søndag 15. juli 2012

Hakallegarden og Sandviksanden..

 Fyrste som slo meg når me kom fram, var at denne Hakallegarden var eit mykje større konsept enn eg hadde trudd. Der aula av folk (og dyr for den del). Det som var mest fasinerande var kor alle dyra hadde tilpassa seg folkemengda. Det spelte liksom ikkje noke rolle for dei at der aula av unga og foreldre. Alpakka er forresten ein fasinerande dyr.
 På garden var der en stor fjøs. Oppe var det kafe, under var der nokre få dyr. Der låg mellom anna ei lita grisepurke med tre unga. Så var der nokre fuglar, og ei korg til alle kattungane. Kattungane florerte overalt i henda på håpfulle ungar. Dei andre dyra var ute i forskjellige innhengingar. Der var mellom anna kaniner, høner, påfugl, kalkun, andre type fuglar, høgfjellsfe, geiter, sauer, hundar, karttar osv. Der for også nokre esel lause og trakka, og så var der sjølvsagt riding for ungane. Det såg ut til å vere meget populært.
 Der var to hundar på tunet, ein stor berner sennen, og noko som likna på ein diger vannhund eller noko sånt. To hannhundar som var meget interessert i alle hundane som tok turen. Really syns han her bamsen var litt for impåsleten. Really syns også hønene var litt skumle.
 Medan ungane og dei tilhøyrande aldri vart leide av å kike nede på garden, gjekk eg ein tur med mine to troll. Me fann ein nydeleg traktorsti som gjekk oppgjennom fjellet der. Me fann oss ei elv å bade i, og traff på esela, som brått var komne lenger opp i markane.
 Rett ned om besøksgarden ligg Sandvikssanden. Det var rett nok ikkje badetemperatur for folk, men der var to hundar som tykte det var akkurat perfekt til å rote i sand og bade i bølger.
 Dette bilete viser sekundet før ei bølge bløyter både hunderomper og meg. Syns eg kunne høyre bror min i det fjerne "pass deg", men pytt pytt. Kva gjer ein ikkje for å fange eit augneblink?
Gruppebilete.. Treng eg seie meir?

Dagens visdom:
Kva var vel livet utan dyr..?

Ingen kommentarer: