søndag 30. juni 2013

Utstilling på Vestnes..

Dommar: Trond Storsveen
Very Good, 3. plass, 
"Meget god type, men noe stor. Hode har fine linjer, men skulle hatt mer kjønnspreg. Noe store og lyse øyne. Meget fremskuet og steil skulder og overarm. Vel fallende kryss. Skulle hatt bedre forbryst. Beveger seg bra. Bra haleføring. Bra pels/farge."
 I dag var eg og Junah på utstilling på Vestnes. Dette vart eit tilbakesteg i forhold til forrige utstilling. Me er no tilbake på blå sløyfe. Fekk heldigvis ein grundig kritikk, då eg er noko ueinige med lyse øyner. Er grense for kor mørke dei kan vere mot sola tenkjer eg, men sånn er det. No vert det ikkje meir utstilling i år. Kanskje noko LP, så tek me det som det kjem.
Dagens visdom:
You can't always get what you want.. 

tirsdag 25. juni 2013

Fire skal verte til fem!

 For ei veke sidan var me å såg på kattungar bort med Siw. Desse kattane er blanding mellom Hellig Birma og huskatt, med andre ord "hellig huskatt". Me diskuterte att og fram og kom til slutt fram til at me skal prøve oss som katteeigara.
 Kattungen er i eit kull på tre søstre. Dei var fødde 5. april, og er dermed leveringsklare i byrjinga av juli. Det er ikkje lenge til. Det vert spennande å sjå om ho overlever Anja. Dette vert og det fyrste dyret eg og Ole Andreas skal eige saman.
Dermed vert snart denne sjarmøren snart ein del av vår svært vesle familie!
Neste vert å finne eit passande namn, og ikkje minst kjøpe kattasand! :)

Dagens visdom:
Women and cats will do as they please,
dogs and men should relax and get used to the idea..

søndag 23. juni 2013

Kreta - Agia Marina

 Forrige veke var eg og Ole Andreas til Kreta. Nærare bestemt budde me på Iolida Star på Agia Marina. Sjølve Agia Marina var ein ganske "død" og stille stad. Der var hovudsakleg ei strand, hotellrestaurant, eit super market og ei minigolf bane. Dermed var me avhengige av å utforske området for å finne litt liv.
 Liv fann me til dømes inne i byen Chania. Her var ei vakker havnepromenade med mykje butikkar og restauranter. Dermed fekk me dekka vårt shopping og matbehov der inne. Det kosta vel ca 13 euro å ta taxi dit, så var ikkje den verste utgifta. Viss me skulle frykte å svelte ihjel hadde me sjølvsagt tilgong på det meste på vårt lokale super market. Der hadde dei til dømes Coca Cola med greske namn, ei fasinerande greie.
 Ein av dagane reiste me på utflukt med Apollo. Då tok me båten som du ser på bilete her og reiste ut til ei øy dei kallar Gramvousa. Dette var visst både ei øy for flyktningar og liknande ein gong i tida, og me fekk oss ein liten fjelltur opp bakkane for å nyte den oppskrytte utsikta. Ting vart likevel satt litt i perspektiv og me kunne nyte dei tørre bergknausane som Kreta stort sett er laga av. Trimmen var god, men heldigvis skulle me til ein langt meir attraktiv stad etterpå!
 Baloslagunen. Sjø på begge sider, Sand syr øydelane saman. Heilt klart vatn. Det føltes som å symje i symjebasseng. Sanden var kvit, og på eine sida var det langgrunt med varmt vatn, og på den andre sida var det iskaldt vatn. Ein deilig stad eg trur eg kunne nytta i fleire dagar. Me var glade me tok denne utflukta. Var litt koselig med den båtturen også.
 Mykje trakking, shopping, soling og andre opplevingar. Det var stort sett det turen handla om. Me opplevde ikkje landet som spesielt billig, men det var spennande å sjå på lokale varer som keramikk, knivar, stein osv. Dei fleste folka var hyggelege, og mindre påtrengande enn til dømes tyrkara.
For å få ligge på stranda til hotellet måtte ein betale 3,5 euro per person. Ingenting var gratis anna enn internett ironisk nok. Hotellrestauranten åt me på fyrste kvelden. Dei hadde ein litt artig patent. Me bestillte biff. Denne fekk me servert på ein stein, ein veeeeldig varm stein. Biffen var så vidt steikt, men steinplata var så varm at me kunne steike den akkurat slik me likte den, fasinerande, men heilt ærlig så går eg ikkje på restaurant for å steike maten min sjølv. Det fins då grenser.
For å oppsummere turen hadde me det veldig fint. Det var fredeleg, avslappande, samstundes som det var spennande å oppleve kultur, mat og shopping på ein annleis måte enn i Noreg. Mykje var typisk syden, medan andre ting var nytt. Generelt var det veldig mykje lauskattar, og nokre få hundar. Når me satt på altanen på kvelden haure me hundane gøy. Eg trur eg kan konkludere med at det var ein fin tur, men at me kanskje vel eit meir "aktivt" område neste gong. 

Dagens visdom:
It's the journey itself who makes the experience..

lørdag 22. juni 2013

Nine years past..

I dag er det ni år sidan eg og Ole Andreas fann "lukka". Sidan den gong har det skjedd mykje. I år tek me og det neste steget ved å kjøpe leiligheit saman. Sjølv etter ni år har me også fyrstegongsopplevingar. Me var til dømes nyleg til Kreta, berre me to, ei heil veke. Det var nytt for oss begge, og det var nesten slik det var trist å kome for å sprekke bobla me hadde levd inni heile turen. 

Takk for alle fine opplevingar i åra som har gått,
eg håpar fortsatt på fleire! :-) 

Dagens visdom:
To keep together is the magic of stubborness..

torsdag 13. juni 2013

Ein promblemhund si vedkjenning..

Anja var fødd i eit kull med åtte kvalpar. Som den halve beagle ho var, elska ho både folk og dyr. Miljøtreninga var voldsom då ho var kvalp. Me møtte alle typar folk, og dei fleste type hundar. Alt våt så lett for den problemfrie og tøffe Anja. Ei sytalaus tipse som elska alle. Ho fekk nokre år på baken og vart ein trygg og sikker hund som ein kunne ta med seg overalt. Akkurat slik ein hund skulle vere, men sjølvsagt litt sta slik som rasa tilseier og litt smårusk måtte ein rekne med i oppdragelsen av hund nummer ein.

Anja hadde sine tura aleine, ofte med ein eigar med hjarte i halsen. Som regel gjekk det greit. Dei fleste hadde sansen for ho. Litt svakt ressursforsvar var der frå grunnen av mot andre hundar. Aldri slik det vart eit problem.

I sitt tredje år møtte Anja ein vegg som aldri vert gløymt. Eit uprovosert uhell, som endte i store skader på henne. Auga vart blå, ho hadde fleire tannmerker, trykkskader, og spesielt eit djupt sår i foten. Me var til veterinær, desverre ikkje vår faste. Ho fekk medisinar og pleie, men såg ut som ein mishandla kvalp.

Dei fysiske såra forsvann, men andre hendingar byrja dukke opp. Dei psykiske traumane satt djupt og inderlig i Anja. Etterkvart som situasjona dukka opp, kom dei skjulte såra fram. Anja skulle ha vaksine med vår faste dyrlege kort tid etter hendinga. Dyrlege var aldri eit problem for Anja. Ho elska det. Me hadde bygd tillitt.

Halen senka seg med ein gong me gjekk inn døra. Ho var ukomfortabel for fyrste gong. Dyrlegen vår gjor sitt beste, men hunden var usikker. Bordet var verst. Fra trygg til livredd, som over natta. Me må fortsatt trene på bordet..

Me byrja merke andre ting. Anja likte ikkje lenger andre hundar. Den sjølvsikre, trygge hunden vart til ei usikker og redd tispe. Redd for andre, men på ein utagerande måte. Dette bredde seg vidare til eit betydelig auka ressursforsvar, ikkje lenger berre mot hundar, men også mot folk.

Hunden som likte alle var no ei eksplosiv bombe som var farleg å ta med overalt. Hormona vart ei stor styring for humøret hennar, og det vart til slutt Inga anna løysing enn å ty til kastrering. Ei stor påkjenning både for eigar og hund.

Tida etter kastreringa har vore lang, tung, og i bølgedalar. Det tok lang tid før eg greidde å seie til meg sjølv at eg har ein problemhund. Eg har ein hund eg ikkje kan ta med på offentlege stadar, ein hund som eg prøvar dagleg å legge til rette for, slik at me unngår ubehagelege situasjonar. Ein hund som treng ekstra omsorg.

Mykje har vorte betre for Anja etter trening. Somme ting sit ennå djupt. Det er vanskeleg å snu, og nokre gongar må eg spørje meg sjøv om eg orkar dette. Eg var nylig på treff med alle søskena til Anja. Utadvendte, sikre, sosiale og trygge hundar. Den Anja eg ein gong kjente. Treffet var på mange måtar ein suksess, alle leika fint saman, Inga knuffing. Men Anja stod i bilen. Ho takla det ikkje. Ho var usikker, ho var livredd, ho var sint. Det var einaste utsjånad som var likt med søskena. For meg var dette ein av dei større nedturane i åra som hundeeigar.

Hunden min er ein problemhund, ein hund med åtferdsproblem. Ein hund ikkje kven som helst taklar, eller bør vere saman med. Frå superdog til underdog. Det er slett ikkje rettferdig. Nokre dagar går det heilt fint, den neste dukkar det alltids opp noko nytt.. Gled dykk over gode stunder, ein dag kan alt anu på hovudet..

søndag 2. juni 2013

Nokre bilete utanom eksamenslesing..

Junah er no påmeldt utstillinga på Vestnes i slutten av juni. Dette vert ei utstilling me er ekstra spent på, då me i det siste har gått utstillingskurs og fått mange gode tips til korleis me skal stille oss opp, springe og andre smarte triks. Det ligg derfor ein del forventningar til denne dagen.
 Det har vore nokre flotte dagar den siste veka. Sumartemperatura, men diverre lesing innandørs. Likevel har eg sneke meg litt ut for å nyte sola, eller å sitte i skuggen med notatar. Anja seier slett ikkje nei takk til varme og kjærleik.
Etter mykje leiting har eg endeleg funne namnet mitt på dei berømte Coca Cola flaskene. Det var storstas, og sidan eg og har skaffa meg instagram, var dette eit "must" å poste!
Den som kunne vere ein hund, 
ligge i sola å nyte kvar stund,
Tenke på lite, og nyte sekund
Den som kunne vere ein hund..
 I går gifta Mari og Per Arne seg. Dette var eit nydeleg bryllaup, mest fordi bruda var så innmari flott. Her er bilete av alle jentene eg gjekk i fyrste klasse med. Ein herleg gjeng. Var kjekt å kunne samlast i ei så gledeleg hending. Tusen takk for at eg fekk dele stunda med dykk, Mari!
 
 Her er då eg og min betre halvdel. Legg merke til den flotte matchande skjorta hans. Guten har fått seg Moods dress. Så det er ikkje noko tull. Ein lærdom som kom ut av bryllaupe er at det er eit herk med stropplaus kjole..

Dagens visdom:
Og størst av alt er kjærleiken..