onsdag 31. juli 2013

Frå leik til lydigheit til camping..

 Onsdag pakka eg og Hege bilen og kaure nedover til det fagre sørlandet. 11 timar tok turen nedover, og me var noko leide når me kom fram. Veret viste seg frå si beste side, men det skulle vise seg å vere for varmt til å vere ute dei neste dagane. Me sjekka inn på Nidelv Camping. Me to, og tre hundar, på ei veldig lita hytte utan innlagt vatn. Sa eg forresten at det var minst 40 grader i hytta den dagen me kom?
 Målet med turen var eit kurs som heitte "Fra leik til lydighet". Dette var med instruktør Siv Svendsen og i samband med amokk. Kurset starta torsdag morgon og var ferdig søndag ettermiddag. Siv hadde forskjelige tema for kvar dag, og skapte ein spennande heilskap til kurset, samstundes som våre eigne ynskjer skein gjennom. Mine ambisjonar for helga var å kome vidare på stå under marsj og spesielt apport. I tillegg såg me nærare på ruta og naseprøve.
 Kvar dag vart me inspirert me forskjellige tema. Dag ein vart me introdusert til ei rekke leikar som kan vere nyttige å bruke i treninga. Eg kan mellom anna nemne stolen, indianarleiken og jaktinnkalling. Desse var ein fin inspirasjon, og gav iallfall meg kreative idear til seinare treninga.
Bilete lånt av ivrighund.com med løyve
 Den fyrste dagen arbeidde me mykje med å lære hunden at det er artig å vere saman med oss. Eg prøvde meg med litt leik på Junah denne dagen, men det vart ikkje så alt for populært. Ho var derimot med på "leiken" når godbitane kom fram. Me fekk byrja på indianarleiken og nokre jaktinnkallinga. Neste dag vart det ei fin balanse mellom det å springe og det å tenke. Dagen starta eigentleg koselig ute med forskjellige gjenstander som balanseballer og gildebagger. Her fekk hundane utfordringa med å balansere på, gå oppi, gjere triks på, eller andre liknande øvingar. Dette syns Junah var kjekt.

Etter det fekk me fortsette me frammadsending og apportdirigering. Junah diggar å trene dette. Ingenting er som å få godbit i skål. Så fekk me fortsette på apporten. Junah har så lenge nekta å plukke den, men jammen det plukka ho den for fyrste gong. Apport er vel den øvinga eg føler me kom aller lengst på under kurset.

Bilete lånt frå ivrighund.com med løyve
Dag 3 handla om kjeder. Dette er noko Junah og eg må verte flinkare med. Det handlar om å lære hunden å gå lenger utan belønning. På konkurranse får ein trossalt ikkje pølsebitar for kvar ting ein gjer. Me gjekk derfor mange forskjellige kjeder denne dagen.

Siste dag handla det om konkurransetrening, Her øvde me med mykje forstyrringa, og var ein av dei få dagane me kunne vere utandørs. Både eg og hunden var byrja verte ganske så slitne denne dagen, men me kom oss gjennom både stå, apport, nokre fellesøvingar og til slutt litt naseprøve. 

Alt i alt var det eit gjevande kurs med mykje inspirasjon og motivasjon. Me har no fått mykje å arbeide med, og mange idear til ei meir kreativ og mindre firkanta trening. No gjeld det berre å setje seg mål for framtida å trene mot det. Tusen takk til Siv for eit strålande kurs, og tusen takk til Katarina og Marta for flotte bileter av oss. Og sist, men ikkje minst ei stor takk til Hege, ein kjekk reisepartner og campingfrende. Me hadde det godt på Nidelv Camping! :-)

Dagens visdom:
It's in the wind the leaf leaps forward..
 

tirsdag 16. juli 2013

Regnversdagar..

Når veret ute er dårleg, er det fint å bruke ein del tid inne. Katten har fått mykje tid saman med hundane, og dei herjar dagen lang saman. Dei er komne over kneika no.
 Er ikkje ofte ein finn Erin i denne stillinga. Ho har ikkje tida til å slappe av sjølvsagt. Derfor var eg heldig å få ho på fanget her ein kveld.
Sjølv om ein kan styre seg begeistringa for veret må ein nesten ut med hundane på tur. Junah syns veret er supert, så ho er høgt og lavt, og våtare enn ein vaskemopp. Det med posering er ho også god på! :-)

Dagens visdom:
Regnet er en venn som gråter for seg selv..

lørdag 13. juli 2013

Kajakktur..

I går var ein av dei fyrste kveldane som verkeleg var flotte. Det var vindstille og nokolunde varmt. Er ikkje så alt for mykje av desse dagane her på desse kantar. Dermed tok eg og hundane oss ein tur med kajakk.
 Det var enkelt å ta bilete av Anja, men sidan Junah sit på hekken tek eg ikkje sjansen å snu meg å ta bilete, iallfall ikkje denne gongen sidan eg ikkje hadde sikra telefonen mot vatn. Har lyst å behalde den ei stund til.
Dagens visdom:
Sea and person in one..

tirsdag 9. juli 2013

Erin og anna..

 Laurdag var eg og Hege med hundefølge på Bekarshornet. Det var strålande sol, men ganske så varmt. Heldigvis, om ein kan kalle det det, bles det ganske så mykje. Dermed føltes det som grei temperatur, medan flugene heldt seg borte. Ein nydelig tur med kjekt følge. Her er me på vei ned gjennom Lisjedalen eller Fairlidalen. Alt etter kva du likar å kalle det.
 Ellers går dagane mykje i arbeid no. Dermed er det svært lite å skrive om her. Eg kan fokusere på det me må fokusere på her heime for tida. Tilvenning mellom hund og katt. Det kan vere litt av eit styr med to ville hundar og ein overivrig katt.
 Erin er byrja å verte utadvendt og modig. Bra er det.
 Ho er veldig sytete, og remjar for alt slag, men har sine stille perioder når ho får det som ho vil. Tøff i tryne er ho også.
No er det heldigvis byrja å gå betre mellom hund og katt, dog det er litt igjen å venne seg til på dei aktive periodene av dagen.

Dagens visdom:
Katt og hund
Aldri rolig stund..

torsdag 4. juli 2013

Nyinnflyttar..

 I går flytta eit nytt familiemedlem inn. Ein pusunge født 5. april. Ho er halvt birma, men elles som huskattar flest. Me har valt å døype henne Erin. Dette er eit japansk namn som eg har gode assosiasjonar med. Opprinneleg betyr det "wild apple", og eg reknar med at pusen vil leve opp til dette.
 Foreløpig har me ein del avgrensingar for både katt og hund. To stk siklande stupide røvere (and i quote the lion king) som gjerne skulle ha ete katt til middag. Dette håpar me sjølvsagt skal gå seg til til slutt.
Ellers er livet svært så problemfritt for vesle Erin. Ho leikar, murrar og mel alt ettersom situasjonen. Ho er veldig sytete på Ole Andreas, men til meg oppfører ho seg eigentleg ganske så behagelig i forhold til den delen. I skrivande stund prøvar ho å fange halen bak meg i sofaen, medan hundane endeleg har sovna.

Dagens visdom:
Wonders to make light..