onsdag 27. april 2011

Anja 3 år, Junah 8 mnd!

ka i..?
Anja ser ganske forlegen ut her altså...
Berre oversjå kamera du!!

Makta e byrja jamne sej her ja!!
Heilt nydelige tenne på disse to kjellene altså!

I dag er den vesle Anja min heile tre år. Tida går så inderlig fort. Synes ho nettopp flytta hit eg. Ho kom til oss på jonsokafta i 2008. Liten og søt. Jammen vaks ho fort opp. Ho var som ein turbo når ho var lita, og enda kan eg møte folk som seier: "Neimen kor roleg Anja har blitt, sånn var ho ikkje før", eller "er ho sjuk, ho er så roleg?". Ting har forandra seg, men inni hovudet er Anja egentlig berre unghund på halvåret ennå. Ho elskar å vere barnslig. Denne hunden veks nok aldri opp, og det er eg glad for. Gratulere så mykje med dagen din i dag, min kjære Anja!
Desverre må Anja dele dagen sin, med Junah sin 8 mnd dag. Det må vere litt kjipt, men so snart Junah er over året, er det ikkje mnd so feirast lenger, og då går også denne krasjen bort. Junah har også vakse fort, men oppføre seg vaksent må eg nok sjå lenge etter. Ein skal vel vere glade so lenge dei er små. I dag skal Junah på sin fyrste dag på kvalpe og unghund kurs. Det vert nok veldig spennande!

Dagens visdom:
Når leiken er god, er allting godt!

Ingen kommentarer: