søndag 8. juli 2012

Vår fyrste utstilling..

 Det var ein småkald og regnvåt dag på Vestnes. Ovanfor ser du bilete av Unghund Tispe klassa. Me var i alt fire i denne klassa. Junah einaste tric, men det spelar jo inga rolle! :)
 Her får dommar Helge Lie fyrsteinntrykket på Junah. Ho var heilt eksemplarisk og stilte seg fint når ho skulle, og sprang når ho skulle. Kan ikkje klage noko på hennar oppførsel i dag.
 Her spring me av garde, for fyrste gong i livet vårt. Ei spennande oppleving, og me kan no krysse av hundeutstilling på "things-to-do" lista.
 "Snart 2 år, tricolor. God type, kunne vært en anelse mindre. Bra mørke øyne. Ganske bra ører, ørestilling. Korrekte tenner, bitt. Bra uttrykk, kjønnspreg. Bra front, bra kroppsproporsjon. Velvinklet bakbein. Meget bra pels. Godt temperament. Beveger seg og viser seg bra."
Resultatet var "Very Good", og 4. plass.
Junah er jo verdas beste hund uansett sjølvsagt, men størrelsen trekk ho ned i det offentlege. Likevel skal ein ikkje sjå vekk frå at me prøvar oss igjen ein gong. Kanskje ikkje for ein sheltie spesialdommar, men for ein litt meir generell ein. Det var alt i alt ein god opplevelse, og me takkar og prisar oss for dei som har hjulpe oss på vegen dit. Takka vere dei vart dette ein trygg og ei god oppleving både uttafor og i ringen.

Dagens visdom:
Skjønnhet kommer innenfra..

Ingen kommentarer: