tirsdag 18. mai 2010

17. mai i år, 2010!

I år som i fjår og alle andre år, vart det 17. mai. Dagen byrja med ein snartur på fjellet for å få heise flagget på Petterbu nøyaktig klokka 08:00. Ein fin morgontur. Me måtte vere nede igjen til 09:45, for då skulle toget gå frå Løvika. Det rakk me fint. Så gjekk toget ut til Dalsfjord Kyrkje, der me spelte Gud signe vårt dyre fedreland framfor bautaen. Der vart det også haldt tale om dei som døde i krigen, og kjempa for oss i krigen. Så var det ein 17. mai Gudstjeneste i kykj etterpå.
Deretter var det rett inn på Dalsfjord skule å få sej Sodd, pølse, is og andre etande ting. Samstundes føregjekk det leikar ute. Einaste leiken eg kunne vere interessert i var sjølvsagt hesteskokasting. Eg kom meg eit stykke framover, men ikkje heilt til topps. Eg hadde eigentleg nok med å halde styr på kven som skulle kaste mot kven på dei halvvåte arka mine!

Klokka 15:00 byrja festen inne i gymsalen. Der åpna korpset med Ja, vi elsker, og deretter tre marsjar. Så fylde ei 17. mai tale, matpause med kaker og kaffi og sjølvsagt bordkonkurransar. Etter pausa var det allsong, kåring av hestesko og bordkonkurranse og henteleiken. Ein heilt grei fest.

Så avslutta me dagen med ein fotosession på plenen uttafor huset!^^

Ingen kommentarer: