onsdag 2. januar 2013

Røff start på året..

 Fyrste nyårsdag starta med telefon til veterinærvakta. Rebus (eller Eris som mamma har kalla han) hadde vorte mykje dårligare over natta. Det var nyårsafta me byrja merke noko på han. Han var slapp, delvis lam i bakføta, blod frå munnen, sår i munnen og ekstremt redusert tilstand. Dette var seint nyårsafta. Dermed vart det fyrste eg gjor tysdags morgon å reise til dyrlegen. 

Ho sjekka nøye munn og kropp og fann til slutt ut at blæra var veldig full, og at der var urinstein som blokkerte. Ho fekk tøme blæra, der var mykje blod. Stakkars pusen hadde det ikkje godt, men me vart sendt heim med smertestillande, antibiotika og i tillegg hadde ho væske under huda hans.
Rebus vart dårlegare utover kvelden og i dag tidleg var han borte. Han vart berre 1 år gammal, og hadde so mykje meir han skulle oppleve. Det var trist at han ikkje greidde seg, og enda verre å sitte tilbake med følelsen av at ein burde gjort meir. No er det berre Yuki attende. Han kjem mest sannsynleg til å verte verande. No trur eg ikkje det vert fleire fosterkattar på meg på ei stund.

Kvil i fred, Rebus!

Ingen kommentarer: