søndag 10. april 2011

Junah på fjellet for fyrste gong!

Junah var glad og fornøgd,
og ikkje minst nyskjerrig på sin fyrste tur til Fossastøylen!
"Stamkarane" fekk ho også møte på toppen, så det vart både sosialisering
og fjelltur i eitt denne gongen!
Det som var kjekt i hytta var å tygge på ALLE vedaskider, og fliser..
Enda meir interessant var det sjølvsagt når Stein Jarle skulle ete mat.
Dette måtte ho få med seg. Var ikkje heilt borte vekk Anja heller då.
God blest, men det bryr ikkje denne pelsen seg om. No ligg Anja i senga si å snorkar, og Junah har slåkna i stolen ved sidan av meg. Me var alle samde om at det var ein gild tur!

Dagens visdom:

Du er ikkje framme før kaffien kokar..

Ingen kommentarer: