onsdag 12. mai 2010

Ensembleleiing

Ja.. Dirigering er IKKJE rette yrket for meg. Slik er det berre. Faget er artig det, men så vimsete og ukontrollert som eg er, så er det ikkje råd å halde styr på alle stemmene. Likevel må eg berre trene mykje fram til eksamen no. Innan fredag må eg ha bestemt meg for kva repertoar eg vil ha på eksamenen min, og finne ut kva song eg skal "vise meg" med. All ære til dei som greier å bruke hendene, kroppen og ansiktuttrykk som alle forstår!^^

No er det forresten berre ei veke igjen til kvalpen min er leveringsklar. Fekk vete i dag at oppdrettarnamnet vert Sunshine in my mind. Skikkelig koselig, og oppkalt etter faren som heiter You are my sunshine. No gjeld det berre å finne eit "kjælenamn" til veslejenta. Det er eit vanskeleg val, skal trossalt rope på det i omlag 15 år framover..!

Dagens visdom:


Ingen kommentarer: