mandag 23. mars 2015

Rallyhelg Trondheim!

Denne helga var destinasjonen nordover. Me reiste etter jobb på fredag. Dette gjer me nok ikkje igjen. Oppover tok me ferja på Festøya, kaure via Åndalsnes-Dombås-Trondheim. Me var passe trøtte etter ein trasig snøstorm over Dovre, og var framme på Sandmoen Bed & Breakfast godt over midnatt. Heldigvis var det eit flott rom med eige soverom, bad, og ei lita stove. Det var fort i seng denne kvelden.

Laurdag var det tidleg opp. I Trondheim var det kaldt, men heldigvis kom sola. Sjølve stevnet skulle vere på Klæbu, i ein ridehall. Det var heldigvis lett å finne fram. Nervane var ganske heftige medan klasse 1 gjekk. Så vart det endelig vår tur å briefe. Mange kjekke øvingar. Det letta heldigvis trykket litt.

Eg var sist i mi klasse. Junah var sånn omlag på. Ho var med, men hadde ikkje noko spesiell driv over det heile. Hadde ein veldig treig sitt, og måtte sjølvsagt bort å sjekke kva som var i matskåla på 8-tal øvinga. Totalt fekk me 193 poeng og enda som nummer fire i klasse to. Eg kunne ikkje anna enn vere nøgd med det.

Etter ein lang dag i ridehallen kaure me til IKEA og handla bamsar. Bamsane på ikea er geniale. Dei tek evig lang tid før dei vert øydelagt. Det er sjølvsagt til hundane me brukar dei. Etter ein god middag på cafen kaure me ut til kysten. Der følgte me ein populær tursti som eg ikkje hugsa navnet på. Deilig å gå litt. Så vendte me heim, og jammen kom eg meg tidleg i seng. Sandmoen har forresten gratis vafle til gjestane som ein får steike sjølv. Desse var nydelige!

Søndagen krevde ennå tidlegare oppvåkning. Då skulle nemlig stevne vere i gong klokka ni. Me var på plass i hallen i god tid. I dag hadde eg ny oppvarmingstaktikk. Gårsdagen hadde eg trent og øvd før me skulle i ringen. I dag satte eg opp eit bur i hallen og henta Junah når klasse 2 byrja. Etter å ha briefa bana mi i klasse 3 tok eg ei lita påminningsrunde på Junah. Me måtte minnast litt på korleis me skulle rygge, komme inn i front og sitt-stå-sitt. Heldigvis var favorittøvinga til Junah med; snurr under marsj. Trur det hjalp oss veldig.

Før eg passerte ringbandet lurte eg Junah med at eg hadde godbitar. Ho trudde på meg, og var heilt med heile vegen. Me hadde ein treig sitt igjen, og fekk eit trekk for skeivheit i rygginga. Den skeivheita var eg veldig usikker på. Eg var egentlig førebudd på å skulle diske. Eg er jo veldig negativ frå før, så tenkte det kunne vere greit å vere innstilt på det verste. Men me vart aldri oppropt på disk. Me vart ikkje oppropt før heilt til slutt, som vinnar av klasse 3, med direkte opprykk til elite! Eg vart litt i sjokk og overlukkeleg.

All ære til Junah for eit strålande løp! Me fekk masse premiar. Det var dei veldig gode på i Trondheim. Dette var Norsk Collieklubb avdeling Trøndelag som hadde, og eg synes arrangementet var strålande!