mandag 2. august 2010

Har me rett til å klage?

Veret
Omlag kvar einaste dag, iallfall minst to gongar om eg tek ferja, diskuterar eg veret med nokon. Gjerne om kor stygt det har vore i heile sommar, om at sola aldri er her, at det er kaldt, at skodda ligg her i evigheiter, at det bles, det regnar, at det rett og slett er ofjelgt, som gamlefolket seier her. Me pratar jo sjølvsagt om veret når det er fint også, men då startar som regel samtalen med "Kor fint ver det er i dag, slik har det jammen ikkje vore på lenge". Då går merkeleg nok emne over til alt det stygge veret som har vore igjen. Me mennesker elskar å prate om veret. Det er nok mest sannsynleg det mest brukte samtaleemnet. Og store delar av pratet er om kor forferdeleg dette veret er. Har me eigentleg noko å klag over?

Ditt og datt
Andre ting me og likar å klage over er kor lite pengar me har til alle dei flotte tinga me kunne kjøpt oss; moteklede, sminke, alkohol, juggel, ditt og datt. Det er forferdeleg kor lite pengar me har til å kjøpe oss alle desse nødvendige tinga som Playstation, ny datamaskin, det nye PC spelet, den nye gucci veska. Og at maten me kjøper ikkje var nøyaktig slik som me forestilte oss, likevel fullt etande, ja, det er krise for samfunnet.

Sjukdom
Ein annan ting som er verdens undergang er når me er litt småsjuke. Kor forferdeleg er det ikkje å måtte ligge å spy ei natt for så å verte frisk igjen, eller gå forkjølt ei veke, og verte frisk igjen, eller å ligge med influensa ei veke for so å verte frisk igjen? Nei, då føler me oss jammen dødssjuke..
Losji
Og så var det dette huset vårt. Ikkje er det rett farge, ikkje er det moderne nok, badet er utdatert, taket er mose på, møblane er so last year, fjernsynet er for lite, musikken for låg, ungane for bråkete. Hagen ser ikkje ut, ugras overalt.

Arbeid
Så er det ikkje minst snakk om kor lenge og forferdeleg me har hatt det på dissa åtte timane på jobb der me egentlig ikkje har gjort så mykje. Eller kor forferdeleg kjedeleg livet er, og at pengane kjem ikkje før då og då..

Har me rett til å klage..?
Kva då med dei som berre ventar på det me kallar styggever (regn til dømes), for at avlingane deira skal kome saman slik at dei har noko å leve av?
Kva med dei som berre har pengar nok til å dekke omlag sitt daglege behov for mat?
Kva med dei som ikkje har pengar i det heile, og som aldri får det heller?
Kva med dei som er dødssjuke av kreft eller andre drepande sjukdommar?
Kva med dei som ikkje har tak over hovudet i det heile?
Kva med dei som aldri har sjangsen til å få ein jobb, og tjene pengar til livet sitt?
Verda er urettferdig, sånn er det...
Eg har alltid sagt til meg sjølv at verda er rettferdig. Det vil vegast opp ein gong har eg alltid tenkt. Dei som er fattige er rike på andre ting enn pengar, dei som er sjuke finn andre lykker i livet. Er det ikkje eigentleg slik at me alle tilpassar oss til noko betre uansett kva situasjon me er i? Det er mykje elendigheit i verda, mykje meir enn nokon av oss greier å halde styr på og forstå. Folk og dyr vert torturert, stengt inne, drepne osv.. Kva rettferdigheit er det, her eg sitt i eit varmt og godt hus, godt planta bak dataskjermen? Likevel vil eg ikkje gå vekk frå tanken at verda er rettferdig, for eg må berre tru at innerst inne er verda balansert, på eit eller anna vis..!

Skam
Av og til skjems eg over kor godt me har det, i forhold til kor mykje me klagar. Er ikkje ofte du høyrer ein afrikansk unge som held på å svelte ihjel klage. Det fins viktigare ting i livet enn å klage. Likevel verkar det som om det er heilt umuleg å slutte med det. Eg har ingen sjanse til å la vere å klage iallfall, desverre.. Eg vil nok alltid klage på ting, men eg håpar iallfall at andre, slik som eg, tenker over det etter klaga er gitt, at me eigentleg har det veldig godt!
Dagens visdom:
Kjære Gud eg har det godt
Takk for alt som me har fått

Ingen kommentarer: