fredag 29. mars 2013

Hyttetur..


 Slik eg har forstått det, er påska til for å gå på fjellet. Dette har eg sjølvsagt tatt alvorleg på meg, og nytta høve fullt ut. Dermed vert det nok eit fjellinnlegg. For det er nemleg det påska mi har handla om hit til. Eg og Ole Andreas vandra oss oppover i går kveld. Sigande etter kom heile familien Jørund og Linda og Alexander. Me kosa oss med vårt svar for påskekrim; cluedo, og alt for mykje godteri. Slik er det å vere på hytta. Bilete over viser Ole Andreas og hundane på Løviktua. Veret i går var veldig skiftande, og her kan ein tydeleg sjå snøbyga kome.
Neste morgon, i dag altså, var det heilt disigt i morgonstundene. Det er ikkje bilete som er spesielt uklart, slik var det berre. Nokre få skyer rundt sola, og disige fjell. Her stod me nede på tua å kika nedover brattebakken for å sjå om det kom noko folk i dag.

 So skein det heilt av. Skyene forsvann og veret vart heilt klart alle vegar, og for ei varme sola gjev no. Vindstille og deilig. Det kom også tre nye folk til fjells i dag. Kjekt når me fyller hyttene litt.
 Og når veret er så fint, må ein nesten unne seg ein ekstra tur. Sjølv om bakken var bratt, er det alltid verdt det når ein kjem opp. Resultatet vart:
 Ole Andreas for fyrste gong på Vardehornet, og det på vinterstid. Ikkje verst, ikkje verst. Nydeleg utsikt, vindstille, og steikande sol. Kan tru me vert raude i fjeset i kveld.
Her har me ein anna kar som og var på Vardehornet for fyrste gong. Han var dødssleten vil han påpeike. Junah var sjølvsagt også med, igjen. Anja måtte vokte Petterbu på Støylen saman med resten av folket. Hit til har me hatt ei solrik påske, so no får me håpe det held ut dei siste dagane. 

Dagens visdom:
Det er i motbakke det går oppover,
men fy så kjekt å renne på raua ned att!

tirsdag 26. mars 2013

Påskefjellet..

 Mandag byrja ferien for meg, og påskeferie er lik påskefjell. Me har i det siste hatt heilt nydeleg ver. Sol, men noko kaldt. Her er bilete av ei litt sleta Anja på Fossastøylen.
 Eg fekk liv i ho igjen, så her er me på veg på Vardehornet. Eigentleg nytta ho kvar anledning til å legge seg ned, men akkurat her stoppa ho opp å naut utsikta, og alt som foregjekk rundt ho.
Her er me endeleg på fyrste varen. Der er det meste av slite gjort. Fint å gå stortsett, men krevde både piggar og truger. Junah var noko ukomfortabel opp på varden, men var hundre prosent på når ho kom på bakken igjen.
 Her er trevarane, eller det eg også vil kalle den skikkelige toppen. Her er heilt nydeleg utsikt. Det er den som er verdt heile turen. Du kan skimte hundane og kompaniet vårt ved den største varen. Vindstille, sol, snø, kakao, baguettar med ost. Himmelsk!
 Her ser ein litt av mi metode for å kome seg ned att. Rompa mi er gull verdt. Utruleg artig løysing syns da eg. Junah syns også det er morosamt å springe etter. Her kjem følget trakkande att i veia.
Alt i alt har det vore ein nydeleg dag på fjellet. Fjeset er nok litt solbrent, men det får ein tåle i slikt påskever. Er vel litt det påska handlar om også. Eg håpar å få tid til fleire flotte turar, og at veret vert like nydeleg som før. De får nok høyre meir om fjell frammover, so keep your mood up.

Riktig god påske!

søndag 24. mars 2013

På vegen atter ein gong..

 Denne helga har gått med på å køyre tur/retur Stavanger for å hjelpe til med eit flyttelass. Me reiste ut laurdags morgon, og var heime for litt sidan i dag. Når du sit så mange timar i bil kan du ikkje gjere anna enn å sjå ut glaset å nyte litt av fineveret og Noregs vakre natur. Fyrste bilete er tatt like før Noregs vakraste dal, Våtedalen. Her er geite om sommaren og snø om vinteren. Den er berre heilt fantastisk og strålar av nasjonalisme.
 Når ein køyrer slik sjekkar ein facebook hundre gongar i løpet av dagen. Det har vore ei mare å sett alle dei nydelige fjellbileta. Det har rett verka i føtene å ikkje få vere heime denne nydelege palmehelga. Likevel har me hatt nokre høgdepunkt i løpet av turen. her fann med ei snodig løysing. Trur Ole Andreas kalla den rompesprekken, men er ganske sikker på den har eit betre namn..
 Ein kan ikkje legge skjul på at bruer er noko me ikkje er van med her oppe. Me kan alltids ynskje det, og ferjene var ikkje noko nytt akkurat. Masse vakre byggverk i øyhoppingane rundt Bergen. Ein kan ikkje gjere anna enn å verte litt fasinert over heile greia.

 Solnedgong i havet er vel heller ikkje noko å forakte. Ein norsk solnedgong gjer dei fleste reiser verdt å reise. Nydeleg vakkert, tatt i farta over ei eller anna bru. Appropos solnedgong var det og Earth Hour i går kveld. Til min store (positive) forbauselse tok Big Horn Steak House dette seriøst i Stavanger. Me sat altså med tjertelys å åt ein utmerket biff. Er ikkje godt å seie om han var steikt eller ei, men smaken var flott og tanken bak Earth Hour er vel også fin.

Alt i alt har det vore ei lang reise med musikk, ferjer, svele, bru, mat, litt meir å ete på, facebook, flyttelass og ein god posjon humor i forskjellige grader. No er det tid for å nyte den "stille veka" før Påska bryt ut for fullt. Me sjåast!

Dagens visdom:
One day baby we'll be old
Think of all the stories that we could have told

søndag 17. mars 2013

Små gleder lagar livets lyst!

Denne helga har eg hatt planlagt ei god stund no, og endeleg fekk eg realisere planane mine. Ole Andreas har dei siste tre vekene fått hint om kva som skal skje. Hinta har gått ut på kva han skal pakke med seg. Fyrst badekle, neste veke ski, siste veke; finekle. Alt dette førte til ei overrasking på Nordfjord Hotell med skidag på Harpefossen. Mi eiga oppsummering ligg med følgande høgdepunkt; jacuzzi og sjokoladefondante. Alt i alt ei herleg helg med mykje morosame hendingar, samstundes som det var ei særs etterlengta avkopling til ein travel kvardag.

No er det ei veke igjen av praksis, så er det PÅSKEFERIE! :) 

Dagens visdom:
So happy together..

tirsdag 5. mars 2013

Fyrste utstilling i vår!

Då er Junah påmeldt vår fyrste utstilling i år, og eg kjenner nervane allereie. Me skal til Bergen 6. april på Norsk Collie klubb si utstilling. Akkurat no har Junah kjempe flott pels, så vart eigentleg ganske bekymra no for at pelsen vert heilt grusomt til då. Heldigvis skal eg reise saman med godt hundelag, så eg slepp å ha nervane aleine. Det neste på agendaen no er å byrje trene på utstilling igjen. Me har ikkje heilt gløymt kva me skal, men litt. Så må eg lese meg opp på systemet. Har trossalt berre prøvd dette ein gong. Junah er som de ser heeeeilt klar..!
Dagens visdom:
Jump then fall..