mandag 29. november 2010

Omplassering av hundar..

Eg las nyleg historia om hunden Findus på facebook. Sjølve hovudhistoria kan du lese her. Kort fortalt handlar den om ein hund, som er eigaren sin beste venn og nærmaste familie. Så vert mannen forelska, byrjar å sikte på karriere, og etterkvart kjem ungar til. Hunden endar sakte men sikkert på siste plass i rangstigen, men held motet oppe likevel. Mannen får ny jobb og skal flytte til ein stad det ikkje er lov å ha hund. Derfor sett han hunden på internat. Der vert hunden verande, og ingen vil ha den. Til slutt må den avlivast, slik hundar vert når ingen vil ha dei. Eg trekk ut dei siste orda i artikkelen:

Da jeg merket stikket og den kjølige væsken løpe gjennom min kropp la jeg meg søvnig ned, kikket henne inn i hennes vennlige øyne og mumlet "Hvordan kunne du gjøre det?" Kanskje forstod hun mitt hundespråk , for hun sa "unnskyld".
Hun klemte meg og forklarte fort at det var hennes jobb å sørge for at jeg kom til et bedre sted, hvor jeg ikke ville bli til sidesatt eller mishandlet eller forlatt eller måtte klare meg selv - et sted med kjærlighet og lys så meget annerledes enn dette jordiske sted..
Med en siste kraftanstrengelse forsøkte jeg med et haledunk å uttrykke at "Hvordan kunne du gjøre det?" ikke var rettet mot henne. Det var deg, min elskede herre, jeg tenkte på. Jeg vil tenke på deg og vente på deg for evig. Måtte alle i ditt liv vise deg så stor lojalitet

Det verste med å lese historia er at der er så mange hundar der ute som lid samme skjebne. Om ein tek ein snartur inn på Finn.no kan ein finne ut at der er mange nye hundar kvar dag som gis bort, og enda fleire til salgs. Kvar einaste dag strøymer det på. "Søt hund gis bort", "Verdens beste hund gis bort".. Viss den er verdens beste, kva i verda vil du gje den vekk for? Me kjenner vel menneske arten så pass at me veit at alle vil ha det beste for seg sjølv.

Eg skulle ynskje at folk tenkte litt meir over kva dei kjøpte. Ein kvalp er kjempe søt å sjå på, deilig å klappe, og herlig å oppleve og sjå på. Det få tenkjer over er at ein kvalp er eit levande individ. Eit individ som lev mellom 10-15 år, som skal ha ein oppdragelse, ein fysisk og psykisk kvardag, oppmerksomheit og mat kvar dag. Er det så vanskelig å forestille seg at den lodne kosebamsen vert større og sterkare?

Det er rart kor mange der ute som brått må omplassere fordi dei har allergi, skal flytte til leiligheit som ikkje er lov å ha hund, har gått lei hunden, den er for travel, den gjer ikkje det me seier den skal.. Grunnane er evige. Forstå meg rett, eg er på ingen måte mot omplassering. Hundane fortjenar nye sjangsar, når dei som eig ikkje kan gje dei eit godt liv, men så mange omplasseringar kunne vore unngått om folk hadde tenkt litt lenger. Sånn eigentleg burde det vere eit kurs før ein kjøpte seg hund, eigentleg for dyr generellt. På den måten kunne ein iallfall komt unna dei som omplasserar fordi dei ikkje visste.

Dei annonsene eg synes er mest triste av alle, er dei hundane som er langt opp i åra. Ein finn ikkje ut etter ti år saman med ein hund at ein er allergisk. Går det virkelig an å ha ein hund i ti år utan å få eit forhold til den..? Hunden som er eit familiemedlem, som er gledeleg med på alt. Hundane gjev oss heile sitt hjerte, men alt for mange av oss tek ikkje imot det, og stenger det ute. Kanskje hadde det gjort seg med eit litt annleis syn på hunden som eit individ.

Me mennesker er arrogante. Å tru me kan behandle alle andre artar akkurat som me vil fordi me er på toppen av næringskjeda, er sinnsjukt feigt og arrogant. Mange der ute burde skamme seg. Dyra fortjenar betre enn oss.

Når det er sagt, så synes eg omplassering er eit flott tilbud. Der fins folk som må omplassere hundane sine av gode, viktige grunnar. Dette er også folk som som regel skulle gjort alt for å ha hunden sjølv, men av ulike grunnar ikkje får det til å gå opp. Omplassering kan vere eit fint verktøy til å gje hundar nye sjangsar. Så lenge det vert brukt på den rette måten. Alt for mange hundar lid skjebna til Findus...

Dagens visdom:
When God closes one door
He opens another

søndag 28. november 2010

Fyrste søndag i advent..

No tenner vi det første lys
åleine må det stå
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå

lørdag 27. november 2010

Junah 3 månader!

Som du kanskje forstår er eg no gått over i heile månader, i staden for veker når det gjeld intensitet av bildetakinga. Sjølvsagt, om du les bloggen fast ser du bilete ein del oftare, men "på dagen" bileta kjem på heile månadar! ;)
Eg dreiv og tok bileter medan eg åt kveldsmat. Meda eg skulle zoome inn på hunden, kom ho brått so nær. Då eg skulle stoppe ho med den eine handa, og halde kamera med andre tok eg med eit tilfelle bilete, og då ser du kor langt ho kom seg i gryta...
Før eg fekk gjort så mykje meir var hunden på andre sida av bordet med sleiva i munnen. Sånn går det når ein har glupske små piraya kvalpar i husstanden :)
Til slutt slenger eg med eit bilete av ein eldre medlem av familia. Synes bilete var litt morosamt!
Dagens visdom:
There was a monkey in a tree
why?

fredag 26. november 2010

Tyven tyven skal du hete..

Sidan det er kalde dagar ute held mamma på å strikke eit ulldekken til Junah, slik at ho ikkje skal fryse på den nakne magen når ho er ute. dette strikkedekkenet skal me ha under eit anna dekken, som er regn og vindtett. Då kan Junah møte vinteren utan bekymringar for urinveisinfeksjon og den slags svineri. Det er uansett ikkje lange stunda me kan opphalde oss ute i 10 minus, men den korte tida det er snakk om, er det godt å ha litt ekstra pels. Som du ser på bilete hadde Junah trua på at ho kunne strikke ferdig dekkenet sjølv. Ho har god trua denne jenta her!

Dagens visdom:
Don't lose your faith!

tirsdag 23. november 2010

Den gløymde klassikaren..

Nants ingonyama bagithi baba..
Ukjent? Kanskje ikkje viss du tenker ein afrikanar brøle det, ei sol stå opp og kjente rytmer strøymer gjennom hovudet og dannar bilete av dyr på savannen i Afrika. Alle afrikanske dyr på veg til ein dåp av den nye prinsen i det store løveriket. Songen er Circle of Life og du har nok allereie gjetta filmen, Løvenes Konge.
Me vert presentert for eit monarki, med løvene på toppen. Mufasa er sjefen, Sarabi den hyggelege kona, og Simba den galne sønnen. Scar er den onde, Zazu den travle fuglen, Nala den gode vennina, Timon og Pumba dei morsomme og sjølvsagt dei tre galne og onde hyene Shenzi, Banzai og Ed. Ein herlig gjeng, som må til for å skape ein heilaftens teiknefilm.
Musikken er ein herleg del i seg sjølv. Ei lang liste med fengande, og ikkje minst passande songar, som er laga av dyktige musikarar. Eg snakkar sjølvsagt om Hans Zimmer og ikkje minst Elton John. Hans Zimmer har også mange andre gode filmar på hand. Det var i 1994 filmen kom ut, og eg kunne raskt alle songan både på norsk og engelsk, og eg har ennå ikkje gløymt dei. Sjølv dei små songane vert ikkje gløymt, som:
Nå har jeg plukket meg ned en kokkosnøtt, tideli-li
Flere andre ligger her på rad,
store, store, store som en melon!
Og ikkje minst:
Verden er vårt felleshjem!Sjølv små snuttar vert ikkje gløymt i denne filmen. Det er nok ikkje alle som har same forhold som eg. For dei som kjenner ein del av meg er det ikkje heilt ukjent at eg har sett Løvenes konge alt for mange gongar. Det kan så godt som kallast min favorittfilm. Så dukkar kanskje spørsmålet opp, kvifor?Løvenes Konge er mykje meir enn ein vanlig barnefilm. Fyrst og fremst er den kvalitetsstempla med Disney (rett nok har disney byrja tape seg i seinare år, men i 1994 var disney ein stor ting, og ein dyktig utgjevar), og så har filmen ei handling, som er djup, med moral. Dessuten er karakterane så herlige at ein kan ikkje la vere å interessere seg for dei, meinar iallfall eg. Me byjar ved dåpen til Simba og følgjer livet hans fra liten til stor. Det ver tidleg tydeleg at Scar ikkje likar Simba, fordi Scar då mister sjangsen til kongeriket. Scar er nemleg bror til Mufasa. Plottet kan nok lesast tidleg av den meir erfarne auga, men gangen i filmen overraskar likevel. Me lærer om familierelasjonar, far og sønn prat, sjalusi, maktrelasjonar og mord. Me lærer om å starte på nytt, møte nye kulturar, å vokse opp, å møte sine frykter, og den evige kampen mellom det gode og det onde. Ein skulle kanskje ikkje tru at ein simpel barnefilm inneholdt så mykje, men denne filmen gjev mykje meir enn eit par søte løver og ein marekatt i hulaskjørt.
Måten å kombinere humor med det alvorlige ligg i ein perfekt balanse. Ein får også følelsen av å miste nokon, og oppleve resultat av sorg og frykt og til slutt samle fatninga å finne det ein mista. Musikken sett prikken på i'en, og dannar dette til ein særs underhaldande film og lagar stemingsfulle scener som andre filmar berre kan drøyme om. Det er nok mange der ute som har hatt Can you feel the love tonight i bryllaupet sitt, eller songe Hakuna Matata for å sprite opp stemninga. Løvenes Konge har mykje av det ingen andre filmar får til. Filmen har følelsar i alle spekter. Me får le av dumme idear, gråte for triste hendelsa, få hevnlyst, kjenne på sakn, og kjenne på følelsen av fornyelse. Me får også bli kjent med herlige karakterar som har store personligheiter. Me får også sjølvsagt smake på den etterlengta kjærleiken.
Nokon tenkjer kanskje at Løvenes Konge er ein film for ungar, den er barnslig, kjedelig, og småfuglane veit kva folk seier om den. For meg betyr den mykje meir enn auge ser, og mykje meir enn ord som kan skrivast ned. Av og til gløymer eg at den fins der ute. Notida gjer det ikkje enkelt å huske alt, men når ein av songane dukkar opp på ipoden, eller på dataen, då er hjerte mitt tilbake i 1994 og spenninga, gleda og sangen er på plass. Ingen av songane vert sletta med det fyrste frå mi liste iallfall. Til slutt slenger eg på mitt favoritt bilete, og ei av favoritt scenene, i filmen:
Dagens visdom:
Hakuna Matata


mandag 22. november 2010

Surmjelk og peiskos!

Kalde dagar..
Heldig og slikkar surmjelkglas..
Det var meget godt, og Anja hjalp å vaske opp etter på..!

Dagens visdom:
Let's have it the milky way..

fredag 19. november 2010

Så var ørkenrotte eventyret overfor denne gong..

Det heile starta i 2003, det året eg var konfirmert. Mari gav mej då ei ørkenrotte i gave, som ej kalla Sarah (kort for Star of Sahara). Ette å ha hatt han ei stund, fann eg ut at ørkenrotter burde vere to. Derfor drog eg til Volda å kjøpte ein hanne til. Dette gjekk som smurt og dei var bestevennar. Den nye fekk namnet Sahara. Det tok ikkje lange stunda før to vart til 16. Ørkenrotte formeira seg ekstremt fort. Sahara viste seg å vere ei jente. Nok ein feil av dyrebutikken. Då igjen, er det ikkje det verste som har hendt meg. Å oppdra ørkenrotte ungar er ein kjempe takknemlig, og kjekk jobb. Dei er ikkje særleg søte som nyfødt, nakne og rosa, men jammen veks dei seg fort til å vert små hjerteknusarar.
Historia omfattar mange ørkenrotter framover. Det var vel snakk om nokon kull. Me var jo nye innen dyret, og å skilje kjønn var ikkje alltid like enkelt. Brått var der komt ei hoe med hannane, og slikt vart det ungar av. Det er vanskelig for ei utrent auge å sjå forskjell i byrjinga. Det meste av ørkenrotte me hadde nokon gong samstundes var nok 22. Berre seks av dei som vart oppfostra vart solgt vidare til andre folk. Vart jo så glade i dei alle saman. Alle hadde sjølvsagt namn, og i mangel på store nok bur, vart dei delt inn i grupper med dyr som gjekk godt saman, helst i partal grupper.
Eg kjem til å sakne dei sju åra eg hadde saman med eit herlig vesen. Eg håpar berre eg greier å la vere å kjøpe nye innan eg eigentleg er klar for det. Der kjem til å verte ørkenrotter i framtida, men ikkje så lenge eg er i den situasjonen som eg er no. Dette er desverre ei tid for nedtrapping, og det må eg minne meg sjølv på kvar einaste dag.Til minne om:
Sahara, Sara, Lucas, Luke, Yoda, Tasselabb, Cognac, Trude, Tom, Ole, Dole, Doffen, Måne, Dove, Black, Jill, Wonder, Ani (Anakin), Lille Svart, Muntiadok, Peregrin, Sirius, Lady, Snehvit, Fred, George og Star.
Kvil i fred!

Junah 12 veker!

Kjem seg til alle stadar!
Midt i ein sving!
"Lassie"
Action!
Galskap..

Dagens visdom:
Babbling, bumbling band of baboons!

lørdag 13. november 2010

Med "tvangstrøya" på!

Sidan Junah har fått noko eksem på magen, har me salve på om kvelden, og så søv ho om natta med denne "trøya", eller kattebodyen som vetrinæren kalla det. Dette slik at ho ikkje skal slikke vekk salven. Ser ikkje ut til at dette plagar ho noko særleg. Me kan ikkje bruke det på dagen, for der er rett og slett ikkje tissehull.
Dagens Visdom:
Happiness is a mood
not a destination..

fredag 12. november 2010

Junah 11 veker!

Utsikt..Nyskjerrig..No kjem ej..Tittei..Under trampolina..Hente i leikekassa..
Resten av bileta ligg nok på facebook :)

Dagens visdom:
Veks og trivst!

torsdag 11. november 2010

Smaken av vinter..

Alexander linselus :p
(Eller kanskje stod ej i veia)
På vei ned frå fjellet!
Anja vassa heile året!
Pose
Alt sollys kan gjera..

Dagens Visdom:
Kaldt