mandag 9. mai 2011

Mai, den skjønne, milde..

I dag har det vore varmt. Då snakkar eg om type 25,9 grader celsius. Ein sjeldan temperatur i mai månad om du spør meg, men eg klagar ikkje, på nokon måte. Denne dagen har dermed bydd på diverse aktivitetar. Plenen har iallfall fått sin fyrste klipp i dag..
Medan me alle var ute å kosa oss i varmen, låg pasienten vår igjen innandørs. Der hadde ho bolta seg rundt på heile stova aleine, og funne ut at hundesenga var beste sovestad. Me satsar på at Melodi skal verte frisk igjen snart!
Dono og Anja er ikkje heilt på rekkevidde ennå. Dei har sine ueinigheiter, men mest trur eg dei driv å plagar kvarandre med vilje. Når Anja endeleg la seg ned og la land, kom Dono å skulle yppe ho opp att.
Etter eg klipte plenen kom Sandra ein tur på besøk. Me pumpa opp gummibåten å tok oss en liten rotur. På denne drog me med oss Anja og Junah. Greit nok det, men Junah vagla på kanten å datt ut i sjøen heile 3 gongar (fyrste gongane ho har symd i sjøen), medan Anja hoppa ut i frivillig då ho såg ein fisk som for å symde rundt oss. Etter å ha drege ho opp att i gummibåten, såg ho fisken atter ein gong, og hoppa etter den igjen. Denne gongen lot me ho berre symje til land. Var veldig rar denne fisken ho ville ta. Ein ganske stor fisk, likna litt på ei hyse, men det var ikkje det. Den dreiv å symde sidelengs oppe i havoverflata. Var ikkje vellykka fiske av Anja dog.
Etter eit sjøbad var naturlegvis hundane våte, og dei måtte skyllast i ferskvatn. Junah skyller seg sjølv stadig og støtt i bassenge sitt, men Anja måtte me ta "manuelt". Dono skal sjølvsagt vandre rundt om på kantane av desse bassenga, eller gå i veia når hundane ristar seg, så dermed var han også våt. Her har Junah og Dono ein liten fellesvask.
Anja ville også vere med på vasken, men ho var ikkje invitert.
Kanskje på andre sida?
Medan Dono brukte tid på vasking, satte eg og Sandra opp trampolina. Var nok på høg tid den fekk sjå dagens lys. Kjekk å ha når ein får eit hoppeføre.
Her studerar Dono Junah som skal plaske litt.
Slik ser ein litt sliten og våt sheltie ut. Beste beskrivelsen er at pelsen er heilt kreppa. Ho ser ut som ei 14 år gammal jente som har gått gal med ei krepptang.
Sommaridyll..Og når sola går ned, då vaknar udyret..

Dagens visdom:
You're hot and you're cold..

Ingen kommentarer: