onsdag 28. august 2013

Junah 3 år!


For tre år (27.08.2010) sidan vart fire søte små født på Lillehammer. Tre tricolor tisper og ein blå hann. Den datoen hadde eg ingen planer om å skaffe meg ein kvalp, og få kunne ane at 14 dagar seinare skulle eg melde mi interesse for ei tric tispe.
Junah var ein vinterkvalp. Eg har ikkje tal på kor mange gonga eg stod ute i kulda å venta på at ho skulle gå på do. Det tok sann tid, de anar ikkje. Det treigaste eg nokon gong har vore bort i. Må ikkje tru det har vorte betre med åra, men no gjer ho ikkje noko inne lenger iallfall.
 Åra har gått så fort. Me har allereie vore gjennom så mykje saman. Kvar dag finn ho ein ny veg inn i hjarte mitt. Snart tek ho over heile greia. Me har utallige kurs underlagt, og me har felles mål for det neste året. Me skal fullføre Klasse 1, me skal byrje på klasse 2. Ho er med gjennom eld og vatn, det er nok det som gjer ho så kjær.

Gratulere med dagen Junah!
Måtte du leve evig.

Dagens visdom:
You are the sunshine of my life,
past and future..


mandag 26. august 2013

Beagle gone wild..

 Båndtvangen er over. Då er det dags for frislepp sjølvsagt. Her er ein liten smakebit av Anja.
 


Dagens visdom:
Run, laugh, live..

tirsdag 20. august 2013

The right line..



 Vegen i Våtedalen. Att og fram er like langt..

 Som de kanskje har forstått er det ikkje så mykje i mitt liv å skrive om akkurat no. Eg brukar det meste av tida på å leite etter arbeid. Eg har og byrja på Trinn 1 Instruktørkurs med NKK, gjennom Førde Hundeklubb. Dette tek opp litt av tida mi og. Eg slenger med nokre bilete frå dei siste vekene for å halde oppe spenninga. På denne tida alle dei andre åra har eg vore klar og byrja på Høgskulen. Dette er vel fyrste året på fem år at eg ikkje skal møte opp på Berte Kanutte. Det er ein rar følelse det.
Her er bilete av Helikoptere som var på støylen forleden.
Her er då eit godt bilete på kva eg styrer med for tida.

Dagens visdom:
Days go by, same story, new day.. 

søndag 11. august 2013

Hausten er på veg..

Forrige helg var heile familien Løvik pluss ymse til Storefjell. Dette er eit høgfjellshotell på Golsfjellet. Laurdagen var ikkje veret noko særleg, men me kledde oss opp å gjekk ut på vidda. Etter ein halvtimes tid såg me lyna som herja. Då tok me hintet å snudde heim. Dermed fekk me med oss både lunsjen og bading på hotellet.



Søndagen etter slo veret om. Gutane tok seg ein flygetur, men eg og hundane foretrakk å vere på viddetur. Me valde oss ut ein flott rundtur og fekk bruke fleire tima ute i sola. Det var herleg. Bilete frå sjølve vidda ser du øvst, men dette bilete vart tatt på ein av rasteplassane.

Meda me venta i resepsjonen søndag tok me høve til å trene litt lydigheit. Junah apporterte hundeposane og låg i dekk midt i resepsjonen. Viktig å utnytte situasjona!

Så var me tilbake i Dalsfjorden. Ein morgon i forrige veke bestemte eg meg for å lufte på hunderommet. Så eg sette opp glaset og gjekk ut for å lufte hundane. Akkurat i det eg svinga av ned att og heim haure eg eit plask. Eg tenkte Ole Andreas hadde hive noko på sjøen, men så haure eg ei grusomme remjing. Det skulle vise seg at Erin hadde klatra ut glaset på hunderommet og falt ned i sjøen.
 Her kan du sjå katten sitt forsøk på å kome seg opp att, men ho datt berre fleire gonga ned att i sjøen. Det heile enda med at Ole Andreas vada ut å henta ho.
Kanskje har ho lært, kanskje ikkje. Ho er iallefall litt av ein sirkus og klatreartist. 

No går ferien mot slutten og eg må bruke det meste av tida på å skaffe meg arbeid, og starte instruktørkurset som byrjar til helga. Sumar har eg ikkje opplevd så mykje av, så den får eg ta igjen ein gong..

Dagens visdom:
Wazzup doc..?