tirsdag 31. juli 2012

Nok ein liten ferietur..

 I helga var eg, saman med Ole Andreas og Sindre, til Lillehammer på Vag-treff. Der var mykje lekre bilar å sjå på, men veret var meget feil. Me vandra rundt med paraply og kika på dei forskjellige bilane. I tilegg var det på mark, så skoa var heller ikkje så tørre. Likevel var det ein viss sjarm over det heile. Hadde desverre ikkje med kamera på treffet, så de får heller nyte vakre duebileter av meg. Det er Osloduer, berre så det ikkje vert eit problem. Forøvrig er det fyrste gong eg har besøkt Lillehammer sentrum. Trudde det var mindre, men var skuffa over at det ikkje var større. MEN dei hadde kino, og me fekk sett oss gjennom Spider-man. Var ikkje so verst den, så takk for kinobiletten Sindre!
Sjølv om biltreff var hovudårsaka til turen fekk me oppleve ein del andre ting. Me fekk til dømes tatt oss ein tur til Sverige på søndagen. I tilegg har me ete mykje god mat på mellom anna Big Horn, Egon og Peppes. Er ikkje tull når ein er på tur, så takk for maten Ole Andreas! Var faktisk litt fasinerande å vere i Lillehammer under OL opninga. Der var så mykje OL rundt oss frå før, liksom.
 Mandagen vandra me rundt på Karl Johann for å ta eit siste innkjøp før heimturen. Her ser du det glade reisefylgje. Dei veit det ikkje sjølv, men det var morosamt å reise saman med dei. Syns iallflal eg. Kanskje eg var det sorte får?
Nemnte eg det at me budde på Plaza? Det skal liksom vere eit slikt svært og super bra hotell. Ja, dei hadde isbit maskin, ja, dei hadde basseng, men det svarte liksom ikkje heilt til forventinga likevel. Noko var feil. Bassenge var for lite og frukostbufeen var skuffande. Dei hadde nå ikkje bacon. Krise sa gutane, eg var heller her; dei hadde ikkje pannekaker. Det er mykje ein forventar når ein betalar so pass for ei natt inkludert frukost.

Dagens visdom:
Dei var alle samde om at det var ein gild tur!

Ingen kommentarer: