onsdag 25. juli 2012

Ein solskinnsdag..

 Endeleg kom fineveret til Sunnmøre. Då var det på tide å gå ein liten tur på støylen. Sjølvsagt litt arbeid på butikken fyrst, men greit når det er snakk om få timar. Her er forresten den nye velkomstkomiteen.
 I denne varmen krev hundane eit bad. Her utforskar Junah botnen.
 Anja er som vanleg i treningsmodus!
 Men bade og kjøle seg må ein gjere..
 Seier meg svært nøgd med dette badebildet. Har også byrja utforske HDR bileter i dag, døme på dette skal de få sjå etterkvart. Har til dømes tatt nokre for desse gutane i dag.
Me grilla, sikkert for fyrste gong i år. Kjekkast av alt var at gutane rydda opp! :-)

Dagens visdom:
Ikkje undervurder solstrålen i livet ditt..

Ingen kommentarer: