søndag 29. mai 2011

Bekymra for hund i varm bil?

No har NKK komt opp med løysingar for dei som skulle ha bekymring for hund i varm bil. For å finne navnet på eieren til Norske biler sender man en SMS til 2282. Start meldingen med regnr og nummer. Altså sms til 2282 "regnr YE00000". Så om du ser en hund som står i en varm bil, finn ut kven eigaren er, og kontakt vedkommande. Spre ordet vidare. Temperaturen stig fort i en bil, som du kan sjå på dette bilete. Lat denne sommaren vere sommaren der ingen hundar døyr fordi dei var etterlatt i bilen!
Kjelde: http://www.nkk.no/nkk/public/openIndex?ARTICLE_ID=12129

lørdag 28. mai 2011

Hundelova..

Ja, kanskje kjem det som ein overraskelse for somme, men der fins faktisk ei hundelov. Mange anskaffar hund utan å tenke over slike ting som reglar. Derfor tenkte eg at eg skulle dele nokre punkt frå hundelova på min blogg, så har iallfall eg ført vidare litt. Heile lova finn du her. Alle hundeeigarar bør sette seg inn i denne.

Den fyrste paragrafen som er verdt å merke seg er § 3:
En hundeholder skal vise aktsomhet for å unngå at hunden volder skade på folk, dyr, eiendom eller ting. Hundeholderen skal sørge for at hunden eller hundeholdet ikke er til urimelig ulempe for folk, miljø eller andre interesser. Blant annet skal hundeholderen søke å avverge at hunden eller hundeholdet skaper utrygghet for andre.
Denne paragrafen skriver fram ansvaret kvar enkelt hundeigar har ovanfor sin eigen hund. Det er til dømes vårt ansvar at hunden vår ikkje graver i naboen sitt blomsterbedd, eller at folk kan passere huset vårt utan å vere redde. Ein kan eigentleg tolke lova på mange måtar, men svart på kvitt gjev den oss hovudansvaret for alt hunden gjer.

Neste paragraf har også mange viktige poeng som mange hundeigarar har gått glipp av:
Den som holder en hund i bånd, skal være i stand til å ha kontroll med hunden, hvis de ikke blir ledsaget av noen som har slik kontroll.

Hundeholderen skal påse at hunden ikke farer mot, hopper på, forfølger eller stiller seg i veien for folk som ikke godtar dette. Har en hund dette for vane, skal den bli holdt i bånd på steder som er åpne for allmenn ferdsel.

At ein må ha kontroll på hunden sin, seier seg sjølv. Mange bryt også den delen med at hunden hopper eller spring mot folk som helst ikkje vil helse på hunden. Dette er sjølvsagt mange som brenn seg på. Eg tenker berre sjølv når eg vandrar fram i dalen, bandtvangen er over, og Anja får springe laust. Rett rundt svingen møter me folk. Då har eg ikkje mykje sjangs å ta inn hunden før ho er overalt på folket. Dette er ting eg, og mange andre, må verte flinkare med. Iallfall når ein har hundar som Anja, som ELSKAR folk. Det er derimot ikkje alle folk som elskar hundar.

Me vandrar oss vidare til kapittel 2 i hundelova, Sikring av hund. Ein ting som er litt nytt i hundelova er også at ein ikkje har lov å forlate bunden hund utafor bygg med allmennferdsel. Dvs. som ein butikk, bank, posten osv. Det er faktisk forbudt. Derettr kjem eg til den paragrafen som er mest strid rundt, og som dei fleste hundeeigarar har brutt ein gong, nemlig paragraf 6, Sikring av hund ved båndtvang m.m:
I tiden fra og med 1. april til og med 20. august skal en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerdet eller innestengt, slik at ikke den kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo
Dette bør ikkje vere nytt for noken hundeeigar. Dette bør vere allmennvite. Når båndtvangen ikkje er, gjelder følgande:
Hovedregelen er at hunder bare kan løpe løs når den følges på forsvarlig måte av eieren eller andre som disponerer hunden.
For at en hund skal følges på forsvarlig måte, må det kreves at den er under fullstendig kontroll av eier/ besitter. Dessverre er det de aller færreste som har slik kontroll over hunden sin.
Som sitatet frå Jusstorget seier, er det få som har så god kontroll på hunden sin. Så utenom båndtvangen er det mange hundar som går laus, som aldri burde vore lause. Nok om det. Så kjem båndtvangen. Og då gjeld følgande reglar:
I perioden 1. april - 20. august er det båndtvang for alle hunder.

I dette tidsrommet skal hunden holdes i bånd, forsvarlig inngjerdet eller innestengt, uavhengig av om eier/ besitter har kontroll over hunden eller ikke
Det dei fleste går glipp av her, er at hunden skal vere i band uavhengig om eigar har kontroll over hunden eller ikkje. Det vil seie at båndtvangen er absolutt. Uansett kor snill og grei, søt og lydig hunden din er, skal den vere i band i bandtvangstida. Dyrelivet er utruleg sårbart, og treng at me som eigarar tek hensyn. Dessutan er det mange som er livredde hundar, som sett stor pris på denne tida, det må me som hundeeigarar ha respekt for. Det som også overraskar mange, er at båndtvangen gjeld også i din eigen hage, så sant den ikkje er forsvarleg innegjerda.

Så hoppar me til kapittel 5, då dei føreståande kapittela seier seg sjølv. Dette er kapittelet om du havner i trøbbel med andre husdyr, hundar eller eigarar, og er kalla: Personers rettigheter og plikter i nøds- og faresituasjoner. Etter paragraf 14 står det følgande:
Hundeholderen skal sørge for å holde eller kalle hunden tilbake og gjøre det han kan for å avverge urettmessig fare når en hund jager eller angriper mennesker eller dyr.

Et ellers ulovlig inngrep mot en hund er lovlig når noen gjør det for å avverge at hunden urettmessig jager eller angriper mennesker eller dyr, dersom inngrepet ikke går lenger enn nødvendig for å avverge skade, og dessuten ikke går utover det forsvarlige i betraktning av angrepets farlighet og den angrepnes interesse.

Lat oss stoppe her litt. Her kjem ei skummel setning; Et ellers ulovlig inngrep mot en hund er lovlig når noen gjør det for å avverge(...). Vidare i paragrafen, del a) står det også Ved pågående eller nært forestående angrep mot en person kan enhver gjøre det inngrep mot hunden som fremstår som nødvendig for å avverge skade. Dette fritar ikke den som helt eller delvis har provosert et angrep, fra straffansvar eller erstatningsansvar. Ein kan så godt som skyte hunden på staden om ein vert angrepen. Enda betre grunn til å halde hunden sin under kontroll, spør du meg. Vidare er der samme opplegg om hunden angrip andre dyr. Så vil eg også nemne del d): Enhver kan på stedet avlive en hund som påtreffes i umiddelbar forbindelse med at den har påført en person vesentlig skade, dersom hunden fortsatt utgjør en klar fare. Det samme gjelder hvis hunden har voldt vesentlig skade på tamrein, husdyr, hunder eller hjortevilt, dersom ikke det skadete dyret urettmessig var kommet inn på eiendom som hundeholderen disponerer.

Vidare kan du lese om kampvillige hundar, og kva som er lovleg å lære hundar o.l. Du har t.d. ikkje lov å lære hunden din å angripe folk eller dyr. Dette kan gjere at hunden din vert tatt frå deg. Vidare er der også spesifikke lover for når hunden din vert krevd avlivd/omplassert. Om du kjem i dårlige situasjonar med din hund, er dette lover du bør setje deg inn i. Der er også eige kapittel i henhold til dette med avliving. Dei fleste hundeeigarar er jo så glad i hundane sine at die vil unngå dette. Eg anbefalar alle som har hund å setje seg inn i lova. Eg har berre nemnt paragrafar som eg synes er relevante for mitt hundehold.

Dagens visdom:
Av og til lønner det seg å ha lova på si side..

fredag 27. mai 2011

Junah 9 mnd!

Då var Junah fylt 9 månadar. Tenk kor tida går.
Ho er jammen byrja verte litt lydig også.
For tida går me på kvalpekurs onsdagane, og det synes både eg og Junah er kjempespennande!
Ho er byrja verte vaksa dame. Også byrja å verte utadvent, og mindre skeptisk til framande stadar og folk. Jammen er ho på veg til å verte stor jente.
Ho er også i stand til å stå i ro. Ein god egenskap!

Dagens visdom:
Sheltie er virkelig som potetgull,
og eg er ekstra glad i potetgull..

torsdag 26. mai 2011

Katt og hundeliv..

Her har dei tre musketerar slått seg ned!
Så var akvariet oppdaga, SPENNANDE!
Same interesse..
Slik slapper Dono av..
Junah og Dono leikar med mus..
Viktig med gooooooood plass..

Dagens visdom:
Eg er ein lemen,
og du er ein pusekatt..

mandag 23. mai 2011

Slutten på ein vakker Melodi..

14. mai 2007 kom fire kattungar til verda. Den eine var ein stripete kar, som no er døypt Titt, den andre var ei oransje langhåra jente, med namnet Sarafina, den tredje var ei grå, brun og kvit jente med namnet Melodi, og til slutt den vesle oransje, halelause Midna. Alle kattungane fekk heimar i Dalsfjorden, og Melodi og Sarafina flytta saman. Etter ei stund måtte desse to flytte litt lenger ut i bygda. Sarafina fann seg fort til rette, men Melodi gjor ikkje. Ho byrja å gå heim, til sin fyrste heim. Etter å ha prøvd eit år med å køyre ho utover, bestemte me det var best ho berre fekk bu inne i Pettergarden. Det var tydelig det var det ho også ville.

Sjølv om ho var tynn etter å ha vandra slik, vart ho fort ein god og rund innekatt. Ho stortrivst å få vere inne å sove, og elska når folk ville ha ho på fang. Ho mol som ein traktor, og sette klørne djupt inn i låra dine. For 3-4 veker sidan vart ho derimot sjuk. Me var til dyrlegen, og ho fekk konstantert mageinfeksjon. No flytta me ho ut til oss. Ikkje ville ho ete, og ho kasta berre opp. Me gav ho næring, og starta medisin. Katten vart ikkje betre, og me prøvde å skifte medisinering. Ho hadde nokre oppturar der ho smakte på mat, men i dag vart alt verre. Katten fekk krampeanfall, og byrja hyperventilere. Me kom oss så fort me kunne til dyrlegen, og me vart alle einige om at avliving var det beste. Ho kjempa ein hard kamp, no skal ho sleppe meir. No jaktar nok Melodi på dei evige jaktmarker.

Kvil i fred, Melodi!

søndag 22. mai 2011

Hundeutstilling i Sunnmørshallen!

På laurdag var eg, Junah og sherpaen vår Sandra på hundeutstilling i Sunnmørshallen. Eg stilte ikkje ut verken sherpaen eller Junah. Me var der nemleg berre for å kike, på mi fyrste utstilling. Det var kjempe spennande. Der foregjekk også agility. på bilete over ser du ein sheltie i farta!
Det var interessant å sjå litt korleis ting fungerte.
Her ser du Golden retrieverane i aksjon.
Me satt ei stund på trappene å kika. Då la eg til merkes denne nydelige beagle kvalpen. Minner meg slik om Anja.
Her var ei dame som hadde med seg alle pudlane sine. Såg berre så artig ut der dei trippa av garde alle saman.
Me var naturlignok ein del der sheltiane vart stillt ut. Dette var tre hundar som stod i grind. Trur muligens dei kan vere frå kennel Hasimo, men det skal ikkje eg seie for sikkert.
Her har du reisefølget. Lykkelige og glade.

Om nettopp din hund er på eit av desse bilda, og du helst vil ha det fjerna, så er det berre å ta kontakt, så skal eg fjerne det snarast.

Dagens visdom:
You wanna be, a loser like me!

fredag 20. mai 2011

Eit lite springetreff!

D ser egentlig ut som Dina sitt på do,
men trur ho berre gjer seg klar til avsprang!
Flying sisters!
Søskenkjærleik..
Dei he verkeleg tekken på flydog metoden!
Flydog, treng eg seie meir?
Junah ser heilt vrengt ut..
Yey, sheltie ledar!
Dina i front!
Fullt kaos!
Kven er sterkast?
Junah dømmer..
Her vert det nøye planlagt før leiken startar!

Dagens Visdom:
Den som spring,
tevar med tunga..

torsdag 19. mai 2011

Mobilbilete igjen, og ein smule hundegalskap!

Ekje greitt når hundane teke puta di!!
Dono nyter ei episode med Paradise Hotel.
God smak denne guten ja!
Biltur..
Mariekjeks og kuli - vinn vinn!
Moldhaugen!
Junah møter anna sheltie, Trico!
I dag har ho forresten møtt ein sobel gutt på 4 mnd, med namn Miko.
Skikkelig koselig å møte samme rase!


Dagens Visdom:
Luftetur i øsende regn..

onsdag 18. mai 2011

Me prøvar oss med ny layout..

I dag har eg sett litt på nye layout'ar. Eg tenkte kanskje det var på tide å gå vekk frå det kjedelig svarte, til noko litt meir freeesh. Eg håpar du som les bloggen er nøgd med det du kikar på. Eg innser sjølvsagt at bannere ikkje står heilt i stil, men dette får vente til eg får attende min kjære "Store-PC". Der har eg nemlig Photoshop. Litt kjekkare å produsere banner i, enn paint må eg ærleg innrømme. Denne mini-pc'en er ikkje mykje tess til mitt daglege bruk kjenner eg.

Dagens visdom:
Don't be afraid to look forward
it's easier not to tremble..

tirsdag 17. mai 2011

17. mai, 2011..

Så var festen over for denne gangen. Dagen starta på Busslomma i Dravlausbygda klokka kvart på ti. Der stilte me opp, og marsjerte oss ut til kyrkja. Der hadde Per Steinsvik ei kort tale ved bautaen, før me alle samlast i kyrkja saman med Svein Kvamsdal.
Etter kyrkje gjekk turen ut til Lauvstad, nærmare bestemt Sætre Bedehus. Der stilte me nok ein gong opp, for så å marsjere ut gjennom bygda der ute. Veret vart egentlig verre og verre etter som dagen gjekk. Kaldt og vått. Ut ved Ulvestad Skule spelte me Ja, Vi elsker, og Joy Sætre hadde ein god apell.
Så kom ein til mattid. Dei selde rjomegraut, pølser og anna godteri i kioskane. Køa var lang, og det var utruleg folksomt, men me fann oss noken stola i gangen (ved god hjelp av herr Sætre). Etter å ha prata litt med folk, og ete nok mat, kaure me inn att til vår kjære heimbygd.
Der tok me ein photoshoot saman med hundane, som ikkje synes det var kult å vere heime medan me var ute å farta. Derfor var dei utruleg energifulle når me endelig tok dei med ut.
Av tusen bileter vart jo noken få bra iallfall. Dei er ikkje så gode å koordinere desse her jentungane seie eg dykk berre..
Deretter gjekk turen ut på Dravlaus bedehus. Her var det 17. mai fest. Her song me songar, Marit leste dikt, Gunhild song nokre viser, der var bordkonkurranse, og ståande "bufè".
Året i år var veldig annleis sidan me ikkje kunne ha det på skulen vår, men det fungerte nokolunde likevel!
Dagens visdom:
Det kan so vere, det er slik laga
me veit sørvesten han høyre med
Me veit han held ut i mange daga
men etterpå, du kor fint det er!

mandag 16. mai 2011

Gåve og ny side!

I går var den store gebursdagsdagen. Den feirierte eg saman med min kjære Ole Andreas. Me byrja dagen med å delta på TiTurmål som gjekk til Lisjevatnet, eller Sæsslisjevatnet. Heiter iallfall ein av dei delane. Då fekk sjølvsagt Anja og Junah vere med. Ein flott tur, sjølv om det gjerne kunne vore varmare i veret. Eg åt sjølvsagt masse kake, og avslutta dagen med ein tur til Fiskå. Der åt eg og Ole Andreas hamburger til kvelds. Det er akkurat slik det skal vere.
Her er bilete av ein del av gavene eg fekk av folk. Her ligg mellom anna to sesongar av Grey's, to filmar, godteri, klede, blad og ikkje minst den fnisesmileyen som du ser. Den smileyen har også eit skilt med bilete av meg og Sandra på. Ei artig gave! :)Her ser du gåva eg fekk av Ole Andreas. Eit 3-mannstelt.
No vert det camping på oss i sommar iallfall!
I tillegg har han lovd å finansiere ny mobil til meg (noko som eg synes er håplaust å finne), og så kjem der ein gensar i posten, så laga han kake til meg, konfekt og gav meg rose. Trur eg må leite lenge etter ein betre kjærste!

Heilt til slutt vil eg berre nemne at eg har oppretta ei ny side på bloggen. Den finn du på høgre sida saman med "Dyra mine". Den heiter "Schleich dyr". Denne har eg oppretta så det skal verte enklare for dykk å kjøpe schleich dyr til meg ! :p

Dagens visdom:
HIPP HIPP HURRA

lørdag 14. mai 2011

Dono på nye eventyr..

Dono er kreativ når han finn seg soveplass.
Her har han reve ned bilete av meg, og lagt seg til.
Lysestaken var også i veia, så den datt ned rett etter eg tok bilete..Han er ein liten ramp!Men fin å sjå til..No var det på tide å forlate åstaden.
Litt yoga fyrst sjølvsagt..Dono has left the building..
Rett i aktivitet. Du må skjøne det at han må ta alt som bevega seg!
Og bite det hardt!
Og enda hardare!Til byttet er dødt, og han er einaste linselus...

Dagens Visdom:
I wanna be fabulous..