søndag 1. juli 2012

Den kjipe delen av sumaren..

 Denne veka, og to veker til skal eg arbeide seks dagar i veka. Derfor vert det ikkje så mykje anna spennande å snakke om. Likevel har eg opplevd andre ting, det har jo alltid med prioritering og gjere. Ovanfor kan du sjå bilete av favorittisen min akkurat no. Den fann eg i Tyrkia, og no finn eg den på Løvikbuda!! :D
 Torsdag kveld var eg i Ørsta i Hamneparken og haure på Hellbillies. Det var ein fin konsert, men dei er byrja verte litt gamle. Litt som Eagles kan en vel seie. Men synge og spele kan dei nå iallfall.
 Veret har vore fint denne veka. Stein Jarle kom til og med og henta meg med båt frå arbeid i går kveld. Kjekt var det, så slapp eg å vente på halv ti ferja. Eg håpar at det vert finever når eg går ut i ferie også.
Mellom arbeidsøktene arbeidar eg med å få denne kjella klar for neste helg. Då skal me på vår fyrste utstilling, på Vestnes. Her er bilete av ho frå i dag då ho var nybada. I tillegg har Stein Jarle og Jørund vore so kjekke dei har stillt til teneste og hjulpe å trene på å bli berørt. 

Dagens visdom:
Gå å legg dej før d verte for seint..
 

Ingen kommentarer: