mandag 4. april 2011

Gode hundevenar!

Eg og hundane har nokon faste hundevennar som me brukar å treffe og ha det kjekt saman med. Tenkte eg skulle lage ei kort presentasjon av dei fire som me har sett mest av den siste tida.Fyrst og fremst har me Dina. Dette er søstera til Anja. Ei herlig jente med mykje motor. Forhistoria hennar fram til 4 mnd innebar ein del flytting, men etter at me fekk plassert ho ut med Jorunn har ho verkeleg komt til drømmeheimen. Der bur Dina saman med ei familie som verdsette ho høgt. Ei lykkeleg jente dette. Me er også så heldige at me får treffe ho ofte, og dette sett både Anja og Junah pris på. Anja og Dina har vel alltid kjent kvarandre.
Har ikkje så mange bilder av Ronja, men fann dette. Ronja er samme årsmodell som Anja. Ho er født 15. mars om eg ikkje tek heilt feil. Blanding mellom Border Collie og Dachs gjer at ho har ei litt morsom form. Ho brukar av og til å vere her med oss når matmor Hilde er på arbeid på butikken. Så har ho også vore med oss på fjellet nokon gongar. Kjekt med litt ekstra selskap. Ronja er veldig glad i folk, men kan verte litt irritert om Anja er veldig plagsom.
Maya er verdens kjekkaste mops. Ingen over (bortsett frå Anja på bilete), og ingen under. Ho brukar å kome på besøk dann og vann. Dette fungerar kjempe fint, men Anja og Junah synes ho vert litt kjedelig i lengda då ho ikkje har fullt same sprett som dei likar å leike med. Det er søskenbarnet mitt, Karin, som eig denne jenta. Maya er alltid med når der kjem besøk frå Sykkylven, og det setter me stor pris på!Sist, men slett ikkje minst, har me Chiko. Han er same årsmodell som Junah, nærmare bestemt i mai ein gong. Trur Trond ymta om den 22. mai. Trond og Lone er eigarane, og me har satt pris på å få litt av Chiko inn i livet vårt. Han er blanding mellom Border Collie og Sheltie. Størrelsen er type stor, så er ikkje mykje sheltie som viser igjen der iallfall, men han har ei nydelig kroppsbygning. Ein verdig kavaler, sjølv om Anja synes han er litt slitsom som heile tida skal slikke ho bak. Sånn er det med desse gutane!

Der er sjølvsagt mange fleire hundar som er sentrale i livet til Anja og Junah. Eg kan nemne til dømes gamlegutten Tass, sheltiegutten Trico, border collien Lucky, Schæfer/Rottweiler gutten Shadow, phalenegutten Adrian og alle dei som eg ikkje kjem på i farta, som me likevel sett pris på å kjenne. Det er kjekt å ha hundar som me veit fungerar saman med jentene mine!

Dagens visdom:
Ti hundar laust på jordet
er betre enn ein i band..

Ingen kommentarer: