mandag 18. april 2011

Atter ein nyinnflyttar!

I dag flytta ein liten birmagutt inn til oss. Han heiter frå oppdrettet sitt Dono Dare, me kallar han foreløpig berre Dono. Dette er mamma sin katt, så veit ikkje kva han skal kallast, men Dono er kult det synes eg. Han var ørsting, og budde med Siw Lødemel, som driv NO*Ped Alba, som er oppdrett av Hellig Birma. Koselig familie han har budd med, me er takknemlig de ville la han flytte hit!
Foreløpig synes Dono det er kjekkast å ligge på fanget å sove. Dette er ein ordentlig kosegutt. Han synes Junah er litt skummel når ho kjem springande, men dette får me håpe går seg til etterkvart som me greier å roe ned Junah. Anja er fortsatt litt smådopa etter dyrlegen i dag, så ho har ikkje brydd seg noko om han. Me gleder oss til å følge med oppveksten til Dono, så får me håpe det vert katt av han også! De vil nok sjå mykje meir av han!

Dagens visdom:
Mjau..

Ingen kommentarer: