søndag 27. februar 2011

Junah 6 månader!

Sjøen er sjølvsagt kjempe interessant..!
Stå i ro er ikkje gøy..
Tittei! :)

Dagens visdom:
Hit eit steg og dit eit steg..

fredag 25. februar 2011

Dagens dyrestatus..

Her har me Miini og Oskar. Dei hadde nok litt panikk for at eg skulle kome å jage dei inn for kvelden, så dei gjekk under bura for å kome seg vekk..
Her har me Helene som satt i buret sitt å tenkte, det samme gjor Kalle (øvre). Bittelita sprang inn i håp om mat når eg kom..
Anja hadde siesta. Men meda eg la inn bileta gjekk ho å stjal av dei nysteikte brøda...
Junah gjor seg skikkelig til for kamera. Rulla og tulla på golvet.
Var heldig å få dette på bilete akkurat i ein lydfylt gjesp!
Akvariet var ganske stille..
Her ser du flatemannen som et algar på pumpa..
Sandra er ute etter mat.
Ein kan sjå Vilde og Eli i bakgrunnen som ikkje er fullt så utadvendt.
Midna låg på stellebordet på badet og kosa seg!
Lisjepus hadde lurt seg inn på "roterommet" nede,
så ho slapp eg ut..

Amigo var ikkje å finne.. Ho er nok ute på kveldstokt og kjem igjen til kvelden..

Dagens visdom:
Ta livet som det faller seg..

onsdag 23. februar 2011

Happy B-day!

Gratulere så mykje dagen din i dag
Sandra Spears Lavigne Swift Bieber Gullhaug
.


Du skal no inn i ditt 25. år, og alle gode ting er 25. Er det ikkje det dei seier? Måtte dagen din ha vore super, der du har fått sittet på rumpa, og gjort så lite du ville. For i dag var det du som skulle feirast, med kake og sang, og spill!

I dag e du nok den beste, av alle venner eg har.
Ei stjerne av dei ekstra sjeldne, eit virkelig kult prakteksemplar
Eg er din venn i verda so berre vil deg vell
Derfor vil eg uttrykke min gratulasjon
og ynskje deg lykke og hell!

I dag har det vore ei glede, og dekke det flottaste studiobord
Me håpte du ville dele kaka
og øvde og sang i kor
I dag har vore sjølve dagen
Då du vart fødd til vår jord
Me lyftar glase å skålar for di kjære "vennen" mor!

I dag har du nok kika i speilet
Og smilt fornøgd til deg sjølv
For du e sjefen over alle sjefa
Frå i dag tidleg til seine kveld!

Eg skulle gjerne bert deg på gullstol
Til dagen din var forbi
Men sida du e ei varmekjelde
Hadde det nok endt i fyrverkeri!

Eg vil heller vere din venn i verda
Som berre vil deg vel
Eg vil derfor gratulere
og ynskje deg lukke og hell!

Så eg seier, eg er din venn i verda
som berre vil deg vell
Derfor vil eg gratulere
og ynskje deg til lukke med hell!!

mandag 21. februar 2011

Ein liten fjelltur..

Ved Kuvadet..
Ved Trollvadet..
Endeleg på Skaret..Petterbu i sin vinterglans..
Høge brøytekantar..
Anja kikar heim frå Bukkholshammaren.

Dagens visdom:
Millom Bakkar og berg..

søndag 20. februar 2011

Søndag..

Bein til førmiddagsmat..
Stå opp, for so å sove..
Morsk katt..

Dagens visdom:
Never say never..

fredag 18. februar 2011

Fullmåne..

Nydelig, stjerneklart og fullmåne..
Vart litt raudlig dette bilde.. Red fullmoon..
Månen er en ost..

Dagens visdom:
Better to be hated,
than loved for what you're not

tirsdag 15. februar 2011

Naturen..

Første gang eg har tatt bilde av månen egentlig..
Er ikkje lenge til han er full no..
Hjorten svelt, og er tidlig nede..
Kolle med kalv nyt glede av vedinga til Stein Jarle..

Valentine og potetrykk!

Notabene hadde sett ned desse rammene med leire til 29 kroner, så eg greidde ikkje la vere kjøpe uansett kor teit det kanskje er. Er ikkje so dumt å ha eit poteavtrykk heller for å tenke på kor stor foten er. Her er Anja sitt. Ho mala eg raudt til, og la på to hjerte.
Her er då Junah sitt. Det farga eg blått og svart og trykte på noken fotspor og bein. Synes det vart fint eg, vart veldig heimelaga feeling på det!
Her er buketten eg fekk med verdas beste kjæreste i går (Valentine). Det skal seiast at han brukar for mykje pengar på meg, for eg fekk også ein fin blå gensar. Men god er han jo uansett. Feiringa får me ta igjen litt til helja.

Dagens visdom:
Sol sig
Sol stig

mandag 14. februar 2011

Til minne om Gråpus..

Rundt august 1996 vart Gråen fødd. Ho var einaste i kullet som var fødd med kort hår, så ingen ville ha ho den gongen. Den dåværande kjæresten til Eva ville derimot det, og Gråpus budde hjå han til ho var rundt seks månadar. Etterkvart byrja Gråen å rasere i huset medan mannen var på jobb, så han ville ikkje ha ho lenger. Det var då me fekk tilbudet. Me hadde berre ein katt frå før, Svartepus, så me bestemte oss for å prøve. Dette var skikkelig klaff.
Gråpus vaks og vart ei godjente. Når ho ar lita hadde ho digre øyrer som såg ut som parabolantenner, og ho likte å sjå dråpar falle frå krana og ned i vasken. Dette var morsomme saker då ho var lita. Svartepus var veldig snill med Gråpus, og då Svartepus døde brukte Gråpus ofte å vere i nærheita av grava.
Lisjepus flytta inn, og Gråpus synes ikkje noko om dette. Ho hylte i fleire dagar, men til slutt vart det ein klaff, og dei var gode vennar for ei periode. I vaksen alder var dei ikkje lenger så gode vennar, og dei holdt seg mest for seg sjølv. Gråpus var ei veldig nervøs jente, så om det kom mykje folk til gards vart ho borte over ei periode. Ein gong måtte mamma gå opp i marka å finne ho. Den gongen hadde ho vore borte i tre veker.
Gråpus var ikkje mykje sjuk i livet sitt, men noko var der. Ho hadde ein gong dobbelsidig lungebetennelse. Den gongen var ho veldig sjuk, men ho kom seg heldigvis igjennom. Ho har vore eldstejenta vår no lenge, og levd sine pensjonerte dagar nede på vaserommet, i senga si oppe på tørketrommelen, men matservering på senga. Litt bortskjemt skal ein vere når ein blir gammal.

Sidan jul har ho hatt dårleg pels og vore litt rar i oppførsel. For to veker sidan var me bort å fekk sjekka ho, sidan ho var betydeleg annleis. Den gongen fann ein ingenting, og mistenkte at ho kunne ha blærekatarr, og kanskje vondt for å snu seg så ho fekk vaske seg. På laurdag byrja ho sleve så voldsomt, og det var ikkje noko fint syn når me opna munnen for å sjå. Der hadde det vokst seg ein tumor under tunga på høgre side. Ein vanskelig sort å operere, og ei agressiv krefttype. Me valde å la ho sleppe meir. Utviklinga var for skummel til å fortsette med, og Gråpus har det nok langt betre der ho er no!
Kvil i fred pus, og takk for 15 flotte år!

søndag 13. februar 2011

Snøleik i fineveret!

Dagens visdom:
Catch a falling star
and put it in your pocket..

lørdag 12. februar 2011

Ei hundehelg!

I dag har me vore ute i sol. Tenk at sola har satt sitt lys i Dalsfjorden igjen. Det var deilig, det gjekk fort frå 8 minus til 3 minus. Dermed var det berre å komme seg ut å lufte hundar, og treffe både folk og dyr.Me var også så heldige at Dina var å handla på butikken. Dermed fekk Anja og Dina herje i band, medan Junah såg det best i å sjå på. Dette var sjølvsagt ein stor bonus. Junah fekk også helst på litt folk.To gode venner dette!

I tillegg fekk me besøk av Chico i hagen. Dette var stor stas. Einaste so var dumt var at Anja er løpsk, og dette gjor sjølvsagt noko med Chico sin oppførsel. Var herleg å sjå han igjen. Har ikkje sett han på ei stund. Angrar på eg ikkje tok med kamera ut då!
Viktig å dele leiker!
Ein smule skeptisk..

Siste hund for dagen var Maya. Ho skal vere her over natta saman med folket. Me tok ein liten photosession med desse tre. Var ikkje alt som var like vellukka nei. I tillegg har eg trykt ut poteavtrykk av begge hundane. Dette kjem eg nærare inn på når eg får dei ferdig rammene!

Dagens visdom:
Som potar treff snøen
kan pinnen puttast i dammen