torsdag 29. juli 2010

Fridag og finever! :D

I dag kaure ej, Anja, Sunny og Mamma, Linda til Hovden flyplass. Ho reiste nemleg heim i dag for ho skulle på VIF vs FCB og danse til Madcon sin Glow. Sånn e d berre med den saken. Serkje ut som d går so bra med VIF i skrivande øyeblikk. Dei ligg under med eit mål. Ikkje gadd Tv2 å vise dansen heller, noko dei hadde frykteleg god tid til eigentleg.Ellers he det vore eit nydeleg ver i dag. Ej kunne ikkje ha vore heldigare med fridagen min. Var for det meste berre ute i sola og slappa av fyrste delen av dagen, men so sendte Stine melding, og då var det gjort. Me tok på oss badeklede, drog med eldstehunden her i hus, og "nabohunden" Ronja og drog inn på Fleda. Der var to småkarar frå før og briefa, og etterkvart kom ej og Stine oss også ut i. Berre for å bevise kor tøffe me er, så må eg nemne at me symde faktisk eit godt stykke utover i sjøen, ut til ei blåse. Det var type litt skummelt når sjøen berre vart svartare og svartare, men jammen var det godt å kome tilbake til land då!
Sjøen var uvanleg varm i dag, og håper den held seg slik resten av sommaren, for det er kjempe kjekt å bade. Etterkvart dukka også to småtause opp som også skulle bade. Dei aktiviserte hundane litt, og det passa fint. Etterkvart kom også ei familie til staden, og det var rundt dette at eg og Stine følte oss nedkjølte nok til å gå heim. Så skal eg ta og fortelle dykk ein annan gong, om alt tull eg og Stine har gjort i livet vårt!

Jammen det fekk ikkje Barcelona nok eit mål. Det ser dårleg ut for VIF's venner..

Dagens visdom:
Vatnet er djupast der det er mørkt tenk..

onsdag 28. juli 2010

Hesjing og litt anna diverse!

Dagens Fiskedisk! :D
Sunny hesjar
Anja Hesjar

Dagens visdom:
I morga, i morga men ikkje i dag
I dag skal eg ikkje gjera det slag

Barnedåp og Oslo generellt!

Fredag reiste me atter ein gong til Oslo. Ej, Ole Andreas og Sunny i ein bil, og mamma, Stein Jarle og Anja i den andre. Det gjekk fort nedover, og brått var me framme på Innspurten 4a. Denne kvelden for me ut for å ete på den so høgt omtala Big Horn Steak House. Der va nydeleg biff (men også dyr biff). Dei få restane som va igjen tok eg sjølvsagt med heim til Anja og Sunny! :)
(Big Horn Steakhouse)
Laurdag fekk Anja og Sunny fylle T-bane for fyrste gong. Det gjekk fint det, men litt skeptisk begge to. Reisa gjekk til Majorstua, slik at me kunne vandre rundt i Frognerparken, og sjølvsagt også sjekke ut Vigelandsparken. Kjekke som me er vandra me oss også inn på hundeområdet der oppe. Dette var ikkje ein populær ting, då Anja hadde løpetid. Brått hadde me seks kåte hundar på slep etter oss, og to illsinte eigarar.. Me vandra oss raskt nedover mot andre delar av parken, og mata litt ender. Anja og Sunny prøvde også temperaturen i vatnet. Det vil altså seie at dei prøvde å fange brødbitar og ender. Seinare på dagen for me ut til Asker for å hjelpe til å lage til til den store dagen. Så grilla me oss mat, og song til heile nabolaget.(På T-banå)
(Sms Cola)(Bading i Frognerparken)
Søndagen gjekk med til barnedåp. Fyrst var me i kyrkja, so lufta eg hundane, så åt me koldbord, så lufta eg hundane, så åt me kaker og dessert, så lufta eg hundane, så var det fotosession, så lufta eg hundane, så rydda me opp. Ein gjevande dag med andre ord! :) På kvelden for me inn att til Oslo. Der såg me filmen Tomme Tønner, åt sjølvsagt Peppes Pizza til (med Pom. Fri. oppå !!) og drakk Coca Cola.
Så var det mandag og me sette kursen nordover igjen. Me stoppa ein tur på Lillehammer for å besøke Sunny sin gamle heimstad, Mellsjøhøgda. Der varta Sissel og Johs og opp med drikke og småkaker, og Sunny fekk sjølvsagt nokon leikekameratar. Eg og Linda fekk også halde to små kvalpenøster som var 12 dagar gamle. Heilt nydeleg. Det er kjekt å besøke oppdrettarar med mykje hundar! :D Turen oppatt var elles alt for lang..... Var glad når me endeleg var heime!(Ei tånn frå Sunny om du ser nøye etter)

Helgas visdom:
Barnet er til fonten båren..

torsdag 22. juli 2010

Brått så stille på bloggen det vart,,

Mandag byrja eg som nemnt å jobbe på ferskvara på Mega i Volda. Etter eg byrja jobbe er har det ikkje vore tid til å gjere så mykje anna enn det. Dermed vert det forferdeleg lite å skrive om. Kan einaste vere om eg brått føler for å brenne for eit tema. I helja skal vesle Petter døypast, så då går turen til Oslo/Asker. Då vert det kanskje noko å skrive blogg om på mandagen igjen. I mellomtida gjer eg meg akkurat no klar til å reise på seinvakta som byrja klokka ett, og sluttar kvart over ni. Den vakta føles så uendeleg lang av og til, men håpar det går fort i dag. Er forøvrig mykje kjekke folk å jobbe saman med bak i ferskvara, så det er kjekt å kome på arbeid som oftast! :) Her har du ein smakebit frå jobb, dog bilete er tatt i 2007! ^^
I dag har forøvrig ej og Ole Andreas månadsdag. Gratulerer til oss! :D

Dagens visdom:
Korkje regn eller vind
kan temje våre sinn..

søndag 18. juli 2010

Den siste ferieveka for denne gong..

Sida onsdag he ej strekt ut ferien til det siste for å fylle ut sommarlista. Ej tok å sette opp bassenget mitt, mest fordi det berre skulle få kome opp i år. Veret her på Sunnmøre e so ustabilt, så en får nå berre nyte dei dagane en he med finever.Torsdag va det eit slikt eit finever, så då testa ej, Christina, Anja og Sunny temperaturen i bassenget. Sunny likte forøvrig best å sjå på frå utsida av bassenget. Det vakje lenge det fine veret hadde vore før der kom ei sky med torever. Den kom også med en enorm vegg med vatn. Aldri sett so mykje vatn kome frå himmelen på en gong før altså. Bles og herja, men so va det over igjen. Då tok me laust med båten og for ut å fiska.
So kom fredagen. Heile denne dagen gjekk vekk til fjellvandring. Ingen negativ ting det. Va fint ver. Me gjekk fyrst opp til støylen. Der grilla me oss mat, og satt oss ned litt. Så gjekk me vidare oppover mot høgenipa. Då me nådde toppen der bles det kraftig, og regne va på vei. Me fekk tatt noken bilete før me byrja å gå nedatt Sandskaret.På dinne turen fann me også snøv. Fyrste gongen, med det ej veit, at Sunny he spronge på snøv. Ho synes det va veldig kaldt og ville fort opp i fanget mitt. Anja derimot storkosa sej, og kankje vente til neste vinter!Så va den dagen gådde, og me va komne til laurdag. Då tok me laust med båt og for til Volda. Sunny fann seg godt til rette i styrmannsetet. Anja fekk ikkje vere med denne gongen, for ho he vore på båttur før. På vegen heim va utrøna byrja, og det vart one bumpy ride.
So va det søndag. Og den e jo godt i gong. Forhåpentligvis skal den bringe noken vafle, noke mat, litt slappe av, og alt anna so måtte komme, for i morga byrja "alvoret" med jobb.

Dagens visdom:
Der kjem alltids ein ny fridag!

onsdag 14. juli 2010

Ein fjelltur i skodda..

I går ar ej, Sunny, Anja, Stein Jarle, Eva, Christina og Knut på Fossastøylen. Det var ein fin tur, men litt vått. Sidan Sunny e so lita enda, so må ho sitte i sekk i perioder. Bilete e eit som Christina he tatt, og nedste e eit som sjølvutløysaren he tatt. Me var alle samde om at det var ein gild tur!Gårdsdagen visdom:
Ekje om å gjere å kome fyst,
d e om å gjere å kome opp!

mandag 12. juli 2010

Ferieturen for denne gong!

Fyrste attraksjon var leiligheita til Linda på Innspurten. Der tok ej desverre ingen bilete, men det vakje fordi der va so stygt, berre fordi ej gløymde det. Mandagen brukte me til å utforske Karl Johann, altså sosialisere Sunny med folk, dyr og alt anna en finn i Oslo. I tillegg til å køyre til Alnabru på Mac Donalds. Me sjekka også ut Norwegian Outlet. Worth checking out!

Så reiste me ut til Hvaler. Der e forresten bilete tatt. Ej og Ole Andreas padla i kano rundt heile holmen. Det va type litt tungt med all motvinden. Me måtte også sjekke ut Fredrikstad. Der såg me Shrek 4 i 3D. Skuffa over 3D, men filmen vakje so verst i sej sjølv. Ej og Anja sjekka også temperaturen i vatnet på Hvaler. Så var der ein liten photosession i solnedgangen med Anja

Me var også på "utepils" på Hvaler downtown. Det vil seie Knut og Stein Jarle tok utepils. Me åt pizza ej og Ole Andreas. Anja og Sunny la seg opp på ein karm og studerte livet.Me var også til Sverige og handla brus, godteri og kle. Andre var sjølvsagt på systembolaget. Ej og Sunny venta ute me. Deretter gjekk turen vestover mot Haugesund. Det store målet va Frønsdal i Ølensvåg. Der budde denne geita:
Neida, berre tulla. Denne geita stod i Haugesund. Husverten vår såg derimot slik ut:
Der budde også andre i dette huset. Nemleg to firbeinte, Shadow og Lucky. Medan me var i distriktet reiste me til Haugesund å såg Eclipse. Synes den var bra ej, den beste i Twilight serien hit til. Var også veldig positivt overraska over kor bra kvalitet der var både på lyd og bilete i Edda Kino, som kinoen då heitte. Her er bilete av hundane i full leik. Sunny skulle berre leike med Lucky (den kvite og svarte), ho var ikkje så opptatt med leiken, så ho endte med å verte trakka på.

Slik var Sunny og Lucky forholdet:

Slik var Sunny Shadow forholdet:
Og her er min betre halvdel saman med mi noverande bærbare hund:
Her ser du eit innblikk i kor stor Shadow e:
Alt i alt va det ein fin ferietur, med mykje bra ver. Me fekk sjå ein vakker del av Vestlandet for fyrste gong, endeleg få sjå heimen til Sandra, slappa litt av, kaurt alt for mykje bil, og ledd litt også. Og ja, en ting til. Såg en film som va litt, ja, spesiell. Me såg Salo. Skikkelig sjokkerande, ikkje spesielt bra, berre spesielt ekkel. Likevel følte me me måtte sjå den. Det bør sikkert du med, men ingenting for sarte sjeler.

Dagens visdom:
Beitre heim heil, enn fort i grøfta!