tirsdag 17. mai 2011

17. mai, 2011..

Så var festen over for denne gangen. Dagen starta på Busslomma i Dravlausbygda klokka kvart på ti. Der stilte me opp, og marsjerte oss ut til kyrkja. Der hadde Per Steinsvik ei kort tale ved bautaen, før me alle samlast i kyrkja saman med Svein Kvamsdal.
Etter kyrkje gjekk turen ut til Lauvstad, nærmare bestemt Sætre Bedehus. Der stilte me nok ein gong opp, for så å marsjere ut gjennom bygda der ute. Veret vart egentlig verre og verre etter som dagen gjekk. Kaldt og vått. Ut ved Ulvestad Skule spelte me Ja, Vi elsker, og Joy Sætre hadde ein god apell.
Så kom ein til mattid. Dei selde rjomegraut, pølser og anna godteri i kioskane. Køa var lang, og det var utruleg folksomt, men me fann oss noken stola i gangen (ved god hjelp av herr Sætre). Etter å ha prata litt med folk, og ete nok mat, kaure me inn att til vår kjære heimbygd.
Der tok me ein photoshoot saman med hundane, som ikkje synes det var kult å vere heime medan me var ute å farta. Derfor var dei utruleg energifulle når me endelig tok dei med ut.
Av tusen bileter vart jo noken få bra iallfall. Dei er ikkje så gode å koordinere desse her jentungane seie eg dykk berre..
Deretter gjekk turen ut på Dravlaus bedehus. Her var det 17. mai fest. Her song me songar, Marit leste dikt, Gunhild song nokre viser, der var bordkonkurranse, og ståande "bufè".
Året i år var veldig annleis sidan me ikkje kunne ha det på skulen vår, men det fungerte nokolunde likevel!
Dagens visdom:
Det kan so vere, det er slik laga
me veit sørvesten han høyre med
Me veit han held ut i mange daga
men etterpå, du kor fint det er!

Ingen kommentarer: