dagens meg!

Dagens visdom:
Du skal ikkje tru det vert sumar..

Time to be sentimental..

mandag 2. april 2012

Påskeferien har starta..

Då var påskeferien i gong. For å vere heilt ærlig føles det litt feil. Brått hadde eg "ingenting" å gjere. Mange kjenner vel kanskje til følelsen. Du gled deg så inderleg til ferie, men når ferien kjem så er det så merkelig, for du er van med å ha noko fast å gå til. Nei, eg klagar ikkje, men fyrste dagen er litt rar. Det vert nok trist når ferien er over.

I helja var eg i Oslo. Då var det utdrikningslag for systra som skal gifte seg i mai. Der nede var det sol, vår, og vakkert. So kom me heim hit, og her er det brått vinter igjen. I dag snøva det, konstant. Eg er eigentleg ganske glad i snø, men kjenner at eg er klar for vår. Var klar for ei påske med tørt og fint terreng.

Så er det vel i gong. Lat oss håpe påska byr på nokre gleder. 
Eg veit iallfall to stk som elskar at snøen er her..

Dagens visdom:
When you try your best
but you don't succeed..