søndag 31. oktober 2010

20 års dag feiring!

Audi kake ala Anita :)
Nok av mat!!
Her vert gava prøvd ut!

I går feira eg, saman med mange andre, dagen til ein svært kjekk gut. Ole Andreas hadde nemlig gebursdag i går. Han kom endeleg ut av tenåra no. Me hadde eit "barneselskap" inne på gamlebuda, og storkosa oss, eller ej hadde det iallfall kjekt, håpe dei andre også hadde det! Håper iallfall gebursdagsbarnet var glad å fornøgd! :D

Dagens visdom:
Alder er fortsatt berre eit tal..

fredag 29. oktober 2010

Junah 9 veker!

Junah har planar om å gå tur med Anja!
Prøvar bord!
Gode vennar tek Siesta!
Rampe som stikk av med buffen min..

I morgon er det ei veke sida me henta Junah. Sidan då har ho berre vorte meir og meir husvarm. Ho er ein herlig kvalp, som ikkje er sky nye folk, likar andre hundar, og er nyskjerrig på livet. Ho lærer veldig fort både på godt og vondt, og det vert kjekt å byrje trene skikkelig.

Dagens visdom:

Love is the joy you give..

torsdag 28. oktober 2010

Kvalpen skal heite...

Junah.
Ja, det er sant. Ikkje le. Junah skal kvalpen heite! :)Junah er eit arabisk namn som betyr the sun, altså på godt norsk sol.
Ein kvalp er jo ofte som ei sol både i humør, og metaforisk sett for eigaren.
Kva skal ein med fint ver når ein har ei sol innandørs?
Nei, eg skal ikkje gå så djupt inne på det.
Eg har også valgt namnet som ein heder til Sunny.
Dagens visdom:
You are the sunshine of my life..

tirsdag 26. oktober 2010

Kvalp i hus..

Rare sovestillingar..
Lure blikk..
Leiker som skal tyggast..
Bilder som skal poserast på..

Ein står opp om morgonen, løftar den vesle ut av soveplassen. Tek ho ut på do, leitar fram maten, og så ut att. Så fortsetter dagen med soving, raptus, mat, dogåing, soving, raptus, dogåing. Så kjem ein til kvelden når kveldsmaten er gitt, og dogåinga er ferdig. Då legg alle seg og sovnar klar til ein ny dag.

Kvalpen må også ha eit namn. Alternativa er ei evig linje av kreative samansetningar. Nokon med tydningar, andre heilt meiningslause. Alternativ eg satt igjen med var Pepsi, Amy, Yatzy, Coda og Ninja. Etter ei nærare analyse av dei namna fann eg ut at eg eigentleg ikkje er så glad i Pepsi brusa. Det er ikkje så enkelt å kalle noko ein er glad i for noko ein eigentleg ikkje likar så godt. Så var det vidare til Amy. Eit nydeleg namn, som er samansatt av orda second og beautiful. Perfekt i min situasjon der dette vert mi nr to, vakre. Likevel vart det litt kleint sidan eg allereie assosierte namnet med andre hundar rundt om.

Så kom eg til Yatzy, det herlige spelet. Det passa berre ikkje inn etter å ha sett på det nokon gongar. Coda var min klare favoritt. Den søte bjørnen i Min Bror Bjørnen som er så herleg. Dumt han er gut. Coda har også ei enkelt, ikkje særleg treffande betydning; hale eller slutt. Derfor, etter mykje om og men, slo eg det frå meg. Ninja stod då igjen, men det vart brått så meiningslaust og tomt.

I går kveld dukka namnet Freia opp. Dette brann eg virkelig for der og då, men etter å ha smakt litt for lenge på det synes eg det vart for tamt. Det har gode assosiasjonar, og lyder eigentleg OK, men er litt tamt. Denne kvalpen er ikkje tam, ho er så mykje meir..

Så kom eg fram med Namy. Ei anna form for Naomi, som tyder behagelighet. Med tanke på at eg likte Amy ganske godt, så kunne Namy vere ein fin vri for å få eit nytt og friskt namn. Dessutan, tenkte eg det kunne vere ein fin slang for "Name-Me!", noko som er svært passande i dette tilfellet. Eg henta kvalpen laurdag, og enda har eg ikkje greitt å bestemme meg. No synes eg nesten synn på Nameless.

Av ein eller anna grunn greier eg ikkje fullføre setninga:
Hunden skal heite...
Men ho skal få noko betre enn Nameless, det tek berre litt tid.

Dagens visdom:
Betre seint enn aldri..


mandag 25. oktober 2010

Sinnsro bønn..

Denne bøna fann eg medan eg surfa rundt på nettet. Det er ei fin bøn, derfor vidarepubliserar eg den her. Kven som har skrive den anar eg ikkje. Prøvde å søke det opp, men det var ikkje så lett.

Kjære Gud,
gi meg slik sinnsro at jeg formår å godta de ting jeg ikke kan forandre,
mot til å forandre de ting jeg kan
og forstand til å se forskjellen

lørdag 23. oktober 2010

Nytt familiemedlem!


Lat meg presantere Mellsjøhøgda's Xotic Illusion. Kjælenamn er under drøfting, og vert nok klar gjort innan i morga. Ho er ei herleg sjel som elskar å sove på fang. Sove er foreløpig eit stikkord, men kor lenge dette varer kan ein berre spekulere over. Eg vonar det vert ei kjekk tid saman med denne lisjejenta. Meir kjem når eg har funne eit namn!

Dagens visdom:
Little body,
big space

torsdag 21. oktober 2010

Mobilbilete del 2

Dagens bilete er litt diverse eg har tatt av dyra i sommar og haust, alle med ei lita historie bak.
Dette er Gråpus. Ho nektar her å legge seg i senga si, fordi ho har spydd. Derfor satt ho tålmodig opp på og venta.
Dette er Sissi. Ho gjev vekk maten sin til sniglane.
Dei elskar forresten tørrfor om nokon lurte.
Her har me då Anja, som har venta medan eg står å pratar.
Ho utnyttar tyngdekrafta og lener seg til treet.
Her møter Anja Mummitrollet for fyrste gong.
Dette er Dina og Anja framfor vedaovnen.
Netopp ferdig å herje litt..
Heilt til slutt, Anja og den nye kjæresten.
Det er viktig å krysse dyreartane!

Dagens visdom ankom på SMS i går:
Det er umulig, sa stoltheten
Det er risikabelt, sa opplevelsen
Det er meningsløst, sa fornuften
Gi det en sjanse, hvisket hjertet

tirsdag 19. oktober 2010

Mobilbilete del 1

For tida driv eg og overføre ein del bilete frå mobil til data, og dermed dukkar det opp ein del blinkskudd som tidlegare ikkje er viste anna enn for meg sjølv. Eg tenkte eg skulle blogge noken få dagar framover med dei utklippa eg fann verdige å vise. Sidan eg har tenkt ein del på Sunny i det siste, og egentlig berre saknar ho meir for kvar dag som går, startar eg rett og slett med henne som tema.Dette er fyrste bilete eg nokon gong tok av Sunny sjølv..
Dette er leik med ei gammal kokkosnøtt som ein gong var fuglane sin..
Måkje tru det var enkelt å prate med folk på MSN....
Poserar så fint i altantrappa!
Synes det var artig å sjå at potane til Shadow er like stor som nasa til Sunny!
Den vesle lemuren min...

Dagens visdom:
What does not kill you
makes you stranger...

onsdag 13. oktober 2010

Sleep, don't weep!

Sleep, don't weep
It's time for you to go on
Memories have broken you
and the scars will still remain
Sleep, don't weep
Think about the small things in life
and get that happy feeling
Just sleep now and don't you weep

Memories will hunt you
the road will still be long
but keep on going girl
and you'll be strong

Sleep don't weep
when darkness close around you
dream about the good days
'cause they will come
Sleep, don't weep
I'll be there for you
Through good times and bad times
We'll go through this together
Sleep now, and don't you weep

Memories will hunt you
the road will still be long
but keep on going girl
and you'll be strong

Each day is a gift,
not a given right
so keep on going
and you will see..

Memories will hunt you
the road will still be long
but keep on going girl
and you'll be strong

mandag 11. oktober 2010

Eit innblikk i haustferien som var..

Me er ein sosial gjeng!
Sauer på besøk i hagen,
Anja er også på bilete, sjå nøye etter.
På fjelltur med fire kjekke tauser!
Ronja, Christina, Anja og Eva
Skulen som eingong var min barne og ungdomsskule ser slik ut no..
Her var ein gong symjebasseng med veggar og glas,
no er det "parkeringshus".

Dagens visdom:
Saman er me sterke!

fredag 8. oktober 2010

Fotobøkene mine!

26 sider med dei største minna frå den alt for korte tida saman med Sunny. Ei bok som er god å ha, å sjå tilbake på i ettertid.. Denne boka kom i posten i dag!
Dette er Mi dyrehorie boka mi. Her er bilete og beskrivelse av alle dyra som har budd hjå meg fram til August 2010. Denne boka laga eg for nokon månadar sidan, og om du studerar venstrehjørnet oppe ser ein spor etter nokon små tenner. Det er Sunny som har satt sitt preg på denne boka. Ei bok som er kjekk å ha, å kike i, og minnast alle dei firbeinte.

Dagens visdom:
Kvart eit minne er verdt meir
enn tusen ord kan beskrive..

onsdag 6. oktober 2010

Sissi mi..

Sissi vart født 19. juli 2003 og var av rasa belgisk hare. Eg søke ofte rundt om på finn.no, for å sjå om der e noko interessant. En dag fann ej noken so utlyste at dei hadde en hare. En ekte hare. Den 2. juni 2006 la ej og Stine oss i vei oppover til Kyrksæterøra og henta dinne sokalla haren. Dinne haren skulle nå verte kvit om vinteren og det var ikkje måte på. Dum som eg er trudde eg på dette, og rasa e nå faktisk ganske so lik en hare. Den delen med kvit om vinteren kunne ho spart sej, Sissi var ein Belgisk Hare, ei kaninrase avla fram til likskapen til haren, men fortsatt i kaninspekteret. Det tok meg to daga frå eg hadde fått kanina å finne det ut. Lurt, eller berre fortalt ei vridd sannheit. Sissi var uansett ei utruleg kjekk kanin. Så tam, så tillitsfull, så imøtekommande, så bestemt.

I dei siste vekene har ho vore plaga i bakføtene. I dag vakna me til ein veldig hoven og døyande fot. Dyrlegen konstanterte at det var ikkje meir me kunne gjere for ho, og avgjerdsla måtte takast. Kven er eg som leikar Gud å seier at ho skal døy...? Det var til det beste for Sissi. Ho skulle ikkje lide meir. Ei utruleg tung avgjerdsle. Sissi fekk bu saman med oss i litt over fire år. Ho vil nok alltid vere i minna våre som Sisse, harefrøkna vår.

Dagens visdom:

På grøne enger i store flokkar
Alt som er godt, løvetann lokkar
Ei flod av friheit og lukke..

mandag 4. oktober 2010

Dyra sin dag

I dag er det dyra sin dag. Anja fekk ekstra merksemd og godteri i dag, men eg hadde desverre ikkje så mykje ekstra tid til resten av gjengen, men når eg fyrst snakka med dei, tok eg meg tid. I dag er dagen ein verdsett litt ekstra den firbeinte i heimen. Eg har også tent lys på grava til Sunny. Det lyset skal lyse for Sunny og alle dei andre som ikkje er blant oss lenger. For å hedre dagen i dag, skal eg fortelje eit utdrag frå mi eiga dyrehistorie.

Fyrste dyret me hadde i heimen var ein katt, Svartepus. Dette var bror min sin katt, men eg fekk likevel eit godt forhold til ho. Svartepus var ein katt med MYKJE tålmod. Ho hadde eit godt hjarte og likte å vere med på alt som skjedde rundt om. Svartepus var ein slik katt som hadde ein tendens til å dukke opp der folk var å arbeidde ute i hagen. Desverre var det ikkje lov å sterilisere kattar den gongen, så Svartepus gjekk på p-pillar for å unngå ei overflod av kattungar. Dette førte desverre til at ho fekk kreft i sitt seinare liv. Me opererte ho for det, men to år seinare blussa det opp att og ho måtte gje tapt i kampen. Ho døde på gebursdagen til bror min, 31. mars 1998. Eg tenker ofte på ho, og den siste tida me hadde saman. Ho var slik ein flott katt!
Dagens visdom:
Animals leave pawprints on your heart..