mandag 23. mai 2011

Slutten på ein vakker Melodi..

14. mai 2007 kom fire kattungar til verda. Den eine var ein stripete kar, som no er døypt Titt, den andre var ei oransje langhåra jente, med namnet Sarafina, den tredje var ei grå, brun og kvit jente med namnet Melodi, og til slutt den vesle oransje, halelause Midna. Alle kattungane fekk heimar i Dalsfjorden, og Melodi og Sarafina flytta saman. Etter ei stund måtte desse to flytte litt lenger ut i bygda. Sarafina fann seg fort til rette, men Melodi gjor ikkje. Ho byrja å gå heim, til sin fyrste heim. Etter å ha prøvd eit år med å køyre ho utover, bestemte me det var best ho berre fekk bu inne i Pettergarden. Det var tydelig det var det ho også ville.

Sjølv om ho var tynn etter å ha vandra slik, vart ho fort ein god og rund innekatt. Ho stortrivst å få vere inne å sove, og elska når folk ville ha ho på fang. Ho mol som ein traktor, og sette klørne djupt inn i låra dine. For 3-4 veker sidan vart ho derimot sjuk. Me var til dyrlegen, og ho fekk konstantert mageinfeksjon. No flytta me ho ut til oss. Ikkje ville ho ete, og ho kasta berre opp. Me gav ho næring, og starta medisin. Katten vart ikkje betre, og me prøvde å skifte medisinering. Ho hadde nokre oppturar der ho smakte på mat, men i dag vart alt verre. Katten fekk krampeanfall, og byrja hyperventilere. Me kom oss så fort me kunne til dyrlegen, og me vart alle einige om at avliving var det beste. Ho kjempa ein hard kamp, no skal ho sleppe meir. No jaktar nok Melodi på dei evige jaktmarker.

Kvil i fred, Melodi!

Ingen kommentarer: