onsdag 30. mars 2011

Smaken av kvit vår..

No dei siste, iallfall tre dagane, har her vore ganske brukbart ver mesteparten av dagane. Dette har eg sjølvsagt utnytta til det fulle. Ein ting som er sikkert er at hundane heng med når UT vert nemnt i husstanden. Både mandag og tysdag har me ikkje vore mindre enn heile tre hundar, og det er herlig. Ronja har vore på besøk med oss på dagtid. Me har vore mykje ute. Spesielt har me vandra mykje oppe i lysløypa. Der er me også så heldige at der er eit innegjerda område som me nyttar.

Sidan skogen kryr av dyr, er det ikkje råd å ha hundane lause. Då forsvinn dei fort. Hjorten er like rundt hjørnet alle stadar. Han er nok svolten stakkaren. Då hadde det ikkje hjulpe så masse om Anja kom flygande att i veia heller. Derfor er det så fint å kunne sleppe dei ein stad du veit dei ikkje plagar noko som helst. Spesielt artig var det å hive snøballar i nedoverbakke slik at hundane måtte springe ein tung bakke opp igjen til meg. Har nesten vore reine skjære boot camp dei siste dagane.

I dag skinn sola på skikkelig vis. Så me har vore godt opp i fjellsida i dag. Einaste som er litt travelt er at snøen fester seg slik i pelsen til Junah, så det vert ei plage både for henne og meg. Me får sjå om me finn eit dekken eller noko som kan brukast kanskje. Viss ikkje kan me trøyste oss med at det snart er tid for grøne marker!

Dagens visdom:
Den som var ein løvetann
ville ikkje hatt det kjekt i snøen nei..

søndag 27. mars 2011

Junah 7 månadar!

Vårt beste forsøk på fint ståbilete i dag...
Ho ser iallfall uskyldig ut..
Full fart!
Linselus!
Når jeg blir stor, skal jeg seile på havet..

Dagens visdom:
Man får mere av det man kommenterer..

fredag 25. mars 2011

Leik må en ha!

Har den!!
GROOOWL
Miiiiiiiin!

Dagens visdom:
Sprett det opp
Så sprett det jammen ned

torsdag 24. mars 2011

Eit år tilbake..

..vart seks kvalpar fødde. Fem av dei var blue merle, og ein av dei var tricolor. Tricolor tispe var det også. Tenk å ha slik ein flaks. Lykka var stor når eg fekk vete denne skulle bli min. Var ikkje mykje søvn den dagen eg fekk vete det for å seie det slik. Alt var berre glede, og spenning den gongen. Alt var så perfekt, så tilrettelagt, og så enkelt. Ein lykkerus som varte. Det komande halvåret tenkte eg ofte at ting var for godt til å vere sant. Eit halvt år der alt var perfekt, der alt klaffa. I overgangen sommar til haust var alt så perfekt at eg byrja verte bekymra. Ikkje noko som plaga meg mykje, men uroa var der. Det er rart kor bekymra ein vert når ting ikkje er slik det brukar å vere. Sjølv når det gjeld ekstrem lykke.Dei fleste veit korleis denne historia endar. Den lykka som var der for eit år sidan er borte. Lykke og sakn er som krone og mynt, eit kast unna så snur det seg. Der er mange spørsmål som relaterar til ein dag som i dag: Korleis hadde ho sett ut som ettåring? Korleis hadde ho oppført seg? Kva hadde eg gjort i dag om ho fortsatt var her? Hadde livet mitt vore annleis? Kva om det som skjedde aldri hadde funne stad?Det vert sagt at ein ikkje skal dvele med fortida. Dei som seier det har nok aldri opplevd eit stort tap. Det er trossalt fortida som formar den me er i dag. Sunny var ei viktig epoke i livet mitt. Desverre gjekk den epoka alt for fort forbi. Sjølv om epoka saman var over den gongen, er ikkje minna forsvunne. Dei vil nok alltid vere der, men kvalpen som aldri vaks opp er borte no.
Ei gladjente utan like. Pratsom av natur, og med gjensynsglede som ingen andre. Ekspert på rampestrekar, og rask som eit lyn. Lærevillig og intelligent. Ei elskverdig personligheit. Eg har mykje å sakne.


Dagens visdom:
Good night big moon
Sweet dreams baby..

mandag 21. mars 2011

Flaum, igjen..

Her er den nye innsjøen i bygda..
Her var ein gong traktorveg til Fleda..
Her studerar me hagen til Ola..
Her vatnar me ripsbuskane for Stein Jarle..
Steinar kunne stolt presantere øya han alltid ønskte seg..
Sidan me vatna rips, tenkte me hagen til Stein Jarle også var litt tørr..
Posten får han derimot hente sjølv..

Gåve frå Sandra!! :D

Eg har så gode vennar, som veit akkurat å treffe på rettet gledespunktet. Her er det eg fekk med Sandra på fredag:2 stk pocky pakkar. Har ete den eine, men spart den andre til ei litt seinare anledning. Spørs kor lenge eg greier å late den ligge!
Ordbok! :D

I tillegg fekk eg ein nøkkelring/mobilpyntedings som eg har hengt på mobilen. Den ser slik ut:
Alt i alt var dette tre ting som var heilt supre å få.
Hjartans takk Sandra, you made my day! :D

Dagens visdom:
Hvorfor klage på veret
når man kan gjøre arbeid under tak..

fredag 18. mars 2011

Barndomsminne frå sjøen..

Då eg var lita, ikkje så alt for mange år sidan, likte eg veldig godt å fiske noko me kalla snabbeskjebbe. Då kjøpte me oss ein krok til 50 øre på Buda, og festa på sniglar. Ikkje sånne sniglar på land altså, men slike i skall ved sjøen. Sånn som på dette bilete over. Desse knuste me skallet på, og festa kroken gjennom "auge".
Så senka me snøret vårt, som gjerne var festa på ein pinne, surra rundt ein kloss, eller berre akkurat langt nok til å nå ned til botnen. Så la me oss på bryggekanten å venta på at fisken skulle nærme seg. Dei som dukka opp fyrst var grønngylten som du ser på bilete over. Den var veldig enkel å få. Derfor var det sjølvsagt kjedelig når den fisken kom.
Så seig dei på desse politifiskane, eller rødnebb som dei vert kalla litt meir profesjonellt. Dei var skikkelig særefiskar. Dei kunne lett plukke bytte av kroken utan å bite på, og dei var veldig forsiktige. Denne var litt meir sjeldan å drage opp. Sære, sære fisk.
Så kom broder fisken, den store blå. Den er skikkelig fin å sjå på. Det var også ein sjeldan fisk å få, men nokon gongar lurte me han nok trill rundt. Medan den store blå surra rundt, var også den vesle blå komt til, nemelg grasgylta. EIn søt liten fisk eg mang ein gong har drege opp.
Medan dei fargerike fiskane surra rundt der nede var også vanleg fisk som mort, små hyser, lyr eller torsk nokon få gongar innom. Det var sjølvsagt alltid spennande å sjå om dei beit på, noko dei så godt som aldri gjor. Ein gong eg fiska hugsa eg at ein diger laks symde bort å snusa (om ein kan kalle det ein fisk gjer snusing) på kroken. Deretter symde han avgarde. Då var eg skuffa då.
Skikkelig stas var det når berggylta kom fram frå steinane. Den digre fisken var sjeldan å sjå, og krevde god tålmod for å fiske. Ho gjekk inn og ut av steinane, gjerne berre for å styre med sitt. Nokon få vart det jo drege opp likevel. Ein fin fisk dette også. Det skal seiast at ingen av desse er spesielt etande.

Me hadde mykje tidsfordriv med denne fiskinga. Nokon gongar greidde me å fiske sandflyndre, og nokon gongar sånn ministeinbit på botnen. Me likte å lage akvarium av desse fiskane, for så å sleppe dei ut etter på. Ofte kombinerte me det med å leite etter krabba i fjøra. Der fann me krabbar i alle rare fargar. Hovudsakleg var det dei grønne, men også kvite og raude krabbar. Nokon gongar fann me ål, og sånn ministeinbit i fjøra også.

Medan me bada brukte me å fange småfisk og trakke på flyndrer som gøymde seg i sanden. Om ein stod i ro i sanden kom fisken å småbeit på tærne. Kråkebollar, og fisk son såg ut som tang var også gjengangarar. Alt var fint heilt til ein var uheldig å kom bort i kobbeglyene. Det svir, og heldivis kunne ein fikse det med ein glasmanet.

Det var tider den tida me brukte ved og i sjøen. No kunne det ikkje falle meg inn å fiske fisk berre for å fiske. Eg har nok vorte blaut med dei siste åra. Synes synn på dei stakkars krapyla. Dei skal få vere i fred for min del. No er det meir sei og makrell som skal frykte mitt nærvær.

Dagens visdom:
Det er alltid vær for godt fiske!

torsdag 17. mars 2011

Deilig med sol..

Sjølv om me ikkje har temperaturen til å sitje på altanen å kose oss, så lagar me rett temperatur med nokon ulltepper og kvarandre me. Eit par solbriller og Donald så har ein det i boks. Det synes iallfall eg og hundane. Desverre tok kjylda oss etter ein times tid, men kva kan ein forvente i mars månad?
Dagens visdom:
Sammen er vi sterke..

onsdag 16. mars 2011

Pocky Party!

Verdas beste Sandra drog på Neo-Tokyo for meg i Oslo. Superdupert. Ho kom heim med ein pakke Pocky. Skal ikkje mykje til å gledja meg når det gjeld det. Desverre er pakken allereie snart tom.... For deg som ikkje veit kva Pocky er, kan du lese om det her. Kort fortalt er det ein type japansk snacks. SUGOI!!!

Dagens visdom:
Ha tål med matavetet..

mandag 14. mars 2011

Tidleg påskestemning!

Dagens visdom:
Sol inne, sol ute
sol i hjerte, sol i sinnet
sol, bare sol..

lørdag 12. mars 2011

Ein heilt vanleg laurdag..

No var det han som handla ja.. typisk.. Kvar laurdag altså..
Me kan dele ei lita stund..
Eg pussa tenna med colgate i går, ka du brukte daa?
Studering..
Føle du dej beglodd eller?
Eg har ballen!!

Prison Break sesong 2..


Då var eg og Ole Andreas i gong med sesong 2 av Prison Break. Sesong 1 var kjempe spennande, og virkelig anbefalt. Egentlig trudde eg dette skulle vere en kjedelig, og dårleg serie, men merkeleg nok likar eg den veldig godt. Sesong 2 er me komt ei 8 episode ut i. Dei greier fortsatt å halde på spenninga! :)

Dagens visdom:
Have faith..

torsdag 10. mars 2011

Ein liten song til deg og meg..

Who can say for certain
Maybe you’re still here
I feel you all around me
Your memories so clear

Deep in the stillness
I can hear you speak
You’re still an inspiration
Can it be (? )
That you are mine
Forever love
And you are watching over me from up above

Fly me up to where you are
Beyond the distant star
I wish upon tonight
To see you smile
If only for awhile to know you’re there
A breath away’s not far
To where you are

Are you gently sleeping
Here inside my dream
And isn’t faith believing
All power can’t be seen

As my heart holds you
Just one beat away
I cherish all you gave me everyday
’cause you are mine
Forever love
Watching me from up above

And I believe
That angels breathe
And that love will live on and never leave

Fly me up
To where you are
Beyond the distant star
I wish upon tonight
To see you smile
If only for awhile
To know you’re there
A breath away’s not far
To where you are

I know you’re there
A breath away’s not far
To where you are


mandag 7. mars 2011

Dagen i dag..

Bachlorskriving..
Anja studerar studiet mitt frå stolen..
Siesta i hundeflokken..

Dagens visdom:
Across the sea, A pale moon rises

The ships have come to carry you home

fredag 4. mars 2011

Hundestatus..

Anja he fått konstantert kennelhoste. Dette resulterar til at ho er slapp og hostar. Ho ligg store delar av dagen i korga si, eller i sofaen. I går kveld viste ho fyrste teikn til betring då ho bestemte seg for å gnage på bein. No skal ho ha 14 dagar med ro, og ei veke med medisin.
Når Junah finn seg eit bein, tek ho det og spring til nærmaste fang. Dette for at Anja ikkje skal ta frå ho. No når Anja er sjuk er ho ei skikkelig sure om Junah har lyst å gnage på bein, eller prøvar å få tak i bein, så Junah må vere smart, og tenke taktikk for å få det ho vil ha. Dette har hittil fungert veldig fint.
Her observerar Junah på avstand når Anja ligg å tygg på bein..
Heilt grusomt at Anja har fått det BESTE beinet av dei x antall resten av beina som ligg på golvet. Men taktikken slo igjennom kort tid etter, og ho fekk faktisk tak i beinet som Anja hadde. Smart hund dette.

Dagens visdom:
Be smart..