søndag 17. april 2011

På helgetur til Storefjell!

Fredag sette me avgarde mot Gol, og høgfjellshotellet Storefjell Resorts. Eg, Ole Andreas, mamma og Stein Jarle, med to hundar i baksetet. Turen ned vart litt lang, då me stoppa ein del. Derfor var det veldig godt å kome fram. Der var det ingen tvil om kven som skulle ha sofaen på rommet iallfall!
På hotellet møtte me Eva, Knut og Petter. I tillegg var der noko vennar og slekt av den vesle familien Løvik Mikalsen. Eg og Ole Andreas budde avsides i forhold til dei andre. Dette var vel mest sannsynleg fordi me hadde hunderom med egen inngang. Rommet var fint. God plass, og boblebad på badet er ikkje å klage på. Det som derimot var dumt, var at det var mykje trafikk (i form av folk) uttafor glaset vårt både dag og natt. Med to hundar som var på vakt var ikkje dette veldig praktisk. Ein annan ting som ikkje var praktisk, var at Junah ikkje takla vere på hotellrommet aleine med Anja. Så når me skulle å ha oss mat, måtte begge hundane stå ute i bilen for at dei skulle vere stille.
Det var skuffande lite snø på fjellet. Trekka var ikkje noko å satse på. Dette var dumt for Ole Andreas som berre hadde "nedoverski". Me andre som hadde med "bortoverski" hadde derimot lukka med oss. Løypene inn gjennom vidda var flotte. Bra med snø, og godt føre. Meir kan ein ikkje krevje. Laurdag gjekk eg med Anja, medan mamma tok med Junah. Dette var fyrste gong Junah såg ski, men det gjekk overraskande bra for ho. Ho hadde ingen problem med å springe ved sidan av, og halde avstand frå skia.Der var endelaust med moglegheiter. Kilometer på kilometer med skiløyper i alle retningar. Heldigvis var alt skilta, og merka med forskjellige bokstavar. Til dømes gjekk me frå S1-S8. Eit greit system å fylgje, men eg sakna skilt som sa kva retning du måtte gå for å komme til dei forskjellige punkta. Ein ting som derimot var veldig nøyaktig merka var namn på stadane. Sidan eg og mitt var langt frå lokalkjente, var det greit å få hjelp på eit av kryssa med ei hyggelig dame med to Border colliar. Søndag gjekk eg og Anja ein tur aleine, då eg ikkje såg mitt syn med to hundar på ski. Er meir enn nok å drage inn ein hund når ein møter folk i løypene, om eg ikkje skulle hatt ei lita vimse ved sidan av. Derfor fekk Junah vere igjen på hotelle saman med mamma. Anja var sjølvsagt meget fornøgd med å vere med, så ho drog og sprang av hjartans lyst i dag. Var herlig å sjå ho kunne ha litt køyreglede ho også. Ein ting eg vart glad, og imponert over å sjå, var ein mann som kom på ski med ein husky som gjekk laus. Huskyen hadde ingen interesse for verken folk eller hundar rundt seg, den berre sprang dit den skulle saman med eigaren sin. Er så kjekt når folk har kontroll på hundane sine. Eg kunne aldri sluppet Anja. Hadde vore over alle hauar ho då.
Eg synes denne skyformasjonen var litt morosam. Her skimtar du den endelause vidda. Det var nydelig å gå der. Skulle ynskje me hadde slike vidder her på sunnmøre også. Er berre opp og ned over alt her.
Måtte ta nokon bileter av Anja i dag, sidan me tok så få bileter i går. Vart liksom aldri tatt fram det kamera. Trur ikkje der er mange bileter totalt frå helgja. Medan eg er inne på det, så kan eg fortelle at Vassendgutane hadde konsert på hotellet laurdag. Dette resulterte i mykje bråk på natta. Dermed har det vorte ytterst lite søvn på meg, og ikkje minst hundane. No er me alle dautrøtte!
Her sit me å ser på dei som badar i utandørs boblebad. Det var då eg tok dette bilete eg merka at der var så mykje blod overalt på platten. Det var ingen andre enn Anja det. Ho har kløyvd eine kloa på frampoten, og fossblødde der og då. Om du ser nærmare på den kvite labben, ser du at kloa heilt til venstre står heilt feil veg. Då var det fram med fyrstehjelpspakken. Me stoppa blødning, og bandasjerte labben. I tillegg hadde me potesokk på. Ho skal nemleg ikkje slikke såret. I morga fer me til vetrinær og får ordna bort den kløyvde delen. Stakkars Anja. No vert det rolig tid inne og antibiotika atter ein gong. Verste er at det skulle skje no til påske. Synes ho har vore enormt uheldig dette året......

Dagens visdom:
Jeg snører min sekk,
og spenner mine ski..

Ingen kommentarer: