torsdag 28. april 2011

Dono og gjengen!

Her møter Dono Oskar, BitteLita og Lisjepus. Dette var kjempe skummelt. Han skalv når eg bar han opp att. Samstundes var det nok litt spennande også!
(trykk på bilete for å få det større)
Ett hårstrekk er perfekt leike. I tillegg har eg kjøpt badebasseng av hardplast til hundane. Dono synes det var utruleg stas å leike i den eine delen som eg ikkje hadde vatn i!
Det var litt spennande med vatten på den andre sida også!
Kulast var det likevel der det var tørt!
Etterkvart byrja Junah å sprute så mykje vatn rundt seg i andre enden,
så Dono gav opp å leike i tørre delen. Det kan ein tydeleg sjå på dette bilete.
Ho bløytte ein god radius rundt seg for å seie det slik.
Då fann han seg ei hundeskål med vatn..
Her er linselusa som berre gjekk i veia når eg prøvde å ta bilete av kaninene og Dono. Mange bileter har dermed berre mykje pels, og lite anna interessant.
Eg vil ta med eit bilete av Kalle.
Dette fordi eg tykkjer han ser ut som en panda.Heilt til slutt eit sjarmbilete av min vakre Junah, og snuten til Anja!

Dagens visdom:
Alle gode dyr er våte..

Ingen kommentarer: