Då var nok ein gebursdag over, og eit nytt år på begynt. Tida strøymer avgarde fortare enn snøsmelte elvane som renn i fjellsidene no i desse dagar. Eg var jo nett i tenåra og synes gebursdag var det største i verda. Det er rart med det når ein kjem opp i åra, har penga sjølv, og eigentleg ikkje ynskjer seg noko, men har diverse saker og ting som ein skulle hatt bruk for. Det er sjølvsagt kjekt med gebursdag, det er jo MIN dag, og berre min. Folk er meir høflege enn vanleg, dine meiningar kjem litt meir fram for ein dag, og det er verkeleg ikkje nokon motgangsdag. Det er jo også sjølvsagt kjekt å få ei lita overrasking her, og ein pakke der. Det er litt spennande.
Men ingenting kan måle seg med barndommens gebursdagar. Det var alltid noko ein ønska seg som ein ikkje fekk tak i sjølv. På mi liste stod det som regel: Hest, hund, fugl, kanin, katt (og alle andre dyr), og så diverse leiker, spel, cd'ar, filmar eller figurar som eg hadde sikla etter i fleire århundre. Som regel dukka det alltid opp eit eller anna frå lista, og dagen var sjølvsagt redda. Hesten dukka heldigvis, ja eg seier heldigvis, ikkje opp. Så rundt ein alder av 13-14 gav eg nok opp hesten og la meg meir på hund. Som noko gava kom den aldri, men den vart trumfa gjennom på eiga hand.
I dag var det som gebursdagar har vorte når ein kjem over den barnslige grensa si. Ein får pakkar som ein er veldig takknemlege for, ting som ein treng, ting som er kjekke å ha, ting ein vert glad for. Eigentleg ønskte ein seg ingenting spesielt, så ein er mest overraska over kva folk greier å finne på. Men eg er meget takknemleg for den merksemda folk gjev meg med desse gåvene. Med mamma fekk eg gamasjar, ukulele og fleece jakke, med Stein Jarle og Linda fekk eg meg hørselsvern med radio og mp3, frå Eva og Knut fekk eg ei hundebok og ein topp, Heidi gav meg handukar, Ole Andreas gav meg rulleskeisse, Mario Wii, haudepute og kake, med Marit fekk eg Cubus klede og med Trude fekk eg såpebobler, ballongar, sprettball og magnetar. Folk er så alt for snille, og eg greier nok ikkje å vise kor takknemleg eg faktisk er for alt dette! :)

Nok ein gebursdag er over, og eg føler ingen forskjell. Eg er eit år eldre, eit års erfaring rikare, og eg satsar på der kjem fleire gebursdagar som er like forskjellige for kvar gong! :)
Dagens visdom:
Alderen er berre eit tal..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar