søndag 9. mai 2010

8. mai, gebursdagsbarnet!


Det er litt flaut å ikkje ha rukket å legge ut dinne posten på rett dag, men det lyt berre vere. Betre med ein post for seint, ein ingen post seie berre eg. I går, altså sjølvaste frigjeringsdagen, hadde vår kjære Lisjepus gebursdag.

Lat meg fortelje litt om Lisjepus. Ho vart fødd i 1998 inne på Aksnesa. Sånn omlag 10 eller 12 veker etter fødsel vart ho henta ut hit til oss i Lisjevika. Her budde då berre en katt frå før, nemleg Gråpus (som fyller 14 i år :) ). Nokon i husstande, slett ikkje eg, fann ut at katten skulle heite Evita, for det var slikt eit fint namn. Det synes ikkje eg, så eg fortsatte berre å kalle katten Lisjepus (trass i at det er den største katten i huset).

Dagar, månedar og år gjekk, og Lisjepus har vakse opp til å verte ein fin katt, som krev mykje kos og kjærleik. Eg har hatt mine ueinigheiter med denne katten, men me greier fortsatt å bu under same tak. For å få det på reint, så er Lisjepus ikkje min katt, men Linda sin.

Så er me då komne til dagen i går. Då fylde Lisjepus, for den trente reknar, 12 år.
Gratulere med dagen!

Ingen kommentarer: