I dag, medan eg stod å venta på ferja, såg eg ei kobbeglye nedom i sjøe, under lemen. Dette tenkte eg var ei fin ting å sette på facebookstatus, så når eg kom på ferja oppdaterte eg med "såg nettopp ei kobbeglye, då e d sommar i sjøen!^^". Då fekk eg spørsmål om kva det er for noko. Derfor skal eg no lage ei kort forklaring på bloggen min om dette.
Kobbeglye/Gople:
Dette er dei to sortane me har her i fjordne iallfall. No har ikkje eg sånn super peiling på manetar, men der er forskjellige versjonar av desse to, der er nokon som har andre fargar men samme form. Anar ikkje om det er ein eigen art. Me har også slike bittesmå greier som ein knapt kan kalle noko som helst, men sidan ein ikkje bryr seg så hardt med dei, så tek eg dei ikkje med her.
Eg brukar å kalle brennmaneten kobbeglye, og glassmaneten for glasmanet. Mange brukar gople for begge, og mange brukar kobbeglye for begge. Ikkje veit eg kva som er rett, men eg veit iallfall kva det er snakk om!
Dagens visdom:
Anita's just for you ordbok!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar