søndag 2. mai 2010

Med Dina på besøk! :)




I dag he Dina vore på besøk med Anja. Dette har vore stas, og mykje liv. Me byrja dagen med ein tur opp på Fossastøylen. Anja og Dina leika heile vegen opp, og var betrakteleg rolegare når me kom i hus igjen. So har dei fått vore inne nokon timar i stova å herja og slappa av om kvarandre. Prøvde også med fototaking, og ca 1 av hundre bilete var eit bra blinkskudd! ^^ Det er vel dei bileta du ser over her. Deretter gjekk turen på vegen, og ej og mamma tok kvar sin hund. Dei gjekk utrulig nok fint begge to. Etter turen vart det litt herjing her inne, og så litt soving av og til. Så kom det til det at Dina vart henta, og Anja vart sørgmodig med inn. So no vil eg tru det vert soving resten av kvelden! Anja har hatt det kjempe kjekt med besøk!

Dagens Visdom:
Like hunder, leikar best!

Ingen kommentarer: